Sider

mandag 28. februar 2011

Enda ei..........

Tør nesten ikkje seie det høgt en gang, får kviskre, her komme enda ei heklahue ;-) Syns dei er så artige å hekle, går veldig fort og resultatet blir bra. Perfekt handarbeid å ha liggande, ein kan begynne å stoppe når som helst uten å komme utav det. I løpet av ein dag sitte eg mykje på gulvet å leike med min søte prins, men det hender av og til at han leike fint aleine. Då hive eg meg over ei hue. Når eg då må hive det fra meg, fordi han finne på noko "lurt", må redde han fra å dette, redde ein pynteting fra eit liv i deler eller han er lei av å leike aleine, går det heilt fint. Ingen ting som rakne, ingen telling å komme utav eller vanskelige mønster å huske. Rett og slett eit perfekt pause arbeid. Så det blir nok sikkert ikkje siste hua dåke ser her inne :-/

Under ser de nærbilde av hua, litt meir riktige farga enn på dei andre bildene. Burde såklart ta bilde om dagen i dagslys uten blits, men og dette er et stort men. Då føler eg at tida ikkje strekke til, med prinsen min, skulearbeid (studere vernepleien på deltid), forberede leiligheta til salg (skal flytte i hus i mai), ellers div ein må gjere i løpet av en dag (les: klesvask (haugen blir aldri tom, div rydding, lage middag, barseltreff, babysang/leikegruppe, babysvømming osv..) Hektisk å vere husmor, men vanvittig koslig. Nyte kvart eit sekund. Eller iallefall 99 % av sekunda.






Tenke nok at denne hua også komme i eplabutikken min. (Må berre ta nye bilder, fargane vart så feil.) Trykk her så kjem du direkte inn. Perfekte?? små gaver til deg eller nokon du vil glede. 100 % heimelaga :-)
Takk for alle koslige kommentare :-) Blir veldig glad for kvar einaste ein :-)

søndag 27. februar 2011

Eplabutikk

Då har eg endelig fått ordna meg eplabutikk, har tenkt på det lenge, men tida strekker ikkje alltid til. I butikken vil eg legge ut handlaga ting, stort sett strikka eller hekla. Trykk her så kjem du direkte til butikken min. Velkommen skal du vere, og håper du finne noko du liker. Litt tomt i "hyllene" enda, men kjem meir etterkvart så berre å kikke innom ofte ;-) Ha ein fin kveld.

Hals

Endelig ferdig med en ufo. Dette skjerfet begynte eg på for leeeenge siden, faktisk har det vore ferdig lenge og, kun mangla festing av tråa :-/ Litt av grunnen til at det har blitt liggande var at eg ikkje syns det vart noko spesielt fint skjerf, men i dag kom eg på en ide :-) Kvifor ikkje sy sammen endane og lage ein hals? Som tenkt som gjort, under ser dåke halsen. Kjempe fornøgd rett og slett. Varm, god og mjuk, akkurat som ein hals skal vere.







Halsen er ca 75 cm lang og derfor lang nok til å ta to ganga rundt halsen.


Halsen er strikka med kun rettmasker.



Håpe alle har hatt ei kjempe fin helg, det har eg :-)
Legg gjerne igjen ein kommentar.
Posted by Picasa

lørdag 26. februar 2011

Blogglotteri hos Quiltefia

Quiltefia er ei kreativ dame som lagar utruleg mykje fint, no har ho blogglotteri. Heile fem premiar, der den eine er flott garn, fristen for å vere med er i morgon så hiv deg rundt :-) (Det har eg gjort) Trykk her så komme du direkte inn på lotteriet hennar.

fredag 25. februar 2011

Heklahue


Enda ei heklahue, denne gangen i str 8 til 11 mnd ca, varierer litt etter kor stort/lite hovudet er. Denne passer iallefall akkurat til Theo som er ca 10 1/2 mnd. Også denne gangen har eg brukt 100 % ull, merket drops eskimo :-) Er veldig glad i drops sine garntypar og mønster. Utgangspunktet for denne hua er dette mønsteret, men har gjort nokon forandringar.








Prinsen min er blitt ganske så vand med å bli tatt bilde av, tør ikkje seie kor mange eg har tatt, så han smiler og poserer kvar gang kameraet kjem fram.






Kjekt å gjere seg til for kameraet :-)
Strikkadressen han har på seg er det hans farmor som har strikka. Den er berre utruleg fin, og ikkje minst varm og god.
God helg, legg gjerne igjen ein kommentar :-)
Posted by Picasa

Award



Eg har fått en award :-) Den kom fra Ingrid, ta ein titt på sia hennar her.

Eg fikk også 7 spørsmål eg skulle svare på:


1.Ta opp nærmeste bok og slå opp på side 18, linje 4. Kva står det der?


"Rollen som profesjonsutøver innebærer en forplitelse til å gjøre vårt beste for å nå målene for sosial- og helsefaglig arbeid og til å etterleve profesjonens yrkesetiske mål om å møte menneskers behov, femme likeverd og respekt, og bidra til at den andre får brukt sine ressurser bedre." (For den som lurte, så studerer eg vernepleie på deltid, og held på å skrive ei eksamensoppgave.)


2.Kva er det siste du såg på tv?


God Morgen Norge, fast kvar morgon :-)


3. Bortsett fra datamaskina, kva høyrer du no?


Stillhet, prinsen sover og mannen er på jobb.


4. Når var du sist ute og kva gjorde du då?


For ca en time siden, eg og prinsen var på leikegruppe/kaffikos i Rossabø kirka.


5. Kva har du på deg no?


Bukse, genser og cardigan.


6. Kva var den siste filmen du såg?


Black swan. Ikkje ofte eg er på kino, men i går hadde min mann bursdag. Viste ikkje kva eg skulle gi i gave, derfor ordna eg bord på restaurant med tre retters middag og billettar til kino. Theos besteforeldre var barnevakt. Ein kjempe fin kveld og kinoen kan absolutt anbefalast :-)


7. Skulle du overveie å flytte til utlandet?


Nei, like meg god i Norge.


Så skulle eg utfordre 7 andre bloggara :-) Det vart:








Vel viss nokon har telt og berre komme til 6 bloggar, er det heilt riktig. Årsaken er nemlig at ei eg syns fortjener award, hadde ikkje lyst på den, så då vart det berre 6.


God helg alle sammen :-)

onsdag 23. februar 2011

Hekla babyhue





Har lage ein ny hue, denne gangen i barnestørrese. Den var akkurat passe til Theo, så 6 - 10 mnd i str trur eg. Hua skulle vere til ei litt større jente, men ....... noko gikk feil. Vel vel, ikkje så farlig, eg finn nok ein eigar til denne hua og. Varm og god er den iallefall, i 100 % ull.
Ha ein fin onsdag:-)

Posted by Picasa

mandag 21. februar 2011

Hekla babyhue



Såg ei kjempe fin hekla babyhue her en dag, og hadde lyst å lage ei slik til Theo. Siden eg ikkje hadde oppskrift måtte eg lage den sjølv, syns det gikk fint, forma vart akkurat som eg ville. Kun eit lite minus, den var litt liten til Theo, så må nok lage ei til :-) Trur str på denne hua vart ca 6 mnd. Siden eg ikkje kan bruke den så er den til salgs for 75 kr (om eg skal sende den kjem 10 kr i frakt i tillegg)
Hua er hekla i 100 % ull, så den skal vere god og varm, har også hekla to band slik at ein kan knyte hua fast. Send meg ein mail eller kommenter, om du er intressert.

Takk for at du tittar innom, legg gjerne igjen ein kommentar :-)
Posted by Picasa

fredag 18. februar 2011

Maskemarkører, monsterbukse og englesmykke



I dag fikk eg pakke i posten igjen :-) Her om dagen var eg nemlig innom bloggen til Stinemor, og ho selge dei flottaste maskemarkørane og englesmykker. Så eg bestilte ein pakke med maskemarkører til storepinnar og ein pakke til pinne nr 4 og ned, som de ser på bildet har eine markøren allerede komme på strikketøyet mitt. Har komme eit godt stykke på vei med monsterbuksa, går rimlig kjapt syns eg, så fortsetter det slik, blir eg ferdig i god tid før høsten:-) Skal snart begynne å strikke monstermunnen og då vil maskemarkørane komme godt med. Er også kjempe fornøgd med englesmykket, har lenge ønska meg eit slikt. Så eg anbefaler alle å ta ein kikk innom bloggen til Stinemor, der finn du link til butikken henna.

Posted by Picasa

torsdag 17. februar 2011

Ryddehjelp


Sidan vi skal flytte om to til tre mnd og selge leiligheta er vi i full gang med å rydde og pakke. Theo syns det er spesielt moro å "rydde" i skuffene til mammen :-) Eg er litt usikker på om eg syns det er hjelp eller ikkje, men lar tvilen komme han til gode :-) Kjekt har han det iallefall.
Posted by Picasa

onsdag 16. februar 2011

Simsalabim


I dag har vi vore ute å kikke i diverse interiørbutikka for å finne ting og tang til leiligheten. Fann masse fint, heldigvis ein god del på salg, meget fornøgd med det. På ein av butikkane såg eg eit kjempe stilig glass, som dei hadde pennar i. Kunne veldig tenke meg det glasset, men prisen, vel den var noko stiv :-/ Dette måtte eg då kunne lage sjølv, og som tenkt som gjort. Var inne på spareland og kjøpte to glass, ikkje så fine, men såg potensialet. Deretter til sparkjøp og fann to garnnøster, cortina soft, grå. Heime kokte eg i hop ei oppskrit og vips hadde eg og stiligt heklaglass til å ha pennar i. Litt usikker på om det er pennar eg skal ha i det, men det ser eg. Meget fornøgd med resultatet iallefall. Å berre så det er sagt, til ein HEILT anna pris enn der eg snappa opp ideen.





Takk for at du tittar innom, legg gjerne igjen ein kommentar:-) Lagar gjerne slike på bestilling, 100 kr for ein og 150 kr for to, + frakt. Vil du lage dei sjølv, så får du følge med vidare så skal eg legge ut oppskrift. Må berre finpusse den litt :-)


Litt fleire bilder:




Posted by Picasa

tirsdag 15. februar 2011

Operasjon gardiner FERDIG !!


FERDIG, og lykkelig. Endelig var eg ferdig med gardinene, og atter ein gong tenkte eg ALDRI meir ;-) Det var egentlig veldig kjekt å sy liftgardiner, fint vart det og. (Om eg skal seie det sjølv :-) Det som var kjedelig og gjorde at dette tok tid, var at eg måtte sitte på gulvet. Det er ingen god systiling. Likevel, det gikk og lærte mykje. Syns den minste gardina vart finast, men har nok med at eg allerede hadde sydd ei gardin. Samtidig så var det lettare når det ikkje var så masse stoff og forholde seg til. Vart veldig tungt på den store gardina. Kvaliteten på stoffet var meget bra, glad for det, men til et så stort vindu burde kanskje stoffet vore lettare. Til det minste vindauget fungerte det imidlertid veldig bra. Tenkte eg skulle legge ut en beskrivelse på korleis ein syr liftgardin, itilfelle det er nokon andre som har lyst å prøve seg på å sy sine egne gardiner, men det må bli en anna kveld. Var ikkje så vanskelig faktisk, sjølv om en skulle tru det ut i fra tida eg brukte :-) Trur eg komme til å prøve meg igjen, for var litt kjekt, men då kun til enkle vindu. Doble vart litt i meste laget for meg.


Før og etter




Her er gardina heilt nedtrekt :-)

Veldig fornøgd med resultatet faktisk, stua vår vart mykje lysare og kosligare:-)

Ha en fin kveld.
Posted by Picasa

søndag 13. februar 2011




Min første morsdag, då måtte vi ta litt bilder av meg og prinsen, samt dei fine tullipanane eg fikk. Itillegg til å feire morsdag har vi fått rydda masse i leiligheten og den er nesten klart til at meglar kjem på besøk i måra. Blir spennade å sjå kva takst vi får. Det er berre ein viktig ting til som må gjerast før i morgon, og det er å få siste gardin ferdig. Kan nesten ikkje ha to ulike gardiner, dette skulle vore ferdig for ei stund sidan, men .... TTT. (ting tar tid) Har kun mulighet å sy på kvelden etter at prinsen har lagt seg, og då må eg innrømme at det av og til er lettare å sette seg i ein stol med eit strikketøy. Vel ikkje i kveld, har heldigvis ikkje så mykje igjen før siste gardin er ferdig. (trur eg)

Takk for at du tittar innom, legg gjerne igjen ein kommentar. God søndagskveld.
Posted by Picasa

lørdag 12. februar 2011

Monster strikk :-)



Eg har, som nevnt før, begynt å strikke på ei monsterbukse. Har valgt mørkeblått og lyseblått som grunnfargar, rødt skal eg ha til munnen og kvitt til augene. Har ikkje klart å finne oppskrift til denne buksa i str 2 år. (har funne til alle andre størrelsar) Jaja, er kjekt med ei utfordring og, så derfor prøver eg meg fram uten oppskrift. Berre den som følger med vidare får sjå korleis det går ;-) Kosar meg iallefall stort, med strikkinga.
Posted by Picasa

Fornying



Siden vi kjøpte hus i veka som var, er vi no igang med å klargjere leiligheten for salg. I gangen har vi lenge tenkt at vi skulle skifte ut klesknaggane våre. Som de ser på bildene under, har dei ikkje tålt klea som har hengt der. Eg har lenge ønska meg nokon spesielle, fann dei i ein butikk for lenge siden, men syns dei var i dyraste laget. Så då har det berre blitt med tanken.




Så skulle eg ut å finne flyttekassar. Var innom Spareland, dei hadde ikkje flyttakassar, men fann akkurat dei knaggane eg hadde lyst på. (til ein heilt anna pris enn butikken eg sist såg dei i) Ingen tvil denne gangen, måtte berre ha dei. No henge dei fint i gangen vår, kjempe fornøgd. Syns virkelig gangen fikk seg eit løft. Dei andre er på vei der dei har hørt til ei stund, bossplassen ;-)


God helg.
Posted by Picasa

fredag 11. februar 2011

Fredagsidyll

Fredag her i huset (rettare sagt leiligheten) betyr, familie, avslapping, strikking og gullrekka på tv. Snart kan eg og med rette skrive i huset, då vi på onsdag kjøpte oss hus :-) Dessverre får vi ikkje flytte inn før i mai, men er litt kjekt å gå å glede seg og. Huset har alt vi trenger og enda litt til. Blant anna eget hobbyrom til meg :-) Jippi, glede meg veldig til det. Då blir det nok litt meir scrapping igjen også :-)
Skulle gjerne ha lagt inn litt bilder av huset, og begynnelsen av ei monsterbukse eg strikker på, men pcen og eg er ikkje venner i dag, derav ingen bilder. Sånn kan det gå. Kanskje blir vi venner i måra og då skal dere få sjå bilder.
God helg alle sammen.

torsdag 10. februar 2011

Strikka hals




Då har eg strikka enda en hals, også den er så lang at du kan ha den to ganga rundt halsen. Halsen er ca 63 cm lang og ca 17 cm brei. Har brukt drops alpaca boucle garn, veldig varmt og godt.
Har du lyst å strikke en sånn hals sjølv, så er oppskrifta veldig enkel.
Legg opp 170 masker med rundpinner nr 5,5.
Strikk rettstrikk rundt og rundt til du har ca 17 cm, fell av.
Har du lyst på halsen, men ikkje lyst å strikke den sjølv så kan du kjøpe denne for 250 kr + frakt. Send meg ein mail eller skriv i kommentarfeltet.

Ha en fin torsdagkveld.
Posted by Picasa

søndag 6. februar 2011

Bilde



Tok som vanlig ein haug med bilder ;-) Her er eit til som eg syns vart fint, igjen har eg valgt å redigere bildet i bruntone. Itillegg har eg gjort det litt difust i kantane, noko som eg syns gav bildet eit romantisk preg.
Posted by Picasa
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...