Sider

Viser innlegg med etiketten Heimelaga sengegavl. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Heimelaga sengegavl. Vis alle innlegg

onsdag 9. mars 2011

Sengegavl

Sjølv gjort er vel gjort, seie dei og eg seie meg einig. Vi hadde lyst på ein sengegavl, men det koste skjorta og meir til, då fann vi ut at vi lage ein sjølv. Det var veldig enkelt og vi er super fornøgde med resultatet. Billigt og fint.
Her er "oppskrifta" på korleis ein lage sengegavl (iallefall slik vi gjorde det):

Vi hadde ei madrass liggande, som var tynn og lite brukt. Viss ikkje treng du ei madrass, ca 3-4 cm tjukk. Huske ikkje prisen på den for kjøpte den sammen med feltseng, men dyrt er det ikkje.



Så kjøpte vi ei vanlig sponplate (150kr) Vi skar den til slik at den er like brei som senga og stikke ca 70 cm opp over senga. Vi har runda hjørna, men det er ingen nødvendighet.


Så kjøpte vi ei gardin på salg, 100 kr. Den passa akkurat, klipte kun av kanten med rundingar.



Vi klipte av lengden på madrassa slik at den passa akkurat med sponplata, så limte vi den fast. (Madrassa var mindre, i høgda, enn sponplata, men vi syns ikkje det gjere noko. Dette fordi det ikkje syns, då dette er nede bak senga. )
Så stifta vi fast gardina til sponplata.




Under ser de resultatet. (Ser du godt etter, ser du at madrassa er litt kortare, men som sagt, det syns ikkje.)






Her er soverommet før vi setter opp sengegavl.






Etter. Er kjempe fornøgd med resultatet.


Alt var gjort på ein kveld.
Har prøvd å forklare så godt som mulig korleis ein kan gjere det sjølv, men lurer du på noko er det berre å ta kontakt. Enten skrive en kommentar eller mail så skal eg forklare meir.
Ha ein fin kveld.






Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...