Sider

Viser innlegg med etiketten Syarbeid. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Syarbeid. Vis alle innlegg

onsdag 22. oktober 2014

Siklesmekker

Har laga fire nye siklesmekker, alle med børsta bomull framme og fleece bak.
Er blitt veldig glad i børsta bomull, for smekka blir så mjuk og god :-)
Med fleece bak blir smekka også passe tjukk og perfekt for små prinser eller prinsesser som slever eller søler :-) 



Måtte ta bilde med blitz, så litt vanskelig å sjå, men det er små lyseblå hjerter på smekkene. 


Har slått i trykknapp i alle smekkene, då blir dei enkle og greie å ta av og på.




Smekkene har allerede fått ein ny eigar, ein liten prins. 

Ha ein fin kveld :-)





onsdag 24. september 2014

Hekla blomstereng

Farmora til prinsessa mi strikka ei jakke og begynnelsen på ei hue, men siden det skulle heklast ein del på både jakka og hua lurte ho på om at eg kunne gjere det ferdig siden ho ikkje kan hekle.  Eg syns det såg veldig spennande ut og kasta meg over prosjeket.
 
 
Eg må innrømme at det tok ikkje så veldig lang tid før eg vart litt motlaus, det viste seg nemlig at det skulle heklast ein liten bataljon små blomster :-( Blomstene er små og er relativt kjappe og hekle, men det er smått og litt vanskelig å jobbe med. Tråden er litt tung å hekle med, for ikkje snakke om alle trådane ein må feste :-O

 
Eg tok derfor med meg prosjektet på strikkekafe, og der fikk eg hekla ein god del, og når eg begynte å sjå kor fint dette komme til å bli, så fikk eg hekle lyst og energi igjen. No er det kun litt festing av tråder igjen av hua så er den ferdig :-)

 
Ei lita blomstereng hue :-) Gleder meg til å prøve den på prinsessa.

 
Innimellom dette langtidsprosjektet, jakka skal nemlig ha "litt" blomster den og, så har eg sydd ei ny smikke til prinsessa :-) Greit å bruke opp litt restestoff og ikkje minst praktisk med mange smikker.


torsdag 7. august 2014

Majas gulpeskjerf

 
To nye gulpeskjerf, eller siklesmekker som eg kaller dei, har sett dagens lys. Disse var også en gave til en av prinsessas venner som vart 1 år.
 
Stoffet med elefanter på er i bomull og er utrulig mjukt og godt, vanskelig å forklare, men syntes stoffet var heilt annerledes enn andre bomullsstoffe eg har kjent på. Akkurat som det er litt fluffy.
Har heldigvis ein god rest igjen av stoffet så trur jammen eg skal lage to smekker til prinsessa også.
Smekker får en aldri nok av, føler eg iallefall.
 

 
Har slått i trykknapp på begge smekkene. Då er det enkelt å opne og lukke dei. Mønsteret på smekkene er fra boka "Made by me". 



 
På baksiden av smekkene er det fleece, slik at dei tåler mykje sikkel eller gulp før det går igjennom. Smekkene kan også vaskast på 40 grader. 


 
Om nokon litt meir erfarne innen sying veit navnet på denne typen bomull som eg har brukt, gi meg gjerne et hint. Stod nemlig kun bomull på den stoffbiten eg hadde.
 
Ha en fin dag:-)

mandag 21. juli 2014

Majas gulpeskjerf

 
En av prinsessas barselvenner vart 1 år og då hadde eg lyst å lage en liten gave, valget falt på siklesmekker, for det trenger alle små 1 åringer som får tenner.
Oppskrifta fann eg i boka "Made by me" sybloggernes beste oppskrfter, og heiter majas gulpeskjerf.
 


Måtte sy to, når eg først var i gang :-)


 
På baksida er det fleece, slik at det tar lang tid før smekkene er gjennomvåte. 



 
Har også slått i trykknapper, slik at det er enkelt å ta på/av.


Ha en fin sommerdag :-)

lørdag 19. juli 2014

Vimpel

Eg har sydd min aller første vimpel, men god og kyndig veiledning og hjelp av ei veninne :-)
Har tenkt lenge at eg ville prøve å sy en vimpel, men har dessverre blitt med tanken, då er det ekstra kjekt når en endelig får gjort det og blir fornøgd med resultatet.
 
 

 
Planen er at vimpelen skal pynte opp rommet til prinsessa, men vil vente med å henge opp til eg får sydd en til prinsensrom også. Viktig å ikkje gjere forskjell.

 


 
Har brukt ulike stoffer fra Tilda design :-)


 
Gleder meg til å sy neste, var så kjekt. Mulig det gode selskapet gjorde syinga ekstra kjekk :-)


Ha en fin kveld :-)

lørdag 5. april 2014

Vikinghue og apekattbukse :-)

 
Plutselig var det vår i Haugesund og ullhuene til prinsen vart alt for varme. Bomullshuene fra i fjor var blitt alt for små, så då var det berre å ta fram symaskina.
Har fått litt spørsmål fra veninner om eg ikkje har hørt om butikk, hihihi.... joda, men det er jo mykje kjekkare med heimelaga ting :-)
 
 
Hua er sydd i økologisk jersey og kjøpt i kjellaren på Sy med oss butikken i Haugesund. Fantastisk god kvalitet og kan virkelig anbefalast. Itillegg tok ho som solgte stoffet seg tid til å fortelle korleis eg lett kunne sy ei hue på 123, det kaller en fantastisk service.  

 
Hua kan brukast med eller uten oppbrett :-)

 
Når eg først hadde maskina framme så måtte eg sy ei bukse også. Stoffet kjøpte eg for leeeenge siden, så det var på høg tid å gjere det om til ei tøff bukse til prinsen. Han vart så fornøgd, og nekta og ta den av. Ekstra kjekt å sy til prinsen, når en får en sånn positiv reaksjon.

 
Lyse blå apebukse i bomull, perfekt leikebukse då den er lett å bevege seg i.
Har brukt mønster fra stoff og stil, ballongbukse.

 
Ha en fin helg :-)

mandag 24. juni 2013

Lappeteppe til prinsessa :-)

Eg klarte det :-) Så fornøgd med det, var litt usikker ein periode, og tenkte det kanskje var litt dristig å hive seg over et lappeteppe, når en kun har sydd to bukser først. (Der eine vart til tunell to ganga :-/)
Heldigvis er så er det litt sannhet i at øvelse gjer mester :-)
Er riktignok laaaangt i fra mester enda, men merker at eg koser meg litt meir forann symaskina for kvar ting eg får til.
 
 
Siden eg er veldig fersk i syverden og ikkje har så mykje utstyr, så kjøpte eg ein ferdig bunke med firkantar av tim and beck for moda (bungle jungle).
La dei utover bordet og planla korleis eg ville teppet skulle bli :-)
 
 
Så sydde eg sammen to og to lappar. Strykejernet mitt fikk sikkert nesten sjokk over å bli brukt så mykje, det pleier nemlig å leve et ganske tilbaketrukket og avslappa liv her i familien.

 
Deretter sydde eg dei sammen til blokker på fire.
(Har i etterkant lært ein litt lettare måte å gjere dette på, så om det blir fleire tepper (litt usikker enda) så skal eg sy dei sammen i remser i stedet.)



Tilslutt så hadde eg eit heilt teppe. Det var då det gikk opp for meg at det var jo ikkje berre å sy sammen dei ferdige lappane :-/ Det vart litt for tynt til å være et krabbeteppe. Heldigvis har eg ei farmor som er fantastisk med symaskina, så ho kunne veilede meg (over telefon) korleis eg skulle gå vidare med teppet. 

 
Framsida, med sine skjønnhetsfeil, men satser på at prinsessa ikkje ser for nøye etter ;-)


 
På baksida valgte eg å ha fleece, og imellom framstykket og fleecen er det vatt. Teppet vart derfor akkurat passe tjukt og godt :-) 

 
Noko av det vanskligaste var faktisk å få til fine hjørner med skråbandet, men eg fikk det til tilslutt.

 
Måtte innom sybutikken å kjøpe skråband i dag, då såg eg dette herlige stoffet og det måtte berre bli med heim :-) Glede meg til å prøve meg på neste prosjekt.

 
Ha ein fin kveld.

lørdag 22. juni 2013

Sommerbukse nr 2 til prinsen

Denne gangen i grønt med små bamsar som spelar fotball :-) Prinsen vart storfornøgd, og då er mammaen fornøgd også :-)
Denne er litt mindre enn den eg sydde sist, og passa perfekt. Klarte til og med å sy den sammen på første forsøk, uten nokon tunelltedenser. Pjuh..godt en lærer av sine feil, for det går grenser for kor mange ganga det hadde vært morsomt.
 
 
Actionbilder var vanskligare å ta, for det var litt vanskelig for en 3 åring å stå i ro lenge nok til at en klarer å få et klart bilde.
 

Hopping er jo mykje kjekkare :-)

 
For ikkje snakke om å springe litt rundt :-)

 
 
 
Vel eg kan ikkje gi meg no, når eg faktisk begynner å få en litt vennligare innstilling til symaskina. Neste prosjekt er derfor allerede under arbeid, eit babyteppe til prinsessa :-)
 
 
Ha ein fin kveld :-)
 
 





onsdag 19. juni 2013

Bukse til besvær

 
Når det komme til kreative ting så har eg heile livet vært litt sånn, hem...de kan eg ikkje, det såg kjekt ut, må berre prøve :-)
Denne gangen var det; eg vil være sånn mamma som kan sy tøffe kle til prinsen sin. Vips så satt eg bak symaskina. Noko som har vært noko utfordrande, har virkelig fått merke at eg definnitivt ikkje er noko syerske. Først så berre krølla undertråen seg, lite viste eg at det var en rett og en gal vei å sette tråden. Når det var på plass kom neste utfordring. Sy sammen sjølve buksa.
 
Forsøk en, enda med at eg klarte sy beina sammen slik at eg enda opp med en tunell i stedet for bukse.
Vel vi gir oss jo ikkje, så eg spretta opp, og var nøye med å sjekke kor eg skulle sy.
 
Forsøk to, superfornøgd over endelig å være ferdig med buksa, seier eg til min mann og sønn, sjå her: Snur buksa og tata...... eg har laga ein tunell igjen :-(
Det komme ganske kontant fra min kjære sønn; men mamma det e jo en tunell, du kan ikkje sy bukse du.
Jaja,...vi fikk oss en god latter alle tre.
 
Så var det berre å sprette opp igjen, og som kjent alle gode ting er tre :-)
Det vart bukse til slutt :-)
 
 
En liten tøffing med ny bukse :-)

 
Kjempe fornøgd med endelig resultat, viss vi ser bort fra at buksa er veldig stor. Syns ikkje så godt på bildet, men den passer nok best neste sommer. Så då er det berre en ting å gjere, sy ei til :-)

 
Ha ein fin kveld.

tirsdag 2. oktober 2012

Krokodillefint gjenbruk :-)

For ei god tid tilbake, vi snakker år, så kjøpte mannen i huset seg ein fin ullgenser. Genseren hadde en liten krokodille på seg, noko som gjorde at prisen var litt..... frisk.
Kvaliteten har vært upåklagelig, skulle berre mangle, og genseren brukt masse.
Dessverre har den kun tålt å bli vaska på finvask, det har gått fint i mange år, men plutselig så satt det en ullen lukt fast i armhulene :-(
Vi prøvde derfor å vaske genseren på litt varmare program, det gikk som det måtte gå, den kom ut i en litt tova variant.
 
 
Lukta var no borte, men gensaren for liten, så då fann vi ut at genseren skulle få ta en tur til prinsens farmor. Og vips kom den tilbake som ei kjempe god ullbukse, klar for ein barnehagevinter :-)

 
Buksa passa perfekt og prinsen var strålande fornøgd med at det var ei botoboye, eller krokodille som vi andre kaller den, på buksa.
 
 
 
En fornøgd prins klar for barnehagen i det som må vere tidenes dyraste ullbukse.

 
Ha ein fin kveld.


søndag 2. september 2012

Hobbysøndag

For ei stund tilbake så kjøpte eg "litt" stoff, som skulle bli til ei bukse til prinsen. Eg var litt uheldig, les uvitande, om kor mykje stoff eg faktisk bestilte.
Heile 3 * 2 meter faktisk :-/
Host... bekymringa for at eg skulle ha nok stoff til ei bukse, jepp eg var faktisk bekymra, forsvann fort når eg fikk stoffet i posten. Då vart eg meir bekymra over kva i alle daga skal eg lage av alt stoffet. (Mulig heile barselgruppa må få like kjoler/bukser ;-) Hihihi... det hadde vært noko det. Vi er sju stykker og eg trur faktisk eg har nok stoff :-)
 
 
 
I kveld har eg iallefall klipt opp til ei selebukse til prinsen, og ei siklesmekke. I tillegg har eg klipt opp til ei hue, med fleece stoff innerst og ull ytters fra ei gamal jakke, samt ein liten aplikasjon på sidene fra et lite restestoff eg hadde.
No må eg berre finne ein kveld eg kan få sydd alt sammen :-)
 
 
 
Denne herlige jakka fra Benetton, hadde dessverre eit lite uhell i maskina for ei stund sidan, men skal få nytt liv som hue til prinsen.
 
 
Har også fått ferdig strikka varmeposetrekket, mangle kun å sy det sammen neders. Det kan eg ikkje gjere før eg har kjøpt varmeposen, noko eg har store plana om i morgan. Då skal eg også ta bilder i dagslys så ein kan få sett den faktiske fargen på garnet (grågrønn).




Ha ein fin kveld :-)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...