Sider

Viser innlegg med etiketten hekleoppskrift. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hekleoppskrift. Vis alle innlegg

onsdag 8. januar 2014

Hekla blomsterrangle

 Fann ei oppskrift på nettet på ei hekla blomsterrangle, og fikk så lyst å prøve den. Resultatet ser de på bildene under. Likte godt fargane, passformen og oppskrifta var enkel å følge, men eg trur at eg hekla litt lausare enn den som laga oppskrifta. Så kunne tenkt meg å prøve igjen, men då med ein tynnare heklekrok.
 
 
Inni rangla har eg putta ei lita bjelle, kjøpt på stoff og stil, ellers er rangla fylt med vatt.
Det kvite og rosa garnet er mandarin petit, mens det mintgrønne er søstrene grene sitt.
 
 
 
Rangla falt i smak hos prinsessa med en gang, virka som den var veldig god til å bite i og klø gommane med. Så når ho er fornøgd så er eg forngød :-)
 
Har du lyst å prøve å hekle rangla finn du oppskrifta på bloggen til Torills Verden.
 
Ha ein fin kveld :-)



fredag 6. desember 2013

6 desember, heklaengler og serinakaker

Siste dagane har det skjedd forbausande lite på handarbeidsfronten, til tross for at prinsessa og eg ikkje har vært så mykje som ein liten meter utanfor huset eingang.
Først av alt har vi begge vært litt småslakke og brukt dagane på å konkurrere om kven som kan nyse flest ganger på rad ;-)
Den andre årsaken er tidenes vinterstorm.  
Av og til kan det være koslig å være inne med kakao, ei god bok eller kose seg med litt juleverksted med ungane, mens vinden blåser og regnet piskar på vindauga. Ikkje denne gangen, det var tider at huset knirka så ille at eg lurte på om det kom til å gi etter :-(
Då blir det litt i meste laget for min del.

 
Så det einaste som eg har fått laga siste dagane, er denne lille engelen her, som skal få bli pynt på ei julegave. Syns det er så koslig med gråpapir eller einsfarga julepapir, for så å pynte opp gaven med band og ein liten handarbeidsting. Blir plutslig mykje meir personlig.
 
 
 
Ellers så har prinsen vært med å laga serinakaker med meg i dag. Fann ut at det var på tide å begynne med litt julebakst, tross alt berre 18 dager igjen til jul.
(Puster med magen og prøver å ikkje få panikk.)

 

 
Prinsen syns dette var kjekke kaker å lage, mest sansynlig fordi han kunne få gjere mest mulig sjølv, med kun litt hjelp fra meg. Han er ein sjølvstendig liten gut, som absolutt er i "klare sjølv" fasen, til stor glede og fustrasjon for mammaen ;-)

 
Vart nokon serinakakerslanger også, for det måtte ein ha meinte prinsen.

 
Ein del av kakene fikk komme i juleboks og glass, men jammen meg så forsvann det ikkje ein god del på veien også. Så det spørs om ikkje vi må lage dei ein gang til om ikkje så alt for lenge.

 
Ha ei fin helg.
 

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...