Først av alt vil eg seie velkommen til nye følgara og takk for alle fine kommentara, glede meg :-)Dessverre litt dårlig blogging på meg for tida, har vore ei hektisk veke, men satse på at det komme seg litt i dagane framover. Tenkte iallefall at eg skulle legge ut oppskrifta på monsterbuksa.
Pinner: 4 (Eg brukte litt tjukkare pinna enn anbefalt på garnet)
Str: I følge mål av buksa er den str 92 noko som er ca 1 til 1 1/2 år, men buksa er større enn det. Prøvde den på Theo (11 mnd) og den var ganske så stor. Så eg vil seie den er meir ein str 2 til 2 1/2 år.
Strikkeinformasjon: r - rett vr - vrang omg - omgang m - maske
Legg opp 136 masker med mørkeblå, strikk 2 r og 2 vr til strikket måler 8 cm. Bytt til lyseblå og strikk kun r masker til strikket måler 20 cm Del strikket i to, en bakdel og en framdel. Du skal no strikke munnen (rødfarge). Munnen strikker du ved å strikke fram og tilbake på bakdelen av buksa. (dette gjer at buksa blir høgare bak)
Munnen :
1 omg : strikk med rød 68 m snu 2 omg: strikk med rød 68 m snu 3 omg: strikk til det er 5 m igjen snu 4 omg: strikk til det er 5 m igjen snu gjenta dette (å strikke 5 m mindre på slutten) 3 ganger på kvar side.
Strikk så over alle maskene med lysblå, strikk 2 cm før du begynner å auke. Auk for skritt slik: 2 m midt forann og midt bak med 2 masker mellom. Gjer dette 4 ganga.
Del arb i to, bytt til strømepinner og strikk beina seperat vidare. Strikk 9 omg før du begynner å felle føste gang. Fra no av skal du felle 2 m på innsida av beinet kvar 6 omg i alt 8 ganga. (Eg har valgt å strikke beina stripete, med 8 omg i kvar stripe) Når beinet måler 30 cm (eg har då strikke 5 mørkeblå striper og 5 lyseblå) begynner du å strikke brotet nede på foten. Strikk 2 r og 2 vr til brotet måler 9 cm. Fell av.
Auger og tenner syr du på med maskesting heilt til slutt.
Lykke til. Håper eg har klart å skrive oppskrifta forståelig. Har litt liten erfaring med å skrive opp mønster så gi beskjed om det er nokon som er uklart. Ta også gjerne kontakt viss du lurer på noko.