Sider

Viser innlegg med etiketten heklaleke. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten heklaleke. Vis alle innlegg

søndag 1. juni 2014

Hekla muffin


Små prosjekter er av og til veldig kjekt, rett og slett fordi en blir fort ferdig og ser resultatet :-)
Prinsen fikk lekekjøkken for ca et år siden og heilt siden då har eg tenkt at eg kunne tenke meg å hekle div mat. I går kom eg endelig i gang og resultatet vart en muffin. 


Fann ei oppskrift på nettet, men kommer ikkje til å bruke den igjen. Muffinsen vart heilt grei, men litt i største laget (type amerikansk muffin størrelse). Itillegg vart den litt rar i bunnen. Skal prøve meg igjen en gang, men då vil eg finne ei anna oppskrift. 


Den er hekla med nål nr 3 og med garnet mandarin petit. På toppen har eg sydd fast ei ullkule fra søstrene grene. 


mandag 5. mai 2014

Ein hekla amigurumi-blekksprut

 
Eg har lånt meg ei bok på biblioteket som heiter "Hekle en hest og andre morsomme hekledyr" av Maja Hansen. Inni der var det bilde av ein blekksprut, som Theo hadde så lyst på, og då var eg ikkje så vanskelig å be. Eg har nemlig lenge hatt lyst til å prøve å hekle søte små amigurumi dyr, som vil seie små stoppa hekla eller strikka dyr, med menneskelige trekk.
 

 
Blekkspruten var veldig rask å hekle, kjekt var det og, så tenkte eg måtte lage ein til Tilde også. 



Einaste eg vart litt skuffa over er at blekksprutarmane ikkje krølla seg slik som bildet i hekleboka viste at dei skulle, sjølv om eg fulgte oppskrifta til punkt og prikke.
Skal prøve eit anna bommulsgarn neste gang, berre for å sjekke om det kan være garnkvaliteten. Denne gangen brukte eg garn fra Søstrene grene.

 
Måtte sette ei fyrstikøskje vedsidenav så en får rett inntrykk av størrelsen, blekkspruten er ikkje så stor nemlig :-)
Inni hodet er det fylt med vatt og augene er limt på.

 
Ha ein fin kveld

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...