Sider

Viser innlegg med etiketten Monsterbukse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Monsterbukse. Vis alle innlegg

tirsdag 4. juni 2013

Monsterbukse til prinsen

Har blitt mangt eit strikkaplagg på prinsen, men i det siste må eg innrømme at det har blitt mest babystrikk. Dette har prinsen fått med seg, og plutselig vart det veldig viktig at mamma strikka til han og. Han kom bort til meg en dag eg strikka og sa; "Mamma eg vil ha ei strikkabukse og blå utevest."
 
Då var det ikkje så mykje anna å gjere enn å finne fram garn, pinnar og strikke ei monsterbukse til han :-) Endelig var den ferdig, han har vente lenge syns han, og han vart veldig fornøgd. Faktisk ville han sove med den på, veldig koslig syns eg.
 
 
 
Buksa er strikka med tretråds merinoull fra Nøstebarn, bortsett fra munnen, den er to tråds (brukte då dobbelt tråd). Er veldig glad i nøstebarn sitt garn, enkelte syns det er litt hardt, men eg er kjempe begeistra. Godt å strikke med og god kvalitet.

 
Prinsen min er heldigvis ikkje ein kløprins, for han tok buksa på rett på huden uten å klage :-)

 
 
Har strikka buksa med litt lengre brot nede, slik at buksa kan justerast i lengden etterkvart som han veks. Strikkaplagg tar tid å lage og då er det greit at det varer lengst mulig. Målet er at buksa skal passe, iallefall heile neste vintersesong.
 
 
 
 
Brotet opp er breta ned slik at ein kan ha strikk i livet. Lot det være igjen eit lite hull bakerst, slik at ein lett kan ta ut strikken og justere kor stram buksa skal være. Har derfor brukt en strikk med knapphull i, då er det kjempe enkelt å gjere buksa større eller mindre.

 
Ha ein fin strikkekveld.
 

torsdag 21. april 2011

Påskestrikk


Påskestrikk er viktig, til no har eg storkost meg med å strikke på monsterbuksa, men plutselig var eg tom for lyseblå :-/ Prøvde få tak i meir, men var utsolgt så eg må vente til etter påske. Planen var då å hekle ei hue, men jammen meg var dei utsolgt for fargane eg skulle ha også. Skal ikkje vere enkelt.



Som de ser over er det ikkje mykje igjen. Håpe ho som bestilde buksa blir fornøgd. Eg syns iallefall denne buksa vart mykje finare enn den eg strikka sist. Denne gangen brukte eg drops merino ull, veldig fornøgd med det valget. Kjem definnitivt til å strikke med det garnet igjen.

Vel, til tross for manglande lyseblå til buksa og ull til hua, så er eg ikkje uten strikketøy ;-) Alltid noko på lur. Tenkte eg skulle prøve meg på å teikne mønster til det prosjektet sjølv, så får vi sjå om det blir noko bra. Fortsettelse følger .... :-)

Ha en fin kveld.

fredag 8. april 2011

Monsterbukse framgang...


Då var monsterbukse nr 2 på god vei :-) Hadde planer om å dele til beina i dag, men tida strakk ikkje så langt, så då får det vere til i måra :-) Denne gangen strikker eg med drops merino extra fine, 100% ull superwash. Så langt veldig fornøgd. Likte senjagarnet også, spesielt dei klare gode blåfargane, men syns drops garnet var litt betre å strikke med. Virke også så det er litt meir hold i dropsgarnet.

Ha ei fin helg alle :-)

mandag 21. mars 2011

Monsterbukse


Då var monsterbuksa strikka :-) Kjempe fornøgd med meg sjølv, som har klart å strikke ei bukse uten mønster. Det er likevel eit stort men, og eg skjønne kvifor ein har mønster, for buksa er alt for stor. Prøvde den på Theo i dag, han er riktig nok berre 11 mnd, men stor for alderen og buksa var alt for stor for han. Hem... Sånn kan det gå, då er det berre å sette igang å strikk ei til. Vel vel, fins verre ting, for eg syns det var knall artig å strikke denne buksa så tar det ikkje så tungt at eg må strikk ei til. (Skal legge ut mønster, men det må bli en annen dag, for må finpusse litt på det.)

Buksa sett bak. Munnen er på plass, tenna og auga skal eg sy på med maskesting.



Strikka brotet litt langt slik at buksa varer lenger.

Her er brotet bretta opp. Siden det ligge litt arbeid bak eit strikkeplagg, er det greit med sånne løysningar slik at ein kan ha buksa ei stund.


Brotet oppe, det skal også brettast i to. Tenkte ha ein strikk i slik at den sitter godt.

Buksa sett framme.

Dette bildet kan få meg til å grine :-( Litt for mange tråa å feste. Jaja, har komme et lite stykke på vei med den jobben siden bildet vart tatt.


Etter ein liten samtale med min mann, ser eg at eg kanskje må forklare kva brotet er. (Han skjøna ingen ting når han las det.) Problemet er berre at eg ikkje veit kva anna ord eg skal bruke. Iallefall så håpe eg at alle fortår det når dei ser bildene i tillegg. Oppe på buksa er det det samme som linninga og nede blir ,.... har ingen aning.
Minner om give awayen, hiv dåke med folkens.
Ønsker nye følgara velkommen og takkar for alle koslige kommentara:-)
Ha ein fin kveld.
Posted by Picasa
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...