Sider

Viser innlegg med etiketten Strikkeoppskrifter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Strikkeoppskrifter. Vis alle innlegg

fredag 30. mai 2014

Panneband til ei lita prinsesse

Ein ufo (uferdigobjekt) ferdig :-)
Alltid like kjekt når ein får fullført et prosjekt, både fordi en endelig ser det ferdige resultatet, men og fordi en då kan få begynner på et nytt :-) Eg har nemlig mange kjekke prosjekter som venter på meg :-)

Pannebandet er strikka i 100% alpakka garn, på pinne nr 4,5



Ei lita prinsesse må såklart ha litt pynt, så derfor hekla eg ein liten blomst og festa ei perle i midten.
Oppskrifta på blomsten fant eg på dropsdesign sine sider. 


Pannebandet er veldig enkelt å strikke, la opp 22 masker og strikka to rett og to vrang til eg hadde passe lengde. Sydde sammen endane og stramme litt ekstra godt slik at pannebandet går litt inn akkurat der. Så festa eg blomsten oppå :-)
Visp har en et søtt lite panneband til ei lita prinsesse :-)


Ha en fin kveld. 

mandag 20. januar 2014

Strikka babysmikke

Her en kveld surfa eg rundt på pinterest og kom over ei fantastisk fin babysmikke, som eg berre måtte prøve å strikke.
Å sjølv om ein sikkert ikkje skal skryte over eget resultat, så må eg berre seie at eg er veldig fornøgd med resultatet. Babysmikka vart perfekt til prinsessa.
 
Likte absolutt alt ved den, og spesielt den kanten rundt (som faktisk er strikka) gav smikka eit pynta resultat. Har brukt garnet Drops merino extra fine (ull), og pinne nr 3,5. Garnet var faktisk ein liten rest eg hadde etter at eg strikka kjolen som prinsessa har på seg på bildene :-)
 
 
Såg ut som prinsessa er fornøgd også.
Oppskrifta på babysmikka fann eg på bloggen til Anitas kreative side :-)
 
Oppskrifta var veldig enkel å følge og smikka var rask å strikke. Kommer garantert til å strikke fleire av disse.

 
I oppskrifta så sto det at ein kunne sy i knapp, men i latskapens navn enda eg opp med trykknapp :-)

 
Ha ein fin kveld :-)

tirsdag 5. november 2013

Kjørepose i ull

 
Før eg fikk sønnen min, som no er 3 1/2 år gammel, begynte eg å strikke på denne kjøreposen i ull. Tenkte at den ville bli perfekt til å ha i bilstolen, men plutselig kom Theo og posen vart gløymd.
Den har lagt halvferdig i ei skuff og plutselig her en dag kom eg på den og fann ut at no var det påtide å bli ferdig.
Tok ikkje lange tida før posen var ferdig og i bruk, heilt perfekt til prinsessa. Siden posen er i ull helde den ho varm og god, samtidig så ho ikkje klarer å sparke den av seg slik som ho gjere med tepper.
 

 
Først syns eg posen såg litt kjedelig ut, men når eg fikk på dei dusrosa knappane så vart eg kjempefornøgd. Syns dei pynta veldig opp.

 
Viktig med opning til beltet :-)

 
Posen er strikka i garnet Freestyle fra Dalegarn, med pinne nr 3,5 og 4 og oppskrifta er fra heftet Strikkedesign til Baby nr 203 fra Dalegarn.
I utgangspunktet så skulle det være armer på den, men det valgte eg å droppe, fordi eg var redd det ville bli klumpete og i veien. Veldig glad for det valget. Istedetfor armer valgte eg å hekle ein kant rundt.

 
Ha ein fin strikkekveld.

fredag 25. oktober 2013

Strikka ullkjole

Ullprinsessa vår har fått en ny kjole :-)
Kjolen er strikka i lilla og så har eg hekla rundt alle kanter med lys lilla, samt hekla tre hjerter som eg har sydd på kjolen.
Kjolen er denne oppskrifta fra dropsdesign.no og har brukt drops merino ekstra fine ullgarn. Kjolen vart veldig mjuk og god, og vil nok holde prinsessa god og varm.
 
 
Kjolen er derfor med på oktober utfordringen til pinnekroken "noe som varmer".
 
 
 
Kjolelivet er i perlestrikk, resten glattstrikk.

 
Syns kjolen vart litt kjedelig, så måtte pynte den litt med tre heklahjerter :-)

 

 

 

 
En liten fornøgd prinsesse i kjolen sin :-)

 
Ha en fin strikkekveld.

lørdag 18. februar 2012

Strikkkahue


Trur det var i august i fjor at eg kjøpte eit nøste med raggi garn fra Järbo. Syns det var så fine fargar i det og hadde lyst å strikke ei hue, men dessverre har det blitt liggande. Så kom Pinnekroken med ei ny utfordring "Den stor garnslankingen", og eg var i gang med ei hue til meg sjølv. Mønsteret kom av seg sjølv, siden garnet er fleirfarga.


Hua er allerede tatt i bruk :-)



 

Har du lyst å strikke ei sånn hue så trenger du eit nøste med Raggi garn fra Järbo 100 gram.
Eg brukte pinne nr 4.
La opp 108 masker og strikka 6 omg med to r og to vr.
Så er det berre å strikke r masker til arbeidet er 19 cm
Fell 8 masker jamt fordelt.
Ein omg r masker
Strikk 9 masker r to sammen, repiter omg ut.
Ein omg r masker
Strikk 8 masker r to sammen, repiter omg ut.
Ein omg r masker.
Fortsett sånn med ei rettmaske mindre mellom kvar felling.
Ta tråden gjennom alle maskene og snurp sammen.

Lykke til :-)

Posted by Picasa
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...