Sider

Viser innlegg med etiketten kostyme. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kostyme. Vis alle innlegg

onsdag 18. februar 2015

DIY karnevalskostyme

For nokon år tilbake strikka eg sauen timmy kostyme til prinsen, når det var karneval i openbarnehage, fikk prinsessa låne kostymet av sin bror :-)
Kostymet er fort å strikke og ser så søtt ut på, kan anbefalast :-)


Oppskrifta på kostymet finner du gratis her.


Eg hadde ikkje riktig garn, men brukte garn fra drops design som heiter Polar og pinne nr 15, det gikk veldig bra :-)


Prinsessa syns det var storstas å få kle seg ut :-)
Om du ønsker kan du sjå det opprinnelige innlegget, når kostymet vart strikka til min sønn her.


Måtte ta en liten selfie også ;-)


Beklager litt dårlige bilder, men vi var litt seint ute så hadde ikkje tid til å finne kamera, og mobilen tar ikkje alltid beste bildene om ikkje lysforholda er heilt opptimale. 

Ha en fin kveld. 

søndag 8. desember 2013

DIY: heimelaga krabbekostyme

Prinsen vår syns turn er heilt fantastisk og gleder seg til turnleik kvar torsdag. I dag var det tid for årets juleforestilling og partiet hans skulle kle seg ut inspirert av filmen "den lille havfruen." Dette har eg vist i ca to veker, har og vist at eg då ville kle han opp som krabbe. Likevel ender eg opp med å lage kostymet dagen før :-/
 
 
Selvgjort er velgjort heiter det, så derfor bestemte eg meg for å lage deler av kostymet sjølv. (Ikkje at eg hadde så mykje valg heller, ein lørdagskveld.) Fann ein gammal genser, teikna malar på matpapir og klipte i vei.
Akkurat her i prosessen, kikkar min mann på meg og seier så fint; "du skal ikkje begynne å lage det sjølv?" Så skeptisk.
(Mulig pga mitt litt trøblete forhold til symaskina og at klokka nærma seg 22 på kvelden.)
 
Vart litt skeptisk sjøv også då, med tanke på at eg ikkje er så veldig god med symaskina, klokka var nesten legge tid og eg var ganske så forkjøla. Likevel fann eg ut at eg hadde lite valg, prinsen min måtte jo ha eit kostyme.
Så eg berre bestemte meg for at dette måtte eg få til, sydde sammen hua og limte på augene som består av kvite filtrundingar og beveglige auger fra søstrene grene.
 
Resultatet ser de under og eg må berre seie at til å ikkje kunne sy så er eg meget fornøg, hua vart mykje betre enn eg frykta.
 
 
Resten av kostymet var ein raud ullstilongs og ein raud gensar, enkelt og greit. Det viktigaste er at prinsen vart fornøgd og då er eg fornøgd. 
Mammahjertet smelta jo litt når han så fint seier til meg; "mamma du er så flink".


Han storkoste seg på forestillingen sammen med sin pappa :-)

 
Ha ein fin kveld.

torsdag 1. mars 2012

Sauekostyme

Ei stolt mamma kunne i går ikle prinsen det strikka sauekostymet. Prinsen på sin side, syns mammen berre var rar og syns ingen ting om kostymet. 


Heldigvis hadde mammen planen klar og bestakk prinsen med x-antall tuttar, ein kos.
Det fungerte :-)


Prinsen var likevel noko skeptisk og lurte fælt på om han faktisk måtte gå i barnehagen i kun strømpebukse. Gang på gang sa han; mamma bossa og kikka undrande på meg.

(Er det nokon som ser meg, her eg springe bukselaus??)








Eg er veldig fornøgd med kostymet, var relativt fort og greit å strikke. Einaste er at eg ikkje er så glad i tykke pinnar, og her skulle ein bruke nr 15.

Har du lyst å strikke kostymet finn du oppskrifta gratis her.

Sidan eg ikkje hadde tilgang til garnet som sto i oppskrifta brukte eg Drops Design sitt garn Polar. Det fungerte veldig godt. 


Posted by Picasa

tirsdag 21. februar 2012

Strikkemammaen i huset berre måtte.....

Et stykk sauekostyme, snart ferdig :-)

Når eg fann oppskrifta så berre måtte eg prøve å strikke det kostymet. Ivrig viste eg det til mannen min som kom med denne kommentaren: Ærlig talt, mååå du vere sånn super mamma. Det er jo så mykje enklare å kjøpe ett.

Dessverre klødde det for masse i strikkefingrane til denne mammaen til at eg kunne sjå vekk fra oppskrifta og kjøpe kostyme.

Kjempe fornøgd med at eg har klart å strikke det, oppskrifta var nemlig på engelsk og det her eg aldri prøvd på før. Heldigvis så var det mange flinke rundt om som kunne hjelpe meg, når eg sto fast. Glede meg til å få sydd det sammen og prøvd det på prinsen. Er veldig spent på om han vil ha det på seg. (mammen krysse fingra og tær, det var faktisk litt jobb med det :-/ )


 Ikkje nok med at oppskrifta var på engelsk, ein skulle bruke pinnar nr 15 også. Først tenkte eg, jippi tjukke pinnar = fort gjort. Dessverre oppdaga eg (etter runde 1), at så tjukke pinnar = kjempe tungt og må strikke seint, med mange pauser for ikkje å få senebetennelse = det tok tid :-(
(for ikkje snakke om at eg strikka halve vesten, for å oppdage at eg hadde strikka feil å måtte rekke oppigjen alt = ting tar dobbelt så lang tid)

Mannen i huset hadde berre en ting å seie; ka va det eg sa, det hadde vore såååå mykje enklare å kjøpe ett.
Må vel seie meg enig, irriterande nok, men det er mykje kosligare med heimelaga. Iallefall når ein er ferdig.


Nærbilde av dei strikka ulldottane :-)


Ha ein fin kveld
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...