Før syntes eg at tida mot jul, var den lengste, den varte for evig. Så vart eg voksen, og fatte ikkje at tida kan gå såå fort. Ein forbereder seg tidligare og tidligare for kvart år, likevel blir det stress på slutten. Vel eg har eit "lite" ønske for jula kjære nisse, eit par ekstra timar i døgnet hadde vore perfekt. Likevel blir det litt tid for kos og hobby også, sist helg var eg på juleverksted med nokon koslige damer. Vi koste oss med julgløgg, snop og lage pakkelappar. Håpar og trur det blir ein tradisjon.
Dei første pakkelappane, med engle stempel, skal vere med på Scrappekammeret sin utfordring, bruk noko rødt.
Dei første pakkelappane, med engle stempel, skal vere med på Scrappekammeret sin utfordring, bruk noko rødt.
Sydde også nokon soppar til å pynte opp pakkane med.
Pakkelappar med snømenn.
Itillegg til å lage pakkelappar, lærte vertinna oss å lage stjerner. Kjempe artig, desse skal pynte opp juletreet vårt og/eller trolltreet :-)
Her er soppen i bruk allerede. Veldig kjekt å kunne pynte litt med noko sjølvlaga.
Ha ein fin kveld.
