Sider

Viser innlegg med etiketten jul. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten jul. Vis alle innlegg

søndag 21. desember 2014

4 søndag i advent

Då var alle lysa tent og julekvelden er rett rundt hjørnet. Dvs eg syns det, men spør du 4 åringen her i huset så syns han at det er evigheter til jul ;-)


Huset er julepynta og treet har fått ein lite hekla engel :-) Kjekt med litt personlig pynt på treet. 


Har laga mange av dei tidligare og brukt dei til blant anna å pynte julegaver med, men i år laga eg en til meg sjølv til å ha på treet. 


Tilde har fått sin egen blånissehue og var meget fornøgd med det. Den var et resultat av at eg ville bruke opp rester etter at eg strikka hua til Theo, men gløymde å vege restene og kom litt over halvveis før eg gikk tom for garn. Då var det berre å kjøpe to nye nøster, og gjett kven som no sitter med enda meir rester enn før ho begynte å strikke opp restene :-/ Hahaha...skal ikkje være greit :-)


I dag var det også skitnesøndag og då er det viktig å ha smalahover til middag. Det er ein tradisjon eg har vokse opp med og må til for å få den rette julefølelsen. Etter mi meining årets beste middag. 


Ellers har vi også fått tid til litt juleverksted.



En konsentrert liten prins :-)



Tre søte snømenn vart laga, og har fått plass i nisselandsbyen vår :-) Den skal eg heller vise bilder av en annen dag.


Ha en fin dag og god jul :-)



søndag 29. desember 2013

God jul :-)

Eg syns alltid at eg har ein god plan for desember, likavel så ender eg opp med stress og kaos siste dagane før jul kvart einaste år. I år så skjøna eg kvifor, eg er nemlig sjuk kvar einaste desember, det har skjedd så ofte at eg faktisk (dessverre) fikk litt julestemning av det, for i år var intet unntak. Ille. Så no har eg allerede skrive på kalenderen for neste år at eg skal begynne i oktober.
 Så får vi sjå om det hjelper på :-)
Heldigvis så fann eg juleroen på julafta og har berre hatt det koslig og fint resten av romjula.
 
På julekvelden kom nissen på besøk, til stor glede for prinsen.
 

 
Enda kjekkare var det å få kaptein Sabeltannskuta, som har stått leeenge på ønskelista :-)

 
Prinsessa vår fikk også mykje kjekt,
men forløbig syns ho julekulene på juletreet var det mest intressante :-)

 
Ellers så har vi benytta romjula til å ha besøk av familien på julelunsj, alltid like koslig :-)

 
Ha ein fin kveld :-)
 

mandag 2. desember 2013

DIY hekla julegave og brente mandler

 
Ammetåka ligg tjukt her i huset for tida, blir nesten litt imponert over alt eg klarer å gløyme for tida. Eg har vist ei god stund at eg skulle på julebord med klubbveninnene mine søndag, og der skulle vi ha pakkeleiken. Så koslig og eg hadde ein plan for kva gaven skulle være, men dette forsvann heilt fra mitt minne og dukka oppigjen lørdag kveld etter butikkane si stengetid :-(
Så irriterande, men veldig lite å gjere med, utenom å finne på noko lurt eg kunne lage sjølv.
 
Heldigvis har eg masse garn, og etter litt jakt på nettet kom eg over ei oppskrift på dropsdesign sine sider. Sjå her om du vil prøve deg på den samme.
Fann fram heklenål nr 3 og nokon tima seinare så var "blomsten" under klar.
 
 
Litt knotete oppskrift i starten, men når ein først kom inni det var den kjekk å hekle. Kommer til å hekle fleire av disse :-)

 
Så fant eg fram eit lite "syltetøyglass" eg hadde liggande (kjøpt på clas olson).

 
Fann fram eit juleband eg har kjøpt på søstrene grene.
Eg er veldig glad i handarbeid og hobbyting, så heldigvis har eg litt liggande ;-) Noko som kjem godt med i krisetider.

 
Så fann eg fram mandlar, sukker og vann og vips så hadde eg brente mandler :-)
Veldig godt og passa fint oppi glasset.
Oppskrifta eg brukte på dei var:
250 gram mandler
1 dl vann
1 dl sukker
 
Dette var meir enn nok til å putte i glasset, samt litt å ha her heime også :-)
Synd å lage noko godt og ikkje kunne smake på sjølv.

 
La ved ein julete som eg tilfeldigvis hadde kjøpt inn på julemarkedet tidligare på dagen, den er fra Amundsen spesial. I tillegg bretta eg ei lita julestjerne, berre for pynten si skuld og vips så var gaven klar :-)

 
Vart ganske så fornøgd med gaven tilslutt og kommer nok til å lage litt meir av denne typen gaver i framtida.

torsdag 8. desember 2011

Pakkelappar

Før syntes eg at tida mot jul, var den lengste, den varte for evig. Så vart eg voksen, og fatte ikkje at tida kan gå såå fort. Ein forbereder seg tidligare og tidligare for kvart år, likevel blir det stress på slutten. Vel eg har eit "lite" ønske for jula kjære nisse, eit par ekstra timar i døgnet hadde vore perfekt. Likevel blir det litt tid for kos og hobby også, sist helg var eg på juleverksted med nokon koslige damer. Vi koste oss med julgløgg, snop og lage pakkelappar. Håpar og trur det blir ein tradisjon.

Dei første pakkelappane, med engle stempel, skal vere med på Scrappekammeret sin utfordring, bruk noko rødt.

Sydde også nokon soppar til å pynte opp pakkane med.

Pakkelappar med snømenn.






Itillegg til å lage pakkelappar, lærte vertinna oss å lage stjerner. Kjempe artig, desse skal pynte opp juletreet vårt og/eller trolltreet :-)
 

 
Her er soppen i bruk allerede. Veldig kjekt å kunne pynte litt med noko sjølvlaga.

Ha ein fin kveld.
Posted by Picasa
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...