Sider

Viser innlegg med etiketten Heklahuer. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Heklahuer. Vis alle innlegg

mandag 8. desember 2014

Hekla panneband og hue


Eit hekla panneband til ei lita prinsessa i 100% alpakka. 


Prinsessa måtte nok en gang stille som modell ;-) Pannebandet vart veldig mjukt, varmt og ikkje minst søtt til ei lita jente. Om dette ikkje blir solgt på julemessa til helga, skal eg beholde det til prinsessa mi. 


Ellers har eg og hekla ei hue i 100 % ull. Fargane er litt finare i virkligheten, men kom på dagen før eg skulle på julebord og ha med pakke til pakkelek, at eg ville hekle ei hue. Vart ferdig akkurat i tide, men dagslyset var borte vekk før eg fikk tatt bildet og måtte bruke blits. Vinteren er virkelig ei vanskelig tid å ta bilder på. 


I tillegg til hua brente eg litt mandler som eg putta i en liten snømannpose. Gaven falt i smak hos mottakeren og då er eg fornøgd.


Ha en fin kveld.

onsdag 24. september 2014

Hekla blomstereng

Farmora til prinsessa mi strikka ei jakke og begynnelsen på ei hue, men siden det skulle heklast ein del på både jakka og hua lurte ho på om at eg kunne gjere det ferdig siden ho ikkje kan hekle.  Eg syns det såg veldig spennande ut og kasta meg over prosjeket.
 
 
Eg må innrømme at det tok ikkje så veldig lang tid før eg vart litt motlaus, det viste seg nemlig at det skulle heklast ein liten bataljon små blomster :-( Blomstene er små og er relativt kjappe og hekle, men det er smått og litt vanskelig å jobbe med. Tråden er litt tung å hekle med, for ikkje snakke om alle trådane ein må feste :-O

 
Eg tok derfor med meg prosjektet på strikkekafe, og der fikk eg hekla ein god del, og når eg begynte å sjå kor fint dette komme til å bli, så fikk eg hekle lyst og energi igjen. No er det kun litt festing av tråder igjen av hua så er den ferdig :-)

 
Ei lita blomstereng hue :-) Gleder meg til å prøve den på prinsessa.

 
Innimellom dette langtidsprosjektet, jakka skal nemlig ha "litt" blomster den og, så har eg sydd ei ny smikke til prinsessa :-) Greit å bruke opp litt restestoff og ikkje minst praktisk med mange smikker.


tirsdag 29. april 2014

Uglehue

 
Eg har lenge tenkt at eg har lyst å lage ei uglehue til prinsessa, for eg syns dei er så skjønne. I påsken fikk eg endelig sjansen og i dag fikk eg sydd fast tråane. Så fornøgd trippa eg rundt og venta på at ho skulle våkne fra luren sin, berre for å oppdage at hua var for liten :-(
Jaja, ikkje anna å gjere enn å begynne på ei ny, for eg vil ha ei sånn hue til prinsessa ;-)
 
 
Hua er hekla i 100 % alpakkaull, med heklenål nr 3. Hadde ikkje oppskrift, har kun sett på bilder av ulike uglehuer på nettet og lage min variant.

 
Valgte ei sovande ugle og brukte litt trådrester til øyrer :-)
 

 
Hekla også ein liten blomst eg hadde tenkt å ha på hua, men syns den vart litt i største laget og tok for mykje fokus, så den får eg spare til eit anna prosjekt. Oppskrifta på den fann eg på dropsdesign sine sider.



Måtte også legge ved eit bilde av helgas nydelige solnedgang, bildet er tatt på terassen vår. Ser ut til å bli like fin solnedgang i dag, men dessverre er det litt kjøligare i dag og ikkje muligheter for å sitte ute. 

 
Ha ein fin kveld.

onsdag 2. april 2014

OLhue igjen


 Prinsen måtte få OLhue, iallefall siden han spurte så fint om eg kunne lage :-)
Kjekt når han har lyst på heimelaga ting, då er eg ikkje så vanskelig å be.



Han vart kjempefornød og då er eg og fornøgd :-)


Hua er hekla i limagarn fra drops, som er ei blanding av ull og alpakka.
Brukte heklekrok nr 4 og hekla halvstava til eg syns hua var lang nok, denne hua er baggy og såpass stor at eg trur den kan passe neste vinter også :-)


Måtte sette på merkelappen min også.


Ha en fin dag.

onsdag 5. mars 2014

OLhue nr 2

 
Måtte berre hekle ei OLhue til, var kjekke huer å hekle, går ganske fort og slipper å tenke så veldig.
Egentlig burde eg strikke ferdig en genser, som skulle vært ferdig i høst, men mista litt motivasjonen når eg måtte rekke den opp for andre gang. Ammetåke, lite søvn og mønster var tydligvis en dårlig kombinasjon, men eg nærmer meg heldigvis snart ferdig for tredje gang :-)
 
 

 
Hua er hekle med nål nr 5,5 og dobbel tråd viking of norway superwash ullgarn (100% ull). Gikk med tre nøster blå og bittelitt rødt. Det blå er halvstaver, mens det røde er fastmasker. 


 
Theo ytra ønske om at han også hadde lyst på sånn hue, så vi får sjå om det blir ei hue nr 3 også, men hovedpri no blir den gensaren. Skal bli ferdig med den før neste veke.

fredag 21. februar 2014

OL hue

Som så mange andre i strikke og hekle verden er eg blitt bitt av OLhue basillen og måtte berre hekle ei :-) Kjekk hue og lage, så det er mulig at eg må hekle et par til ;-)
 
 
Det varierer litt kor mykje søvn det blir med to små og då er sånne prosjekter geniale, trenger noko som en ikkje trenger å tenke for mykje med. Kan berre slappe av, la nåla gå og nyte å sjå framgang :-)

 
Hua er hekla med nål 5,5 og dobbelt garn silja.
Oppskrifta fann eg her, men siden eg hekla med et anna type garn så stoppa eg å auke når eg kom til 64 masker :-)
 
Ha ein fin kveld.

lørdag 27. oktober 2012

Monsterhue

Ein liten fornøgd prins med sin nye monsterhue :-)
 
 
 
Monsterhue passer perfekt i disse halloweentider, til tross for at vi ikkje feirer det hos oss (enda).
 

 
Hua er laga etter inspirasjon fra et bilde eg har sett, men siden eg verken hadde mønster eller fant igjen bildet, vart hua laga etter kvart som eg hekla. Noko som medførte at eg måtte rekke oppigjen heile tre ganga :-/


 
Hua er hekla med dobbel tråd Drops Merino Extra fine og heklenål 7. Munn, tenner og auge er hekla med restegarn, eg har og har itillegg sydd på auger kjøpt hos stoff og stil.

 
Ha ein fin helg og god halloween til dei som feirer det :-)





fredag 23. september 2011

Nei takk !!!

Pinnekroken hadde ei strikke/hekle utfordring om toving. Eg bestemde meg for å hekle ei hue til prinsen og tove den. Perfekt til vinteren, varm og god. Tova ull, betre blir det ikkje, eller.....

Vel bildet seier vel alt :-/ Prinsen vart ikkje glad ein plass, jaja, eg trøste meg med at den var litt liten uansett.
Hua blir likevel med på utfordinga :-) Så litt nytte gjere den no.
Ha ein fin kveld.
Posted by Picasa

onsdag 13. juli 2011

Heklahue og smekker

Har fått ferdig ein ufo, begynte på hua i vår, men så stagnerte det litt. Så mens eg venta på å få fatt i heklenål til sjalet eg lure på å lage, men som står i fare for å ende opp som enda en ufo, så fikk eg gjort hua ferdig. Siden hua er heilt grå, måtte eg pynte den litt, med ein liten heklablomst og ein blå knapp. Hua er i 100 ull, Eskimogarn fra Drops, så den blir nok god og varm til vinteren.

Nærbilde av blomsten.

Har i tillegg sydd to smekker til ei lyseblå med kvit fleecstoff bak og....


ei gul med dyremønster. Kvit fleece bak denne smekka også.



Her har det vore nydelig sol heile dagen, og vi har knapt vore inne, så lite handarbeid i dag. Ingen krise, med tanke på kor mange dagar i året ein har handarbeidsvêr ;-)

Ha ein fin kveld :-)
Posted by Picasa

søndag 26. juni 2011

Oppskrift på hekla hue i bommull


Hekla hue i bommullsgarn. Eg har brukt Mandarin petit.
Eg har brukt 4 fargar. Mørk blå, mellom blå, lys blå og kvit.

Heklenål nr 4 1/2

Eg har ikkje noko fast mønster på kor breie dei blå stripene skal vere, men dei kvite stripene er kun 1 omg. og alltid mellom kvar blåfarge.

Størrelse: 1 - 1 1/2 år.

Hekle info: Les alltid heile oppskrifta før du begynner.
Kvar omg avsluttast med 1 kjm i 1 kjm på begynnelsen av omg.
m = masker
lm = luftmaske
fm = fastmaske
kjm = kjedemaske

1 omg: Hekl  4 lm og fest saman i ein ring.
2 omg: 6 fm om ringen.
3 omg: * 1 fm i første fm, 2 fm i neste fm* gjenta fra *-* = 9
4 omg: * 1 fm i første fm, 2 fm i neste fm* gjenta fra *-* = 13
5 omg: * 1 fm i første fm, 2 fm i neste fm* gjenta fra *-* =19
6 omg: * 1 fm i første fm, 2 fm i neste fm* gjenta fra *-* =28
7 omg: * 1 fm i første fm, 2 fm i neste fm* gjenta fra *-* =42
8 omg: * 1 fm i første fm, 2 fm i neste fm* gjenta fra *-* =63
9 omg: hekl 1 fm i kvar fm, men auk 6 m jamt fordelt ved å hekle 2 fm i 1 fm.
10 omg: hekl 1 fm i kvar fm, men auk 6 m jamt fordelt ved å hekle 2 fm i 1 fm.
Du skal no ha 75 m.
Fra no av skal du hekle 1 fm i kvar fm til hua måler 15 cm, då skal du felle 5 m jamt fordelt, slik at du sitter igjen med 70 m.
Hekl så 1 fm i kvar fm til hua måler 20 cm. Avslutt med ein omg. med kvitt. Fest alle tråar.

Håpar oppskrifta er forståelig. Kryssar fingrar og tær for at oppskrifta stemmer, iallefall vart det hue hos meg når eg fulgte den:-)
Lykke til og ta kontakt om noko er uklart.
Posted by Picasa

Hekla sommarhue

Deltar på Pinnekroken sin sommarutfordring med denne hua. Har hekla den med kun fastmasker. (Legger ut oppskrifta etterpå, så følg med.) Har hekla ei ganske så lik tidligare, men fikk spm om eg kunne legge ut oppskrift. Det kunne eg såklart, bortsett fra at eg berre hadde hekla i vei uten å skrive ned kva eg hadde gjort. Denne gangen har eg skrive ned alt (håpe eg). Er uansett mykje meir fornøgd denne gangen enn sist, så var kjekt å lage den en gang til.

Hua sett ovanifra.
Posted by Picasa

onsdag 11. mai 2011

Sommarhue

Det nærme seg sommar og då er det påtide å legge vekk vinterhuene. Theo trengde ei lett og god sommerhue, hadde tenkt å kjøpe ei på en butikk eg liker veldig godt, Polarn o pyret. Slik vart det ikkje, for når eg var i butikken såg eg ei heklahue dei hadde og tenkte umiddelbart, sånn vil eg lage. Er jo kjekkast med ting en har laga sjølv ;-) Garnet er mandarin petit, tynt bommulsgarn. Perfekt for ei sommarhue. Resultatet ser de under.




Denne gangen var eg så lur, syns eg sjølv i allefall, at eg feste alle tråane samtidig som eg hekla. Dvs berre en tråd å feste på slutten. Skal gjere dette neste gang og, var heilt supert. Iallefall når ein ikkje like å feste trådar.


Måtte berre legge ut et lite bilde av kveldsen min :-) Hadde så lyst på nokon godt, og kva er vel betre enn litt frukt. Falt i smak hos mannen min og :-)

Ha en fin kveld.

tirsdag 5. april 2011

Alle gode ting er 4


Fire nye huer har sett dagens lys :-) Tre lyseblå og ei fleirfarga, fra str 6 mnd til 2 år :-) Med mindre eg får fleire huebestillinger (noko eg gjerne tar i mot), så blir de ein huepause.



Hua under er også strikka med eskimogarn fra drops, var eit blandingsgarn med mange fargar. Syns det såg fint ut når eg kjøpte garnet, men må innrømme at eg ikkje likte fargekombinasjonen når den var hekla. Prøvde å lage ein dusk for å pynte den litt til, men fortsatt ikkje fornøgd. 



Ha en fin kveld.

mandag 4. april 2011

Heklahue

Skal eg vere modell for ei hue til ???


Hahaha, neimen om eg gidde ;-)
(iallefall er dette smilet til en liten prins som klarte å røske av hua før eg fikk tatt bilde. )

 




Vel vel, slik ser hua ut, ganske så lik alle dei andre eg har laga. Str er 1 1/2  til 2 år. 





mandag 28. februar 2011

Enda ei..........

Tør nesten ikkje seie det høgt en gang, får kviskre, her komme enda ei heklahue ;-) Syns dei er så artige å hekle, går veldig fort og resultatet blir bra. Perfekt handarbeid å ha liggande, ein kan begynne å stoppe når som helst uten å komme utav det. I løpet av ein dag sitte eg mykje på gulvet å leike med min søte prins, men det hender av og til at han leike fint aleine. Då hive eg meg over ei hue. Når eg då må hive det fra meg, fordi han finne på noko "lurt", må redde han fra å dette, redde ein pynteting fra eit liv i deler eller han er lei av å leike aleine, går det heilt fint. Ingen ting som rakne, ingen telling å komme utav eller vanskelige mønster å huske. Rett og slett eit perfekt pause arbeid. Så det blir nok sikkert ikkje siste hua dåke ser her inne :-/

Under ser de nærbilde av hua, litt meir riktige farga enn på dei andre bildene. Burde såklart ta bilde om dagen i dagslys uten blits, men og dette er et stort men. Då føler eg at tida ikkje strekke til, med prinsen min, skulearbeid (studere vernepleien på deltid), forberede leiligheta til salg (skal flytte i hus i mai), ellers div ein må gjere i løpet av en dag (les: klesvask (haugen blir aldri tom, div rydding, lage middag, barseltreff, babysang/leikegruppe, babysvømming osv..) Hektisk å vere husmor, men vanvittig koslig. Nyte kvart eit sekund. Eller iallefall 99 % av sekunda.






Tenke nok at denne hua også komme i eplabutikken min. (Må berre ta nye bilder, fargane vart så feil.) Trykk her så kjem du direkte inn. Perfekte?? små gaver til deg eller nokon du vil glede. 100 % heimelaga :-)
Takk for alle koslige kommentare :-) Blir veldig glad for kvar einaste ein :-)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...