Sider

onsdag 20. juli 2011

Ferie, sommar og sol...

Er tre ting eg ikkje får oppleve denne sommaren :-( jaja, kjem fleire muligheter. Ferien blir brukt til å male både ute og inne. Egentlig var planen å male seg heilt ferdig ute først, så ta inne, men takka vere mangelen på oppholdsvær så stagnerte utemalinga fullstending. Då var det like greit å få gjort litt inne. Smaken er som baken og eg har full respekt for at nokon likar røde hus med grønne lister, men det er ikkje smaken min. Eg likar ting lyst og lett og då følte eg at spesielt grønnfargen skreik mot meg.


Då var det berre å ta malekosten fatt :-) Vi maler lysegrått. Først tenkte eg å male kvitt, men kvitt ville forsterka rødfargen, eg ønske derimot å dempe den noko grått gjer. Seinare, dvs om nokon år, så skal vi male rødfargen også, litt usikker på kva farge vi skal velge, men blir ganske sikkert noko lyst.


Ferdig med første strøk på døra :-)





Syns det vart eit heilt anna inngangsparti og er strålande fornøgd.


Garasjedøra slapp ikkje unna malarkosten den heller :-)



Posted by Picasa

Kjempe fornøgd så langt, så no er det berre å krysse fingrane for litt oppholdsvær slik at vi får malt resten. I kveld blir det derimot innemaling, vi har nemleg bestemt oss for å male gulvet i stua. Bilder kjem, når vi er ferdige :-)

Ha ein fin kveld

3 kommentarer:

  1. Dette blir bra! Enig med deg ang grønnfargen, særlig i kombinasjon med det røde! ;)

    SvarSlett
  2. Blir nok fint når det blir ferdig, men typisk Vestlandet så regnar det mykje av tida ein har tenkt å få gjort noko ute.

    SvarSlett
  3. Det blei masse betre berre av det lille, blir nok kjempebra når alt er ferdig

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...