Sider

søndag 25. desember 2011

Julebordet

Det er mange grunnar til at eg ikkje er ein interiørblogger.

1. Det er kjekt å ta bilder, men å huske å ta bilder av bord og pynt før gjestene komme. Eg får det ikkje til :-(
2. Ein bør kunne pynte fint, og då snakke vi ikkje sånn vanlig fint, men interiørblogger fint. Eg mistenke dei for å bruke veeeeldig lang tid.
3. Livet mitt er perfekt, men ikkje interiørblogger perfekt. Der finnes det nemlig ikkje rot, grinande unger eller stress hos interiørbloggerne. (Iallefall ser det ikkje sånn ut.)


Julafta var ingen unntak, eg pynta bordet og var ganske fornøgd, men bilde?? Nei det gløymde eg. Så derfor juksa eg litt og pynta det neste likt i dag :-)
(Det er lov å jukse litt i bloggverden)

Lysa har eg blogga om tidligare, syns dei pynta fint opp.



 
Røde roser syns eg vart ein fin kontrast til alt det lyse.

 

Ok, det var ikkje interiørblogger fint, men fint nok for oss.
Bilde vart tatt dagen etter, litt meg det og, hende eg er ute litt i siste liten, men.....
sist, men ikkje minst, julafta var heilt perfekt :-)
Posted by Picasa

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...