Sider

lørdag 7. januar 2012

Kor vart Knut av???

 Gjennom heile barndommen så høyrde eg at Trettende dag Knut, kaste jula ut.
Vel i går var det trettende dag jul og eg såg ingen ting til han der Knut? Har han gløymt oss? Eller syns han det vart for langt å reise fra Sunnfjord til Haugesund?

Uansett, no var vi klar for å kaste ut jula, med eller uten Knut.
Juletreet og pynten vart pakka ned og stua på loftet. (Ja du leste rett, vi pakka ned treet og. Då vi er fleire i huset med fisefine allerginaser så blir det sånn.)

Å ja, juletreduken er såklart heimelaga :-) Den laga eg sammen med min bestemor og bestefar, når eg var sånn ca 9 -10 år.

Vel det nye slagordet her i familien får då bli:
Fjortende dag Lasse, hive jula i ein kasse ;-)
Posted by Picasa

3 kommentarer:

  1. Det er noko som heiter tjuande dag og så kanskje du tok treet ut for tidleg.
    Så moro å sjå igjen juletreduken, hugsar godt eg laga slik eg og.

    SvarSlett
  2. Så koselig en juletreduk du har!
    Artig å ha slike gode juleminner fra en svunnen tid, om jeg får lov til å si det :)
    Ha en fin lørdag kveld!

    SvarSlett
  3. Den heilage Knut Lavand har minnedag 7. januar. Tidlegare hadde han minnedag 13. januar, altså tjuande dag jul. Dette vart til uttrykket «tjuande dag Knut». Det kan sjølvsagt også ha vorte blanda saman med «trettande dag jul» til «trettande dag Knut», sidan både 6. og 13. januar har tradisjonar for å vere dagen der jula er slutt.

    Forøvrig heldt Knut til i områda som i dag er delt mellom Danmark og Tyskland og er gravlagd på Sjælland, så det er nok ein enklare tur til Haugesund enn Sunnfjord. ;)

    Steinar (som ikkje kan bidra med scrapping, hekling, strikking eller slikt, men har ei dille på helgenar.)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...