Sider

lørdag 28. juni 2014

Sommerstrikking

Då har eg og kasta meg over sommerbasillen som går, klutestrikking etter Bittamis oppskrifter :-) 
Strengt tatt galskap å bruke timar på å strikke en klut som skal brukast til å vaske med, som en itillegg kan kjøpe for en slikk og ingen ting på butikken. 
Men, klutane på butikken er jo ikkje så fine, itillegg så er klutestrikking meget kjekt sommararbeid. Orke ikkje dei store ullarbeida, når det er sol og sommer :-) 


Heilt fornøgd er eg likevel ikkje, klutestrikkingsideen kom nemlig over meg ein kveld, og då måtte eg bruke det garnet eg hadde liggande, som var mandarin petit. Kjekt garn i utgangspunktet, men til klutestrikk syns eg det vart for tynt og larvete.
Eg trudde nemlig eg hadde lest at det var riktig garn til kjøkkenklut, men tydligvis har eg komme i brillealderen, for det sto vaskeklut ;-) Til kjøkkenklutar skulle en bruke tykkare garn, så det er ikkje så rart eg syns det vart litt larvete. Til vaskeklut syns eg nemlig det passer veldig godt. 


Litt nærbilde av mønsteret :-)



Vel galskapen er ikkje over, eg har nemlig begynt på klut nr to, denne gangen i riktig garn for å lage ein kjøkkenklut. 
God helg.



2 kommentarer:

  1. Kluten er fin i alle fall! Du kan vel bruke den til vaskeklut? Jeg nøyer meg med å se denne gangen også.

    Lykke til med den neste!

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
  2. Vart veldig fin klut, men trur eg og nøye meg med å sjå.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...