Sider

torsdag 28. mars 2013

Påskeverksted

Det fantastiske med påskeferien er at du har god tid og ingen ting du må. Noko av det kjekkaste eg veit er å holde på med nokon kreativt og gjerne sammen med min lille prins. I dag var det pynting av påskekyllingar som sto på plakaten.
 
Dei vart nøye malt for nokon dagar sidan, av en meget konsentrert liten prins. Der er ikkje fritt for at han legger litt tjukt på med maling, så god tørketid er viktig.
 
 
Så var det endelig tid for pynting og han gleda seg spesielt til å gi kruner til kyllingane.


Krunene er kjøpt på Panduro, og passa perfekt til vattegga, som også er handla inn der.




Auger, nebb og fjøyr vart også sirlig satt på.
 

 

 
Der er ikkje fritt for at det vart brukt i overkant med lim, men det er jo berre litt av sjarmen. Dessuten så hadde eg vært så lur (syns eg sjølv i allefall ;-) at eg valgte en lim som "forsvinner" når den tørker.

 
Nokon vart bittelitt skeive i munnen også, men handlaga ting skal jo ikkje være perfekt :-)


En liten kyllingflokk klart til å pynte huset :-)
 

 
Å vere kreativ tar på, så då kan det hende at en sovner sånn.

 
Ha en fin og kreativ påske videre :-)

onsdag 27. mars 2013

Påskekos i sola :-)

I år feirer vi påska i Haugesund og nyter dei flotte soldagane :-) Ingen ting er vel kjekkare enn familifri, sol og vår. I dag gikk turen til Vangen, ein flott leikeplass, med niste og kakao i sekken :-)
 
 
Kjekt å "dompe" med pappa :-)
 
 
 
 
Et lite spøkelse i farta, iallefall så er det refleksen som tar mest oppmerksomhet her. Sånn er det når en skal ta bilder i sola, ikkje lett.



Til lunsj var det varme karbonader, kakao og påskesjokolade til slutt. Så koselig.
Å berre for å ha det sagt, magen har vokse litt i det siste, men det er ikkje pga påskesnopet ;-) Meir at vi går fra en familie på tre til en på fire :-)
 
 
Ha ei kjempe fin påske vidare :-)

fredag 22. mars 2013

Å vi maler og vi maler, ......

å det blir så fint og flott :-)
Vår lille kunstnerspire er veldig glad i å male og tegne. Av og til får han male på lærret, av og til på ark eller små kuler som blir til påskekyllinger. Samlingen av ulike kunstverk er etterkvart blitt stor og fin.
 
 

 
Helst vil han at kunsten skal stå fint plassert i trappeoppgangen...

 
eller hengast på veggen.
Ingen ting er kjekkare enn å pynte med kunstverka hans, men en kjem liksom til ei smertegrense en dag, for kor masse kunst en kan ha på veggane.
(Iallfall syns mammaen i huset at det er kjekt å sjå litt vegg også.)

 
Derfor har eg gått til innkjøp av en liten kunstperm, med god plass til tusenvis av søte små tegningar. På Staples fann eg ein kvit perm med mulighet for å pynte opp framsida med ein tegning :-)


 
Inni var det god plass til alle kunstverka til prinsen, fint lagt i plastlommer så dei helde seg fine for alltid. Sist men ikkje minst, en har mulighet til å legge tegningane kronologisk slik at en heile veien kan sjå korleis han utvikler seg på tegnefronten. (Organisatoren i meg vart iallefall superfornøgd :-)

 
Så no kan prinsen tegne i vei, her er det god plass :-)
 
God helg :-)

onsdag 20. mars 2013

Påskestrikk

Påsken har komme litt tidlig til huset vårt i år, med påskeverksted for både liten og stor. På nille.no sine sider fann eg inspirasjon til strikka påskeegg i en grønn eggekartong. Syns det såg så koselig ut at eg berre måtte prøve. Så derfor bar det til butikken for å kjøpe en grønn eggekartong, med 6 egg, til tross for at vi allerede hadde ca 24 egg i kjøleskapet fra før. Garanterer at mannen i huset himla godt med augene då ja, men må man ha en grønn eggekartong så må man.
 
 
Oppskrift til egga finn de nederst på sida her, veldig enkel oppskrift. Eg har kun gjort litt forandringa. I oppskrifta sto det at en skulle bruke vanlige egg, uten innhold, eg brukte fyllvatt istedetfor. Vart like fint og veldig enkelt. Egentlig skulle en også strikke egga fram og tilbake, for så å sy dei sammen etterpå. Eg brukte heller strømpepinnar og strikka rundt og rundt. Hullet som vart i bunnen, brukte eg til å stappe fyllvatt i før eg sydde det fint igjen.

 
Egga tenkte eg skulle få være med på pinnekroken sin mars konkurranse Gult er kult :-)



 
Siden eg fann oppskriften gratis på ulike nettsider, blant anna hjem.no, så tar eg sjansen på å legge den ut på bloggen min også. Vil du strikke egga slik eg gjorde så følger du oppskriften, men bruker strømpepinner, strikker rundt og rundt, og strikker derfor rett der det står vrangt.
 
Her er Arne & Carlos' eggmønster. Bruk pinne nummer 3 og garn som passer til pinnene.
Legg opp 14 m.
1.pinne: 14 vr
2.pinne: 1r X øk 1,2r X øk 1, 1r
3.pinne: 21 vr
4.pinne: 1r, X øk 1, 3r X, øk 1,2r
5.pinne: 28 vr
6.pinne: 1,r, X øk 1,4r X øk 1,3r
7.pinne: vr
8.pinne: r
9.pinne:vr
10.pinne: r
11.pinne: vr
12.pinne:r
13.pinne: vr
14.pinne: r
15.pinne: vr
16.pinne: r
17.pinne: 1vr, X 2vr sm, 3vr X , 2vr sm, 2vr
18.pinne: 28 r
19 pinne: 28 vr
20.pinne: 1r, X 2r sm, 2r X, 2r sm, 1r
21.pinne: 21 vr
22.pinne: 21 r
23.pinne: 1vr, X 2vr sm, 1vr X, 2vr sm
24.pinne: 14 r
25.pinne: 14vr
26.pinne: 1r, X 2r sm X 1r
Klipp av tråden og trekk den gjennom de siste maskene. Fest tråder. Damp og legg trekket rundt egget og sy sammen i siden.

søndag 17. mars 2013

Serviett pomponger

Med nytt kort til kameraet mitt og ein fiksa pc så er endelig alt på plass så eg får blogga skikkelig igjen :-) Så då tenkte eg at eg måtte vise fram serviettpompongene som eg lage til min mann sin 30 års dag. Endelig fikk eg det til, har prøvd fleire gongar uten hell, men denne gangen gikk det kjempe fint. Det var kjempe artig å lage dei første 4, men..........så kom dei ti neste...
Jaja, eg kom i mål og vart fornøgd. 
 
  
 
Ein liten gjeng klar for å bli til pomponger :-)

 
 
Halvveis i "rufsinga".


 
Alle pompongene fint dandert på kvar sin tallerken :-)


 
Måtte ha med eit bilde av dei fine rosene våra og.

 
Ha ein fin søndag :-)

tirsdag 5. mars 2013

Gult er kult

Endelig et blogginnlegg igjen, det mangle egentlig ikkje på ting å blogge om, men pcen vår er dessverre i uorden og det gjere alt veldig vanskelig. Så derfor blir det kun mobilbilder her, for det er einaste måten å få blogga på foreløbig.

Utfordringsbloggen Pinnekorken har en utfordring denne mnd, gult er kult, som eg hadde så lyst å bli med på. Har derfor hekla ein liten påskekylling med litt restegarn eg hadde liggande :-)



Kyllingen delvis klekt ut av egget sitt :-)


Hekla først et ovalt egg, putta inni litt fyllvatt fra Stoff og Stil, og limte tilslutt på auge og nebb av litt filt rester.


Eggeskallet kan tas av og på som en vil. Hekla ein picotkant rundt eggeskalla, slik at det skal sjå ut som at egget har knekt i to.


Inspirasjon til egget fann eg på bloggen redhotfibers.blogspot.no, men fordi eg (i latskapens navn) ikkje orka å lese ei engelsk hekle oppskrift, så fann eg på mi eiga. Egget og skallet vart til mens eg hekla, enkelt og greit :-)
Ha en fin kveld :-)


søndag 3. februar 2013

Dukkesokkar

Siden eg har komme over sokkebarriæren, tenkte eg det var på sin plass og strikke et par til dukka. Då fikk eg brukt opp resten av nøstet, og med tanke på at eg haddde 10 cm igjen, vil eg påstå det var hårfin beregning :-) Dukka er den eg hadde når eg var liten og buksa, gensaren og hua er strikka av min bestemor.
 
 
Valget falt på et par tubesokkar, etter tips av ei eg jobber med. Ho gav meg kjapt ei oppskrift som var veldig enkel å følge: Legg opp passelig med masker, strikk to rett og to vrang i fire omganger, forskyv ei maske kvar 4 omgang, slik at sokkane blir som ein spiral. Fell av når du syns sokkane er lange nok :-)
 
 
 
Sokkane satt perfekt på dukka :-)

 
Ha ein fin kveld :-)





tirsdag 29. januar 2013

Mine første strikkasokker :-)

 
Eg har strikka mitt aller første sokkepar :-)
Har lenge tenkt at eg burde lære meg å strikke sokkar, men syns det er så demotiverande å skulle strikke to heilt like :-/
Så for ca 4 -5 år sidan, så kjøpte eg eit nøste med Viking frøya strømpegarn 80% ull og 20% nylon. I den tru at berre fargane var motiverande nok, så fikk eg lyst å strikke sokkar. Lysten kom ikkje før på søndag, og to dagar seinare var sokkane ferdige. Det gikk fort, var egentlig ikkje så vanskelig og resultatet vart fult brukande, så det kan vere at min motstand mot å strikke sokkar er borte :-)
(iallefall så lenge vi snakker barnesokkar)
 
 
Sokkane vart litt i minste laget for prinsen vår, men men...
Eg er fornøgd likevel, finner sikkert alltid nokon som trenger et par sokkar i str 18 mnd.

 
Sokkane er strikka på pinner nr 3,5 og oppskrifta er fra dropsdesign.no


Måtte berre avslutte med et lite tåbilde, rett og slett fordi eg vart ganske så fornøgd med den tåfellinga :-)

 
Ha ein fin strikkekveld.

fredag 25. januar 2013

Restegarn tøfler

 
Endelig litt fart på strikkepinnane igjen, det var på tide, etter en lang pause. Då var det kjekt å begynne med noko lite. Pinnekorken har utfordring denne mnd, som heiter restegarn og premien var så fristande at eg berre måtte finne strikkeformen igjen.
 
Valget falt då på et par tøfler i str 0-3 mnd, og garnet er rester etter en kjole eg strikka i høst.
 
 
Rillestrikkede DROPS tøfler med heklekant i ”Baby Merino”.


 
Rundt kanten er det hekla ein picot kant.

 
Restegarnberget er dessverre ganske stort, så eg burde strikka mykje meir fra det, men dette var iallefall en liten start.
Tøflene har ingen eigar enda, men alltid kjekt med litt småstrikk i gavekassen :-)
 
Ha ein fin kveld.
 





tirsdag 1. januar 2013

Godt nytt år !!

 

Godt nytt år!!

Håper alle har hatt ei kjempe fin jul og ei flott nyttårsfeiring. Her i huset koste vi oss med god mat og hyggelig familiebesøk.
 
 
 
 
 
Til dei som lurte på om bloggen var nedlagt, nei, berre formen som ikkje har vært heilt der den skulle være. Då er dessverre bloggen noko av det som blir nedprioritert. Forhåpentligvis er formen stigande no, så då satse eg på litt oppdatteringar framover.
 
 Så i stedet for blogging har mykje av tida blitt brukt til sofasliting.
 
 
Til slutt må eg berre hive med blide av den flotte lille prinsen vår, på vei til nissefest i barnehagen.



Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...