Sider

mandag 29. august 2011

Tilbake :-)

 Det har vore kjedelig stille på bloggen min i det siste, men det har definnitivt ikkje mangla på ting som skjer. Prinsen har begynt i barnehage, litt merkelig. Savne han veldig og skulle gjerne vore meir heime med han. Likevel kjenne eg at det er godt å jobbe litt igjen. Har egentlig permisjon til 1 september, men har tatt litt ekstravakter og nyte å vere tilbake. Einaste skåret i gleden er at eg ikkje får vere heime med prinsen. Sånn er det, det bur ein Ole Brumm i oss alle; ja takk begge deler. Synd det ikkje alltid er like enkelt å få til.

Prinsen har også begynt å ete sjølv, har gjort det litt før også, men no er det alvor. Ingen får hjelpe :-)

Han er veldig flink syns eg, men "litt" gris blir det.

Gode klemmar er viktig.


Er også i full gang med å strikke ei voksejakke til han, etter oppskrift frå Nøstebarn. Den blir strikka i eitt stykke, så ser litt merkelig ut no, men satse på den blir bra til slutt.



Ellers tusen takk for alle dei fine kommentarane på Moods of Haugesund vesten, skal legge ut oppskrift ein dag, men må berre finne notatane igjen :-/ Må skaffe meg ei lita notatbok.

Posted by Picasa

1 kommentar:

  1. Så mange fine bilder. Fin farge på jakke du har starta på.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...