Sider

lørdag 30. oktober 2010

Gaveboks

Dei siste ni vekene har eg hatt praksis ved ein sjukeheim i Haugesund, og i måra er min siste dag. Litt blanda følelser til det, ein del av meg gleder meg stort til å gå tilbake i mammapermisjon og berre nyte dagane med prinsen min. Ein annan del seier at eg komme til å savne sjukeheimen stort. Det har vore såå kjekt å ha praksis der. Super plass med mange knall kjekke kollegaer. I dag var eg innom og hadde pause sammen med dei, koste oss med is og nonstop, koslig avslutning. Vernepleiaren som har vore veiledaren min har vore så koslig, flink og lært meg mykje. Derfor hadde eg lyst å gjere litt stas på ho. Laga difor ein liten gaveboks til ho, som eg la litt godt oppi. Gløymde jo såklart å ta bilde:-( Heldigvis laga eg ein boks til, ikkje heilt lik, men ganske, skal ha den sjølv til pynt på stuebordet. Her er bilder:







Kva du vil ha oppi boksen velger du sjølv, men størrelse messig passe det perfekt med to gullbrød oppåkvarandre + fire ferrero rocher.
Oppskrifta på denne boksen fann eg hos Randi`s lille blogg. Ho er utruleg flink, ta ein titt på sida hennar
http://egenblogg-rantho.blogspot.com


Takk for at du er innom bloggen min, legg gjerne igjen ein kommentar:-) God helg:-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...