Sider

mandag 29. mars 2010

Tøfler




Endelig fikk eg gjort ferdig eit par heklatøfler. Har strikka halve køyreposen og måtte ha ein liten pause. Like å variere. Tøflene har lagt halvferdige i strikkekorga mi lenge, så det var på tide å gjere dei ferdige. Oppskrifta fann eg på dropsdesign.no. Kjempe kjekk side, med masse gratis oppskrifter. Tølene er i størrelse 39 ca, og blir nok en gave tenke eg. Garnet eg har brukt er drops eskimo, 100% ull, så tøflene skal vere varme og gode.

tirsdag 23. mars 2010

Kjørepose

Då har eg vore ute å kjøpt garn til ein kjørepose, glede meg til å begynne å strikke på den. Har riktignok, dessverre, ein god del halvferdige prosjekt liggande, men er så fristande å strikke til den lille no. Dei andre prosjekta kan eg ta innimellom:-) Kjekt å kunne bytte litt på også, alt etter kva humør ein er i. Ellers tenkte eg at eg måtte få laga 2 konfirmasjonskort snart, greit å ha det ferdig før prinsen kjem, vanskelig å seie kor god tid eg får etterpå. Har riktignok "bestilt" ein snill baby som sove godt om natta, men..... ;-)

mandag 22. mars 2010

Sparkebukse




Då var sparkebuksa endelig ferdig :-) Gikk velidg fint og fort når eg kom i gang med siste rest. Ser nokon små "skjønnhets" feil, men men. No er det berre for prinsen å komme :-) Mønsteret er fra samme Dalegarn heftet som eg fann babyteppet. Garnet har eg kjøpt på garnkroa i Haugesund. Lure litt på kva neste prosjekt skal bli?

søndag 21. mars 2010

Knappehullskrekk

I over to mnd har eg hatt ein nesten ferdig sparkebukse liggande, einaste som mangla er ein kant langs beina, hals og ermer. Har måtte eg plukke opp masker og i tillegg lage knappehull :-S O store skrekk. Har strikka ein del, men aldri prøvd det. Så derfor har buksa blitt liggande, men siden buksa er strikka i størrelse ein mnd og det er halvanna veke til termin fann eg i går ut at no måtte eg. Med svigermor sine gode tips i bakhovudet sattte eg i gang, og så viste det seg at det slett ikkje var så vanskelig:-) Angre litt på at eg har brukt sååå lang tid på å kvi meg, men men ...... Strikkelysten er iallefall på topp etter denne oppturen, så kanskje blir eg ferdig allerede i kveld:-)

fredag 19. mars 2010

Babyteppe











Med ein prins i vente måtte eg strikke eit babyteppe i vaffelmønster. Mønsteret og garnet er fra Dalegarn, i ull og lyseblått. Teppet er mjukt og varmt så eg gleder meg til å kunne legge prinsen i det. Satse på at det ikkje er så lenge til. Dessverre var det litt vanskelig å ta gode bilder av det.

Kort til gullbryllup











Enda eit scrappekort. Dette vart laga til min mann sine besteforeldre sitt gullbryllup. Her har eg brukt fantasien, men er nok inspirert av ulike scrappekort eg har sett.

Bursdagskort




Bursdagskort laga av dorullhylse, lærte teknikken på eit scrappetreff. Eit enkelt, lite kort som ikkje tar for lang tid å lage.

After eightøskje som konfirmasjonskort




Ikkje så lenge etterpå fekk eg ei bestilling på ei after eightøksje, som skulle brukast som konfirmasjonskort. Kjempe kjekt å få litt bestillingar også. Denne gangen la eg eit lite kort oppå sjokoladen, slik at når øskja vart opna så såg ho kortet. Litt greit at dei som skulle gi "kortet" hadde en plass å skrive også.

Scrappa after eightøskje




Laga denne after eightøskja for nesten eit år sidan, til svigermor sin bursdag. Var den første eg laga, oppskrifta fann eg i eit scrappeblad. Var utruleg kjekt å lage, så det komme nok til å bli laga fleire.

torsdag 18. mars 2010

Nybegynner

Endeleg fekk eg meg blogg eg og, måtte jo nesten det når min farmor på 70 har det :-) Her komme eg til å legge inn bilder og skrive litt om dei ulike hobbyane mine. Har lite erfaring med blogging, så veien blir til etter kvart:-)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...