Sider

Viser innlegg med etiketten barn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten barn. Vis alle innlegg

fredag 9. januar 2015

Strikka nøstebarnhals

Etter en runde i restegarnkorga fann eg ein rest med drops babymerino, og det var nok til ein liten nøstebarnhals. Har meir rester av akkurat denne fargen, men ikkje med samme innfarging, så då må en finne prosjekter som passer akkurat.
 Denne halsen var rask å strikke og kommer til å bli veldig god til neste høst, når prinsessa skal i barnehage. 


Drops babymerino er et veldig mjukt og godt garn som ikkje klør. Itillegg kan det vaskast på 40 grader, noko som kan være greit om det skal brukast i barnehagen. 
Til denne halsen gikk det med nøyaktig 40 gram :-)


Oppskrifta fann eg i boka Strikk til nøstebarn. Ei veldig kjekk strikkebok eg absolutt kan anbefale, har strikka ein del fra den :-)


Neste prosjekt består av en lampeskjerm og 14 nøster i turkis ;-) Forhåpentligvis blir resultatet bra og bloggbart ;-)


Ha en fin kveld :-)

søndag 21. desember 2014

4 søndag i advent

Då var alle lysa tent og julekvelden er rett rundt hjørnet. Dvs eg syns det, men spør du 4 åringen her i huset så syns han at det er evigheter til jul ;-)


Huset er julepynta og treet har fått ein lite hekla engel :-) Kjekt med litt personlig pynt på treet. 


Har laga mange av dei tidligare og brukt dei til blant anna å pynte julegaver med, men i år laga eg en til meg sjølv til å ha på treet. 


Tilde har fått sin egen blånissehue og var meget fornøgd med det. Den var et resultat av at eg ville bruke opp rester etter at eg strikka hua til Theo, men gløymde å vege restene og kom litt over halvveis før eg gikk tom for garn. Då var det berre å kjøpe to nye nøster, og gjett kven som no sitter med enda meir rester enn før ho begynte å strikke opp restene :-/ Hahaha...skal ikkje være greit :-)


I dag var det også skitnesøndag og då er det viktig å ha smalahover til middag. Det er ein tradisjon eg har vokse opp med og må til for å få den rette julefølelsen. Etter mi meining årets beste middag. 


Ellers har vi også fått tid til litt juleverksted.



En konsentrert liten prins :-)



Tre søte snømenn vart laga, og har fått plass i nisselandsbyen vår :-) Den skal eg heller vise bilder av en annen dag.


Ha en fin dag og god jul :-)



lørdag 6. desember 2014

Strikkahue med hjerteknapper

Blitt mykje hue strikking i det siste, denne gangen har eg strikka ei hue i babylama garn og prinsessa måtte nok en gang stille som modell ;-)  


Garnet har lagt i strikkekurva lenge. Kjøpte nemlig fleire nøster for ei god stund sidan til eit anna prosjekt, men det var nesten et heilt garnnøste igjen. Siden babylama garn er ganske dyrt, har det blitt liggande i påvente av rett prosjekt. No følte eg det var på tide å bruke garnet og enda opp med å strikke ei hue i str 1 til 2 år.  Kjempe fornøgd med valget, for hua vart veldig mjuk og god. 


Måtte pynte opp hua med to hjerteknapper i tre. Hua er også strikka med samme oppskrift som dei kvite huene eg har lagt ut tidligare. 


Ha en kjempe fin helg :-)

lørdag 29. november 2014

Strikkahuer til barn

Ei tid tilbake fikk eg i oppdrag å strikke to huer som skulle være lyse, enkle, med rett/vrang kant, dusk, band og en liten detalj. Siden eg ikkje fann ei oppskrift som eg syntes passa heilt, laga eg oppskrift sjølv. 
Første hua vart litt liten, og vart Tilde sin, men hue to og tre vart perfekte i størrelsen :-)



Veit ikkje om det er lov å seie det sjølv, men vart veldig fornøgd med huene. Sitter veldig godt på, samtidig som dei er varme og mjuke. Strikka i drops merino ekstra fine på pinne nr 4. 


Sydde også på ein liten bamseknapp på kvar av huene.


Banda er strikka på pinne nr 3 og er strikka fast i sjølve hua.





Garnet er 100% ull, men tåler 40 grader i vask, noko som er veldig greit om en vil ha kvite huer til barn :-)


Ha en fin kveld.


onsdag 4. juni 2014

Hekla is


Prinsen la fram ønske om meir mat til leikekjøkkenet sitt, og denne gangen hadde han lyst på en is med kirsebær på toppen :-) 



Resultatet vart to kuleis i kjeks med kirsebær på toppen :-) Kulene vart veldig greie, men kjeksen vart det alt for store huller i sjølv om eg fulgte oppskrifta, så eg måtte ha eit svart tøystykke inni for at ikkje vatten skulle tyte ut. 


Sjølv om eg ikkje vart hundre prosent fornøgd, så vart prinsen det, så han har lagt inn bestilling på to is til ;-)


Ha en fin dag :-)

søndag 8. desember 2013

DIY: heimelaga krabbekostyme

Prinsen vår syns turn er heilt fantastisk og gleder seg til turnleik kvar torsdag. I dag var det tid for årets juleforestilling og partiet hans skulle kle seg ut inspirert av filmen "den lille havfruen." Dette har eg vist i ca to veker, har og vist at eg då ville kle han opp som krabbe. Likevel ender eg opp med å lage kostymet dagen før :-/
 
 
Selvgjort er velgjort heiter det, så derfor bestemte eg meg for å lage deler av kostymet sjølv. (Ikkje at eg hadde så mykje valg heller, ein lørdagskveld.) Fann ein gammal genser, teikna malar på matpapir og klipte i vei.
Akkurat her i prosessen, kikkar min mann på meg og seier så fint; "du skal ikkje begynne å lage det sjølv?" Så skeptisk.
(Mulig pga mitt litt trøblete forhold til symaskina og at klokka nærma seg 22 på kvelden.)
 
Vart litt skeptisk sjøv også då, med tanke på at eg ikkje er så veldig god med symaskina, klokka var nesten legge tid og eg var ganske så forkjøla. Likevel fann eg ut at eg hadde lite valg, prinsen min måtte jo ha eit kostyme.
Så eg berre bestemte meg for at dette måtte eg få til, sydde sammen hua og limte på augene som består av kvite filtrundingar og beveglige auger fra søstrene grene.
 
Resultatet ser de under og eg må berre seie at til å ikkje kunne sy så er eg meget fornøg, hua vart mykje betre enn eg frykta.
 
 
Resten av kostymet var ein raud ullstilongs og ein raud gensar, enkelt og greit. Det viktigaste er at prinsen vart fornøgd og då er eg fornøgd. 
Mammahjertet smelta jo litt når han så fint seier til meg; "mamma du er så flink".


Han storkoste seg på forestillingen sammen med sin pappa :-)

 
Ha ein fin kveld.

fredag 6. desember 2013

6 desember, heklaengler og serinakaker

Siste dagane har det skjedd forbausande lite på handarbeidsfronten, til tross for at prinsessa og eg ikkje har vært så mykje som ein liten meter utanfor huset eingang.
Først av alt har vi begge vært litt småslakke og brukt dagane på å konkurrere om kven som kan nyse flest ganger på rad ;-)
Den andre årsaken er tidenes vinterstorm.  
Av og til kan det være koslig å være inne med kakao, ei god bok eller kose seg med litt juleverksted med ungane, mens vinden blåser og regnet piskar på vindauga. Ikkje denne gangen, det var tider at huset knirka så ille at eg lurte på om det kom til å gi etter :-(
Då blir det litt i meste laget for min del.

 
Så det einaste som eg har fått laga siste dagane, er denne lille engelen her, som skal få bli pynt på ei julegave. Syns det er så koslig med gråpapir eller einsfarga julepapir, for så å pynte opp gaven med band og ein liten handarbeidsting. Blir plutslig mykje meir personlig.
 
 
 
Ellers så har prinsen vært med å laga serinakaker med meg i dag. Fann ut at det var på tide å begynne med litt julebakst, tross alt berre 18 dager igjen til jul.
(Puster med magen og prøver å ikkje få panikk.)

 

 
Prinsen syns dette var kjekke kaker å lage, mest sansynlig fordi han kunne få gjere mest mulig sjølv, med kun litt hjelp fra meg. Han er ein sjølvstendig liten gut, som absolutt er i "klare sjølv" fasen, til stor glede og fustrasjon for mammaen ;-)

 
Vart nokon serinakakerslanger også, for det måtte ein ha meinte prinsen.

 
Ein del av kakene fikk komme i juleboks og glass, men jammen meg så forsvann det ikkje ein god del på veien også. Så det spørs om ikkje vi må lage dei ein gang til om ikkje så alt for lenge.

 
Ha ei fin helg.
 

lørdag 19. oktober 2013

Strikkagenser i ull og alpakka

Endelig ferdig med ein strikkagenser i ull og alpakka, satser på at den vil holde mottakeren god og varm gjennom barnehagevinteren. For ei tid tilbake gjorde eg nemlig ein byttehandel, fikk masse fine jakker og kle til prinsessa, mot to strikkagensara til to barnehageprinsesser. No er den eine ferdig og nr to er på pinnane :-)
 
Gensaren er strikka i Drops Lima eit garn som består av 65 % ull og 35 % alpakka, så satser på at det skal bli godt og varmt. Har til og med vaska den i maskinen på ullprogram, for å sjekke om det går. Var litt nærvøs når eg skulle hente ut gensaren, siden det står handvask på den, heldigvis kom den ut like stor som før :-)
 
 
Fargane er brun og rosa, tenkte det var greit med litt mørke fargar siden det skal være en barnehagegenser, samtidig som eg er veldig glad i den fargekombinasjonen.

 
Prinsen fikk være modell, i tillegg fikk eg då sjekka om størrelsen var ok. Siden ho som skal ha genseren er omtrent like stor som prinsen min. Mønsteret er fra http://www.pickles.no/
Eg har brukt størrelse 6 år, fordi eg veit at eg strikker mykje fastare enn oppskriftene tilseier på Pickles.

 
Baksiden.
Gensaren er også strikka med rundfelling, noko eg er veldig glad i, så slipper en å montere armer :-)

 
Gensaren skal også vere med på oktoberutfordringen til Pinnekroken
"Noe som varmer"
 
Ha ein fin lørdag.

mandag 23. september 2013

Test av babybjørns bæresele One :-)

 
Det finnes et lite hav av ulike bæremuligheter. Eg har tidligare prøvd ulike sjal, og vært greit fornøgd med det, men dei eg har prøvd har ikkje fungert optimalt på spedbarn/nyfødt.
 
Derfor syns eg at det var superkjekt at eg skulle få teste ut babybjørn sin nye bæresele One. Til no har den vært testa ut litt heime og på en tur i fjellet. Når den søte lille har vondt i magen og kun vil bli bært er bæresele heilt supert. Babyen er fornøgd og du slipper å få vondt i ryggen, skuldre og armar av bæring :-)
 
 
Selen sitter godt på og beltet rundt hoftene gjere at ein får fordelt tyngden og avlasta skuldrene. I utgangspunktet så var eg litt skeptisk til at selen kunne brukast fra nyfødt av, men siden selen kunne stillast inn i forhold til barnets alder så var dette ikkje et problem. Ho låg kjempe godt i såkaldt froskestilling med beina og viste ingen tegn til ubehag. Så derfor var ikkje prinsessa meir enn ein god mnd før vi la ut på første lille tur i fjellet :-)
 
 
Til stor glede for vår aktive treåring :-)
 
 
Selen kommer definnitivt til å bli teste ut på fleire turar utover høsten :-) Er du på jakt etter ein god sele, så kan eg så absolutt anbefale babybjørnselen One :-)
 
 
Prinsessa ligger trygt og godt inntil mamma, betre blir det ikkje ;-)
 
Ha en fin kveld :-)
 

 
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...