Sider

fredag 30. mai 2014

Panneband til ei lita prinsesse

Ein ufo (uferdigobjekt) ferdig :-)
Alltid like kjekt når ein får fullført et prosjekt, både fordi en endelig ser det ferdige resultatet, men og fordi en då kan få begynner på et nytt :-) Eg har nemlig mange kjekke prosjekter som venter på meg :-)

Pannebandet er strikka i 100% alpakka garn, på pinne nr 4,5



Ei lita prinsesse må såklart ha litt pynt, så derfor hekla eg ein liten blomst og festa ei perle i midten.
Oppskrifta på blomsten fant eg på dropsdesign sine sider. 


Pannebandet er veldig enkelt å strikke, la opp 22 masker og strikka to rett og to vrang til eg hadde passe lengde. Sydde sammen endane og stramme litt ekstra godt slik at pannebandet går litt inn akkurat der. Så festa eg blomsten oppå :-)
Visp har en et søtt lite panneband til ei lita prinsesse :-)


Ha en fin kveld. 

onsdag 28. mai 2014

Hekla blomstereng


Døgnet skulle hatt nokon ekstra timar og dei timane skulle eg brukt på to ting, soving og handarbeid :-)
Akkurat for tida så held eg på med litt for mange forskjellige prosjekt og ingen av dei er ferdige. 
Så trur eg må ta meg litt i sammen og få fullført nokon. Har nemlig ei heil liste over andre ting eg har lyst å strikke og hekle. 


Siste lille (store) prosjektet har vært disse hekla blomstene. Nokon lurte på om eg kunne hekle eit babyteppe til dei, eg var litt i tvil siden det såg ut som masse jobb, men lova å prøve oppskrifta. Det viste seg at det var mykje meir jobb enn eg trudde til og med, så det blir ikkje noko babyteppe av disse blomstene. 
For at jobben eg allerede har gjort ikkje skal være til inga nytte, tenker eg å hekle litt til så kan Tilde få det som dukketeppe en gang. (Vi får sjå når det blir ferdig ;-)


Blomstene er hekla med bommulsgarn, og oppskrifta er forsåvidt enkel å forstå og huske, men tar likevel tid. Planen for i morgon, viss eg får tid, er å gjere ferdig et strikka panneband. Veldig lite som mangler før det er ferdig. 
Ha en fin kveld. 

mandag 19. mai 2014

Tur til Paris


Bloggstillheten siste tiden kommer av at vi har hatt ein heilt fantastisk familietur til Paris og Disneyland. Heile fem dager hadde vi i den flotte byen og konklusjonen er små barn og storby kan fint anbefalast.

Vi fikk sett vakre Louvre, dessverre så var det stengt så vi ikkje fikk sett Monalisa og andre vakre malerier, men det får bli neste Paris tur. Når den turen blir aner eg ikkje, men at eg skal tilbake en gang det er sikkert. 


Prinsen syns frappuccino fra Starbucks var akkurat like godt som mammaen. Han skulle berre smake en slurk fra meg, men når eg fikk den tilbake så hadde han altså klart å slurpe i seg heile. 



Sacrè Cæur var eit fantastisk syn der det låg på Montematre høgden.


Det vart mykje gåing i Paris og då var det supert å ha bæresele slik at prinsessa kunne få komme opp av vogna litt og prinsen kunne få låne vogna litt til ein liten lur. 


Bæreselen One fra Babybjørn vart utrulig mykje brukt under heile turen og var heilt fantastisk. Ikkje berre når prinsessa vart lei av å sitte i vogna, men og på flyplassane når vi ikkje hadde vogn. Den var også veldig praktisk i Disneyland når vi sto i kø til karusellar og ikkje minst slik at prinsen kunne få seg en lur i vogna når han trengte det. Den kommer definnitivt til å være med på framtidige feriar og turar. 
Bæreselen fikk eg til testing av Babybjørn sommaren 2013 og eg syns den virkelig har stått til forventningane. 


Vi var også inne om eit kjempeflott akvarie der dei til og med hadde hai, men faktisk så vil eg påstå at akvariet i Bergen er finare.


Heile to dagar var vi i Disneyland, kunne gjerne vore der lenger, og vil meir enn gjerne tilbake :-) Ein fantastisk park fra ende til annen både for liten og stor. 


Magi :-)


Ein tur på Champs-Èlysèes er obligatorisk :-)



For ikkje å snakke om å ta turen opp i Eiffeltornet.


For en vanvittig utsikt. 



mandag 5. mai 2014

Ein hekla amigurumi-blekksprut

 
Eg har lånt meg ei bok på biblioteket som heiter "Hekle en hest og andre morsomme hekledyr" av Maja Hansen. Inni der var det bilde av ein blekksprut, som Theo hadde så lyst på, og då var eg ikkje så vanskelig å be. Eg har nemlig lenge hatt lyst til å prøve å hekle søte små amigurumi dyr, som vil seie små stoppa hekla eller strikka dyr, med menneskelige trekk.
 

 
Blekkspruten var veldig rask å hekle, kjekt var det og, så tenkte eg måtte lage ein til Tilde også. 



Einaste eg vart litt skuffa over er at blekksprutarmane ikkje krølla seg slik som bildet i hekleboka viste at dei skulle, sjølv om eg fulgte oppskrifta til punkt og prikke.
Skal prøve eit anna bommulsgarn neste gang, berre for å sjekke om det kan være garnkvaliteten. Denne gangen brukte eg garn fra Søstrene grene.

 
Måtte sette ei fyrstikøskje vedsidenav så en får rett inntrykk av størrelsen, blekkspruten er ikkje så stor nemlig :-)
Inni hodet er det fylt med vatt og augene er limt på.

 
Ha ein fin kveld

søndag 4. mai 2014

Konfirmasjonskort


I går var vi i konfirmasjon og planen var (som alltid) å lage eit kort i godt tid før, men som vanlig så satt eg kvelden før ;-) Så då falt valget på eit veldig enkelt skjortekort.


Du trenger 1 a4 ark, tre knapper og eit band som kan være slips.
Inni var det plass til ei lita helsing. 


Å såklart er det en ekte slipsknute, for det lærte bestefaren min meg å knyte når eg var liten og det sitter i enda :-)


Ha ein fin kveld :-)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...