Sider

lørdag 30. oktober 2010

Operasjon gardiner

I sommer bestemte eg og mannen min oss for å fikse litt på stua vår, der vi bl.a ville ha nye gardiner. Dei vi har no er gamle, og ikkje særlig fine lenger. Skikkelig falma av sola, noko eg finne utruleg med tanke på kor lite sol det har vore. Vi bestemte oss for å kjøpe lift gardiner, dessverre er eine vindauget så stort at vi må få det spesialsydd. Det oppdaga vi fort at var spinndyrt. Mellom 8 og 10 tusen for to gardiner. UAKTUELT. Vel, eg fann difor ut at eg skulle sy dei sjølv. Kor vanskelig kan det vere?? Tja, det er godt to mnd og stoffet ligge fortsatt. FLAUT. Årsak, litt uklart:-)(I følge min kjære, er årsaken dårlig dømmekraft) No skal eg derimot begynne, så for å gi meg sjølv eit spark bak, lage eg no ein følgjetong her på bloggen, altså operasjon gardiner. Skal legge ut bilder etterkvart som noko skjer. Foreløbig ser det slik ut:



Fint innpakka enda. Ja ja ja... Fortsettelse følger......

Gaveboks

Dei siste ni vekene har eg hatt praksis ved ein sjukeheim i Haugesund, og i måra er min siste dag. Litt blanda følelser til det, ein del av meg gleder meg stort til å gå tilbake i mammapermisjon og berre nyte dagane med prinsen min. Ein annan del seier at eg komme til å savne sjukeheimen stort. Det har vore såå kjekt å ha praksis der. Super plass med mange knall kjekke kollegaer. I dag var eg innom og hadde pause sammen med dei, koste oss med is og nonstop, koslig avslutning. Vernepleiaren som har vore veiledaren min har vore så koslig, flink og lært meg mykje. Derfor hadde eg lyst å gjere litt stas på ho. Laga difor ein liten gaveboks til ho, som eg la litt godt oppi. Gløymde jo såklart å ta bilde:-( Heldigvis laga eg ein boks til, ikkje heilt lik, men ganske, skal ha den sjølv til pynt på stuebordet. Her er bilder:







Kva du vil ha oppi boksen velger du sjølv, men størrelse messig passe det perfekt med to gullbrød oppåkvarandre + fire ferrero rocher.
Oppskrifta på denne boksen fann eg hos Randi`s lille blogg. Ho er utruleg flink, ta ein titt på sida hennar
http://egenblogg-rantho.blogspot.com


Takk for at du er innom bloggen min, legg gjerne igjen ein kommentar:-) God helg:-)

onsdag 20. oktober 2010

Fotografbilder av prinsen

For ikkje så lenge siden var vi til fotograf med prinsen. Var til samme fotograf som tok bryllupsbildene Tomin Meling, han er berre kjempe flink. Her er eit par av prøvebildene. Minner om åndsverkloven og at det ikkje må kopierast av bildene. Derav vannmerke på dei. Første bildet har fotografen brukt på nettsida si, det kan en sjå her www.melingmedia.no. Innrømme det så gjerne, stolt mamma:-)





tirsdag 19. oktober 2010

Theo`s mormor og morfar på besøk

I helga hadde vi koslig besøk av Theo`s mormor og morfar. Dessverre gikk helga så alt for fort, og dei måtte reise tilbake til Sunnfjord igjen. Litt bilder fra helga:-)Theo koste seg stort og var eit stort smil heile helga.







torsdag 14. oktober 2010

Fru halvferdig

Då har eg altså gitt meg sjølv nytt navn. Fru halvferdig. Årsak?? Jo, les videre på innlegget og du vil forstå. Tok eit dypdykk i strikke/heklekorgene. Der fann eg mykje rart. Så eg har laga meg eit to mål. Først av alt bli ferdig med alle halvferdige prosjekt, før eg starte på eit nytt. Mål to, bruke opp garnnøster eg har, før eg kjøper nye.

Fant nokon garnnøster ja:-) Planen er å krympe denne samlingen betraktlig før det blir kjøpt inn noko meir garn. Spørs om eg klarer det, er jo så masse spennande garn :-P men skal prøve å vere flink.



Prosjekt 1. Eit helkaskjørt, mangle faktisk kun et par omganger, festing av tråder og ein glidelås.



Prosjekt 2. Begynnelsen på en perlepulsvarmer, beregna for barn.



Prosjekt 3. Ein skrapevott, einsate som mangler sy den sammen og feste trådar, skal så tovast i maskina og sette inni ei skrape.



Prosjekt 4. Ei mjuk og varm hue, manglar faktisk kun eit par om gangar. Dessverre er eg ikkje noko særlig begeistra verken for tråden, fargen eller fasongen lenger :-( Ja ja, ferdig skal den bli.



Prosjekt 5. Eit skjerf, heilt ferdig strikka, men må feste trådane og tenkte å helke nokon blomster å feste på. Vart litt kvitt.



Prosjekt 6. Ein babykjole i str 3 mnd. Må ta opp igjen litt av overdelen og sy i trådane.



Prosjekt 7. Enda eit helka skjørt, mangle kun eit par omganga og festing av tråda.



Prosjekt 8. Babydress i str eit år. Må strikke ferdig en arm og sette sammen dressen.



Prosjekt 9. Babygenser str 1 år. Garnet er kjempe mjukt og er så glad i fargane, kanskje blir eg ferdig slik at Theo kan bruke den, hadde vore kjekt. Er kome halvveis.



Prosjekt 10. Ein kjøyrepose til å ha i bilsetet. Planen var å ha den til vinteren, så her må eg få opp farten. Manglar faktisk ikkje så masse her heller, to armar nokon brot og sy den sammen.



Prosjekt 11, og siste :-) Ein halvferdig sokk:-)


Vel vel, som de kanskje ser er ikkje navnet Fru halvferdig heilt på viddene, men no håpar eg at det komme seg og at eg kan bli ferdig med alle halvferdige prosjekt. Slik at eg kan begynne på nye ;-) Viktig å ha litt prosjekt liggande, men det kan no vere måtepå.

Takk for at du tittar innom, legg gjerne igjen ein kommentar:-) God helg.

tirsdag 12. oktober 2010

After eight boks

Til bryllupet vi var i på lørdag laga eg også ein after eight boks, dessverre gløymde eg å ta bilde av den før vi reiste, så bildene er så som så, men legger dei ut likevel. Fargane er dei same som eg brukte på kortet.





Takk for at du tittar innom bloggen:-) Ha ein strålande dag og legg gjerne igjen en liten kommentar;-)

mandag 11. oktober 2010

Bryllupskort

Bryllupskortet eg laga til bryllupet på lørdag.



Stempelet er fra Morehead og fargelagt med Touch tusjar og Faber-Castell fargeblyantar.





Inni har eg stempla eit tekststempel frå Krativ Hobby.


Papiret er fra Tilda Papercraft og rundt kantane er det sverta med distress Ink. Ellers er det pynta med litt blomster, perler og knappar.

Tusen takk for at du tittar innom bloggen min. Legg gjerne igjen ein kommentar:-)

søndag 10. oktober 2010

Bryllup

I går var vi i bryllup til et vennepar av oss, og eg måtte berre ta nokon bilder. Kan ikkje legge ut nokon bilder av gjestane, då eg ikkje har spurt om det er ok, men tenkte legg ut nokon stemningsbilder. Temaet i bryllupet var 60 - 70 tallet, og det var mange som hadde kledd seg tidsriktig. Her er nokon bilder:











torsdag 7. oktober 2010

Tøfler til Theo

Hadde litt restegarn og fann ei kjempe fin oppskrift på hekla tøfler på dropsdesign sine sider. Måtte lage et par til min kjære prins. Tøflene er hekla i rein ull så dei kjem til å bli gode og varme. Dessverre var det akkurat for lite garn, så då måtte eg kjøpe nytt nøste, så fikk ikkje brukt opp restegarnet som planen var:-P Ja ja, likte fargane så godt så vurderer å lage ei hua av resten. Såg at en kunne helke jakke også i samme stilen, så vurderer det også, men vi får sjå. Tida strekke ikkje til alt. Tølene var kjappe å helke siden det var tykk tråd og helkenål nr 7. Her er resultatet:-)




tirsdag 5. oktober 2010

Bryllupskort

Eit sommerfuglbryllupskort som eg laga til søskenbarnet mitt sitt bryllup.



Teksten inni kortet syns eg passa fint i et sommerfugl kort. " Kjærlighet er som en sommerfugl, den flyr dit den vil og gleder alle den treffer."



søndag 3. oktober 2010

Sitteunderlag

Endelig ferdig med eit sitteunderlag som eg begynte på for lenge siden. Sitteunderlaget er strikka med dobbelt ullgarn og tova i maskinen. Begynte å tove på 30 grader, men måtte vaske det på heile 95 grader før eg vart fornøgd. Ser det er ein del ting eg skal gjere annerledes til neste gang, men, men gjer nok nytten sin dette og. Varmt og godt i alle fall.

Bilde før eg tova:



Resultat etter toving:

lørdag 2. oktober 2010

Heklahue nr 2

I dag har vore ein perfekt dag, fått gjort sååå mykje koslig. Måtte ein tur til byen å kjøpe meir garn, for eg hadde lyst å helke enda ei hue. Har ei veninne til som eg syns fortjene noko fint, fargane eg har valgt trur eg passe til ho. Krysse fingrane. Hua helka eg mens eg såg "skal vi danse", veldig greit å ha eit enkelt handarbeid å sysle med når ein ser tv.
Ellers har vi vore på Tysværtunet badeanlegg idag, så kjekt. Prinsen min smilte fra øyre til øyre, så det blir ikkje siste gang. Hadde tenkt å ta bilde av han, men gløymde kamera:-( Vel vel, får ta det neste gang. Heimelaga pizza og sang stund med Theo, var to koslige ting som var med på å gjere denne dagen kjempe fin:-)
Oppskrifta til hua er fra dropsdesign.no.





Tusen takk for at du tittar innom bloggen min, legg gjerne igjen ein kommentar:-)

fredag 1. oktober 2010

Helkahue

Då skal eg endelig oppdattere bloggen igjen:-) Har hatt litt problem med bloggen i det siste, kjem opp error kvar gang eg skal legge ut noko, men håpe det har ordna seg no. I kveld vart eg ferdig med ei heklahue, begynte på onsdag så denne gikk kjempe fort å lage. Har brukt meg sjølv som modell.





Hua er helka i drops sitt garn Eskimo, det er rein ull så hua blir meget god og varm. Oppskrifta fann eg på www.dropsdesign.no sine sider. Fargane er brun og gammalrosa, to fargar eg er meget glad i. Hua skal gis vekk i gave, håpe den falle i smak.

Takk for at du titte innom bloggen min:-) Legg gjerne igjen en kommentar. God helg:-)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...