Sider

mandag 31. januar 2011

Tur til Vangen


Eg lovde tidligare å legge ut litt bilder frå trilleturen til meg og Theo :-) Best å holde ord. Vi gikk til Vangen, ein koslig plass nord i Haugesund. Med oss hadde vi fire scoons. Eg bakte nemlig i går kveld, og flesteparten vart meget gode, men 4 stk hadde eit uhell i ovnen :-( Fulgane var heldigvis ikkje så kresne og syns dei smakte godt. Virka også så Theo syns det var stas å kikke på fulgane så vi kjem nok til å gå tilbake her. Ha ein fortsatt fin mandagskveld.
Posted by Picasa

Heklahue

Eg har forelska meg heilt i picasa sin kollasj :-) Så her kjem ein til. Har helka ferdig ei ny hue, den er bestilt og skal til sin nye eigar på fredag. Ho ønska at hua skulle vere heilt svart, kjedelig tenke nokon, fantastisk lite tråar å feste tenke eg :-) Gikk så fort, så derfor er hua 100 % ferdig :-) Herlig. Theo stilte villig opp som modell, slik at vi fikk sett hua fra alle vinklar. Har også festa på ein av merkelappane eg bestilte. Litt kjekt å kunne merke det ein lagar, kanskje får eg fleire bestillingar då;-) Det er nemlig bloggadressa mi og eit hjerte på lappen.

No skal eg og min kjære lille sønn ut på tur, kanskje får vi tatt nokon kjekke naturbilder. Den som heng med får sjå ;-) Ha ein mandag, og legg gjerne igjen ein kommentar.
Posted by Picasa

søndag 30. januar 2011

Yogi tea



I tillegg til å gi min gode veninne eit stempla lys, fikk ho ein heimelaga yogi teaboks. Eg veit at dette er hennas favoritt tea, og kjøpte difor ein boks yogi tea. Så tok eg boksen forsiktig fra kvarandre, fann scrappepapir eg ønska å bruke og tegna av boksen på det. Når boksen var tegna, klipte eg ut og forma. Brukte limpistol for å holde den sammen, og pynta med litt diverse blomar, stempel, band, perler og ei marihøne. Den opprinnelige boksen skal eg ha slik at eg kan ha den som mal viss eg skal lage fleire slike teboksar. Før eg la teposane oppi, skar eg ut ein liten firkant med papir på den skreiv eg eit lite sitat for så å lime papirlappen på baksida av teposen. Då kan ho lese eit koslig sitat for kvar te kopp :-) Sitata henta eg frå ei bok som heiter: "Til min bestevenn" designa av Robert Frederick.
Posted by Picasa

lørdag 29. januar 2011

Theo prinsen


Etter tips fra ei eg har jobba med, har eg prøvd meg på bilde redigering i et program som heiter picasa 3. Har kun prøvd bittelitt, men er meget fornøgd til no. Kjem nok til å bruke det programmet flitttig framover, trur eg. Her er eit lite prøve redigeringsinnlegg. Har laga ein bildekollasj av Theo ein av dei første gangane han sto aleine uten å halde seg :-)

Legg gjerne igjen ein kommentar og fortsatt god helg til alle :-)
Posted by Picasa

Stempling på lys

Ei fantastisk god veninne av meg vart i går uteksaminert som psykolog og eg fikk lov å vere med på banketten der ho fikk utlevert vitnemålet sitt. Gjett om eg var stolt av ho, syns ho er såå flink. I den anledning syns eg ho fortjente ei gave, dvs det vart litt div gaver. Litt heimelaga og litt kjøpt. Her er bilde av ein av dei heimelaga gavene, iallefall litt heimelaga. Kjøpte eit kvitt lys som eg stempla sjølv:-)


Stempla to stempel på rispapir, begge stempla er fra Kreativ hobby. Klipte rispapiret til passe størrelse.


Så henta eg fram varmluftspistolen min og smelta rispapiret fast til lyset. Trikset er å gjere lyset så varmt at rispapiret smelte inni, samtidig så du ikkje må få lyset så varmt at det begynne å renne. Greit å ikkje svi fingrane og for det blir ganske så varmt :-) Gikk relativt bra syns eg :-)









Vart eit personlig lys, dette komme eg til å gjere fleire ganga. Har tidligare prøvd å gjere det same med bilder, men skrivaren min er dessverre for dårlig til at bildene blir bra :-( Så det får bli når eg får ny skrivar ein gang.






søndag 23. januar 2011

Kle til Theo

Her om dagen så satte mennen min seg i sofaen og ein underlig lyd kom, det heile viste seg å vere buksa som spjæra. Thiihii, eg innrømme det, eg lo godt. Spjæringa var på ein litt ustrategisk plass, så han ville hive den, men eg såg potensiale. Resten av buksa ser nemlig like fin ut og eg er heilt sikker på at det kan bli ein flott dongrivest til Theo ut av den. Derfor har eg kjøpt blått silkeskråband til å ha rundt. Trur det vil bli veldig fint. Einaste som mangle er litt tid til å sy den. Trudde eg skulle fått gjort ein del i helga, men sjukdom satte ein stoppar for det. Jaja, det komme fleire anledningar :-) Forhåpentligvis blir det ikkje lenge til. Itillegg er det eit hinder til mellom meg og vesten, eit stykke gardin. No MÅ eg berre bli ferdig.





Når eg var inne i sybutikke for å finne skråbandet, så såg eg stoffa nedanfor. Klarte berre ikkje gå min vei, så det skal bli ei posebukse til Theo. Det heilt brune stoffet blir strikk oppe, sånn ganske brei. Vansklig å forklare, men sikker på mange forstår ka eg skal fram til. Glede meg veldig til å prøve meg på å sy bukse.







fredag 21. januar 2011

Ny heklehue på vei.....:-)



I dag kjøpte eg garn til to nye helkehuer, ei svart og ei svart og grå. Den heilt svarte er eit bestillingsverk, den andre blir nok lagt ut for salg. Får sjå når eg får tid å begynne på dei. Har et "par" andre prosjekt liggande som vanlig :-)Sånn er det å vere hekta på hobby, men er no slettes ikkje det verste å vere hekta på :-)









I tillegg har eg gått merkebanda mine, som eg bestilte her Minanamnband.se Kjempe fornøgd, så kjekt å kunne merke det eg lager. Vart igjen litt dårlige bilder, for dei er finare enn dei ser ut her. No må eg rett å slett begynne å ta bilder om dagen i dagslys, og ta litt sprekare bilder.
Neste gang ;-)
Då må alle ha ei fin helg :-) Legg gjerne eit spor etter deg :-)

onsdag 19. januar 2011

Pay it forward

På bloggen til Lindas saks og papir, fann eg ein artig ting, pay if forward, som eg hang meg på. Einaste kraver er at eg gjer det same.

Lyst å vere med?

Reglane er som følger.

Dei fem første som skriv ein kommentar, under dette innlegget vil få ein handlaga ting fra meg.
Så må du sette denne beskjeden vidare på din blogg/facebook side, altså "pay it forward" og sende noko til dei 5 første som kommenterer hos deg.
Tingen du sende må vere laga av deg og sendt innen utgangen av 2011.

mandag 17. januar 2011

Heklahue

(solgt)


Enda ei hue, eit lite bestillingsverk, og endelig fikk eg festa tråane. Koser meg veldig med å hekle disse huene, men så kjem det kjedelige. Ein haug med tråa som må festast :-( Eg kan ikkje få beskrive kor kjedelig den jobben er, men desto betre når det er gjort. Blir så gla kvar gang. Håpe eigaren blir fornøgd. Ser at det er på tide å ta litt sprekare bilder, hua kjem rett og slett ikkje til sin rett.... Den som følger med vidare får sjå om eg kjem på noko lurt. Det fins jo så masse kjekt ein kan gjere. Det er berre å gjere det, ikkje minst få tid til å gjere det.

Ha ein fin kveld alle sammen :-)

søndag 16. januar 2011

Navne forslag??

I begynnelsen så hette bloggen min Saltkråkas hobbyer, men så syns eg egentlig det var litt kjedelig. Derfor skifta eg til Mitt hjerterom, men oppdaga fort at det var litt oppbrukt :-( Så no er eg tilbake til Saltkråkas hobbyer, og er berre sånn halveis fornøgd. Eg treng difor litt hjelp, kom gjerne med forslag til kva eg kan kalle min blogg. Til no er forslaga: Saltkråka`s hobbyer, mitt hjerterom, Fru flittigbi..........
Fleire forslag eller ville du valgt eit av forslaga over? På forhand takk til alle som bidrar :-)

VM strikk

Liker du å strikke, spurte God morgen norge, og til det måtte eg svare ja :-) Ski VM i Oslo trengte hjelp, til å få strikka mansjetta til å ha rundt medaljebukettane. Dei trengde 123 mansettar, eg tippe dei får minst 1230, men då kunne dei bruke dei til å pynte div passa bl.a i kongens losj. Hadde det vore opp til meg hadde eg vore ferdig alt, men var ikkje lett å få tak i nøstet, dei skulle ha Rauma, vamsegarn, nr 43, men i forgårs fikk eg endelig tak i og begynt. Har heldigvis litt tid på meg, fristen var 1 feb. Pinnane er tykke og då går det relativt fort. Tre heldige vinnare får billetta til VM, det hadde vore veldig kjekt. Har du og lyst å strikke VM mansjetten så finn du oppskrifta på tv2.no/gmn/. Veldig lett oppskrift.






fredag 14. januar 2011

Strikka hals

Då har eg strikka enda en hals, denne gangen litt annerledes enn sist. Denne er strikka på rundpinner og er ganske lang, kan difor ta den to ganga rundt halsen. Veldig god og varm, dessverre gløymt ut kva garntype det er og lappen er sporløst forsvunne. Oppskrifta fann eg i Allers. Veldig kjapp å strikke, begynte i romjula, og innimellom har eg produsert ein del andre ting. Garnet er ganske tynt, men pinnane tjukke og då fyke det avgårde :-) Får berre oversjå mitt litt rufsete, seint på ein fredagskveld og vi prøver å slutte med nattamming utseende ;-) Blir litt lite sammanhengande søvn fortida, men vi jobbe oss mot betre tider. Min kjære prins er sta, men denne gangen har eg tenkt å vere mest sta. 9 mnd vart han i går, så no syns eg det er på tide med ei heil natt med sammenhengande søvn. Kan nesten ikkje vente :-)
Halsen når den er tvinna to ganga rundt halsen. Såå herlig, synd eg ikkje skal ha den sjølv :-( Jaja, får sjå om eg strikker ein til meg og en gang, men blir ikkje enda.
Satse på at eigaren blir fornøgd.
Så lang er halsen :-)


Nærbilde, det er to rette og to vrange heile veien rundt:-) Litt stress heilt til eg læret meg å strikke vranga på fingeren, då gikk det mykje lettare. Skal en kaste, går det ufattelig sein, og det like vi ikkje;-)



Takk for at du tittar innom min blogg, legg gjerne igjen ein kommentar, då blir eg så gla atte :-D God helg, og sov godt :-)


onsdag 12. januar 2011

Scrappa julekort/korg

Ei julekortkorg eg laga for ei stund sidan på eit scprappekurs. Har laga fleire lignande i ettertid, men dessverre ikkje tatt bilde av dei. Er veldig kjekke fordi ein kan putte nokon godt oppi sammen med kortet. Denne korga har eg beholdt sjølv og bruke den som pynt til jul :-)





På kortet er det god plass til en liten personlig helsing, øverst er det same blomsten som på korga.





søndag 9. januar 2011

Heklahue


(Solgt)
Enda ei heklahue :-) Kan også kjøpast for 175 + frakt om ønskelig :-) Fargane er litt dusare enn på bildet. Sånn er det når en tar bilde på kvelden med blits :-(
Ha en fin søndagskveld :-)

lørdag 8. januar 2011

Heklahue til salgs

Her hekla to huer i ullgarn (drops eskimo) dei kan kjøpast for kr 175 kr + frakt. Viss du ønsker nokon av dei er det berre å ta kontakt på mail csalth@gmail.com eller legge igjen ein kommentar. Kunne du tenke deg ei slik hue, men en annen farge mønster er det berre å ta kontakt så kan det mest sansynleg ordnast. Har også eit par huer til under produksjon med litt andre farga. Vil du hekle huene sjølv kan du gå inn på http://www.dropsdesign.no/ sine sider, der finn du mønsteret.

(solgt)

(solgt)

Under kan de sjå hua på. Eg liker at huene er litt baggy, men viss du ikkje liker det kan du brett ein kant opp. (ut i fra mønsteret eg brukte er det egentlig slik hua skal brukast, men liker no betre å ha den som på bildet eg.)


Godt nytt år !!!

På tide å blogge litt igjen, lenge siden sist. I mellomtida har vi vore på ein liten romjulstur til mine heimtrakter og helst på Theo`s mormor og morfar + to oldemødre:-) Der feira vi også nyttår, ein koslig og avslappande kveld, der Theo var pynta i bunad strikka av sin mormor. Syns han var så flott i den :-) Håper alle får eit godt og kreativt nytt år :-)



Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...