Sider

søndag 25. april 2010

Theo prinsen







Måtte legge ut nokon fleire bilder av prinsen min. Her blir han holdt av ei stolt mormor. Han har også på seg buksa eg strikka og teppet. Heldigvis passa buksa, vart litt bekymra for at eg hadde strikka den litt liten når dei sa vekta på han. Best å bruke den mest mulig for han komme nok til å vokse ut av den ganske fort. Måtte ta med eit nærbilde også, det er tatt første dagen på sjukehuset, ca 14 tima gamal.

onsdag 21. april 2010

Ein liten prins




No er det ei stund sidan sist bloggen vart oppdattert, årsaken kan du sjå på bildet. Endelig kom prinsen vår. Han kom 13.04.10 kl 00.07. og skal heite Theo. No nyter vi dagane og berre koser oss. Bildene er tatt på sjukehuset når han er fire daga gamal. Fødselen var i lengste laget, etter 23 tima i fødsel, fann dei ut at han var for stor til å komme ut og måtte ta han med keisersnitt. Vart difor eit litt lenger opphold på sjukehuset enn tenkt. Men kven bryr seg om slikt når ein får en sånn premie:-)

lørdag 10. april 2010

Hekla tøfler




Fant også nokon påbegynte tøfler, og vips var dei ferdige også. Utruleg kva ein får gjort mens ein ventar. Likevel er eg meget glad for at ventetida går mot slutten. Har ingen plan for desse tølfene heller, så det er mulig å kjøpe dei også om det er av interesse. Prisen er 110 kr, pluss porto. Tøflene er i størrelse 36 og hekla i reint ullgarn, kjøpt på garnkroa i Haugesund.

Hekla hue




Tok eit djupdykk i stikkekista mi her om dagen og fann ei påbegynt hue som eg tenkte det var på tide å få ferdig. Kva planen var med den er eg usikker på, men har sikkert tenkt at den skulle bli ei gave, men ikkje blitt ferdig i tide. Det skjer med jamne mellomrom. Hua sin kant nede og blomst er litt meir rosa enn det som vise på bildet, garnet har eg kjøpt på garnkroa i Haugesund, men mønsteret derimot er eg usikker på kor eg har funne. Siden eg ikkje har noko å bruke den til er det mulig å kjøpe den om det skulle vere av interesse. Burde vist størrelsen, men det gjer eg ikkje. Har derfor målt omkretsen på hua og den er ca 55 cm. Skal også sette i eit kvitt sløyfeband slik at en kan stramme den inn viss den er for stor. Prisen er 60 kr, pluss porto viss den må sendast.

mandag 5. april 2010

Påske-egg




Etter inspirasjon fra eit blad eg kjøpte, Magnolia ink, fikk eg lyst å prøve å pynte mitt eget påskeegg. Vart ikkje ferdig før i dag, så det blir ikkje brukt før neste år, men det var utruleg kjekt å lage. Det er jo det viktigaste. Kjøpte eit billig, stygt påskeegg på ein bokbutikk i Haugesund, malte det med to strøk kvitmaling og lot det tørke. Så har eg pynta med gullband og perler, samt blomster og litt bling. Mesteparten av pynten er kjøpt på enten scrappekjellaren i Haugesund eller Kreativ Hobby sin nettbutikk. Valgte å bruke mange ulike fargar på blomane, då påsken er ein start på våren. Kjem absolutt til å prøve å lage fleire ein gang, men då skal eg begynne litt tidligare:-)

fredag 2. april 2010

Lo utfordring


Fann ein kjekk utfordring til på Papir i hertet sine sider, det var å lage ein lo. Min vart ein sommer lo. Mønsterarket skulle vere minst eit år, så eg fann eit eg har hatt liggande lenge, usikker når eg kjøpte det, men er iallefall over eit år sidan. Ellers har eg fulgt skissen, slik eg tolka den. Har pynta med blomster fra kreativ hobby og Scrappekjeleren. Samt marihøner, perler, band og knappar. Ville ha masse fargar siden det vart ein sommer lo. Ein måtte også ha med noko som var gjennbruk det hadde eg gløymt, så vart litt stressa når lo`en nesten var ferdig og eg oppdaga det. Det ordna seg heldigvis, fann ein tekst i eit gammalt ukeblad "smaken av" som eg klipte ut og brukte. Syns det passa godt til resten av teksten.

Kort skisse utfordring




Fann ein kort skisse utfordring på Kreativ Hobby sine sider som eg fikk lyst å vere med på. Har ikkje prøvd det før, men var kjempe kjekt så blir ikkje siste gangen. Får litt ny inspirasjon av skissene. Kortet er laga av bazzill ark fra kreativ hobby, har også brukt eit engel stempel frå kreativ hobby. Pynten rundt er kjøpt litt diverse plassa. Siden eg vente på ein gutt vart det inspirasjon til kortet, veit ikkje heilt ka eg skal bruke det til, men komme vel ein anledning. Inni kortet har eg brukt eit stempel (teksten) fra Scrappekjelleren i Haugesund, og eit fra Kreativ hobby. Har også laga plass til eigen tekst.

torsdag 1. april 2010

Konfirmasjonskort




Då var eit konfirmasjonskort klart. Har brukt matriale frå scrappekjellaren i Haugesund og kreativ hobby, nettbutikk. Har henta inspirasjon fra litt forskjellige plassar og gjort det til mitt. Var kjempe kjekt å lage. På innsida av kortet er det mulig å bruke lomma under stempelet som pengelomme om det er ønskelig. (Konfirmanten har foreløbig ikkje bloggadr mi så då kan eg legge det ut.) Må lage eit til, glede meg til det, men det må eg vente litt med å legge ut. I mellomtida tenkte eg å prøve å lage eit kort til Kreativ hobby sin scrappeutfordring, har ikkje prøvd det før så er litt spent. Blir litt likt dette kortet trur eg, men vi får sjå. Har også komme eit godt stykke på køyreposen, syns det virke som den blir litt stor i forhold til størrelsen som sto i oppskrifta, men då kan eg bruke den lenger, så er ikkje berre negativt.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...