Sider

tirsdag 25. mai 2010

Bursdagskort




Laga eit bursdagskort som ei veninne av meg skal få, og siden det er sommer måtte eg ha litt lyse farga. Meininga var også at det skulle vere til ei utfordring på kreativ hobby sine sider, dessverre vart eg ikkje ferdig i tide. Ja ja, får prøve meg på neste. Brukte ark fra kreativ hobby, og stempla små blomster rett på. (Dette var en del av utfordringa, å bruke eit stempel som bakgrunn. Ellers er stempla og pynten eg har brukt fra litt forskjellige plassa, bl.a kreativ hobby og scrappekjellaren.

Scrappe utfordring "gjer det enkelt"


My simple birthdaycard.
Har blitt lite tid til hobbyaktivitet i det siste, men i dag fikk eg scrappa litt mens Theo sov. Heiv meg difor på ei scrappeutfording på 365cards.blogspot.com. Utfordringa går ut på å gjere det enkelt, papiret skulle bl.a ikkje ha mønster. Her er mitt bidrag.

Har brukt papir, blomster og stempel fra kreativ hobby. Laga eit bursdagkort. Alltid kjekt å ha eit på lager.

tirsdag 18. mai 2010

17 mai




I går hadde vi ein kjempe fin 17 mai dag. Dagen begynte med at vi såg barnetoget, kl 10.00. Deretter var vi hos mine svigerforeldre og åt ein kjempe god lunsj. Så var vi i byen igjen og såg folketoget. Sola strålte og humøret var på topp. Theo sov seg gjennom korpsmusikk og russefløyter:-) Det var utruleg mange som var i byen og såg tog, som de kan sjå på bildet. På kvelden var vi hos oldeforeldra hans og åt god kvelds. Absolutt en kjempe dag, men jammen var vi trøtte når vi kom heim.

mandag 10. mai 2010

Knekkebrød


Det er berre å innsjå det, døgnet har for få timar. Veska er fortsatt ikkje ferdig, men har komme eit lite musesteg vidare. Meste parten av døgnet går i amming og kosing med prinsen:-) Prøve også å få meg ein tur til dagen, og ikkje minst skrive litt på året siste skuleoppgave. Studere deltid, og det går stort sett fint å kombinere med jobb og alt anna, men siste oppgava kom litt ubeleilig. Skal inn på søndag og eg har ganske masse igjen. Ja ja, blir nok ferdig denne gangen og. Kose meg iallefall kjempe i mammapermisjon:-) Fikk bakt knekkebrød i går, vart meget gode på smak, men heilt sprø vart dei ikkje. Satse på at det går neste gang. Oppskrifta fann eg på tv2 underholdning.no, sundt og godt, mimmisknekkebrød. Kan anbefalast.

lørdag 8. mai 2010

Veske

Begynte å sy meg ei veske på fredag, hadde tenkt å få den ferdig i dag, men en liten prins som ikkje var enig. Får sjå om eg kan bli ferdig i måra. Kjøpte stoffet for halvanna år sidan, men det har blitt liggande i ei skuff heil til no. Glede meg til å få den ferdig. Veska er i svart stoff, og tenkte å få overført to bilder på veska. Eit i frå bryllupet mitt og eit av Theo prinsen. Håpe eg får tid å fullføre i måra og at den blir slik eg har tenkt.

søndag 2. mai 2010

Konfirmasjonskort




I går og i dag har vi vore i konfirmasjon, festen var i går på vakre Fjørsilkebris sine lokaler, med masse god mat og hyggelig selskap. Theo var fantastisk snill og sjarmerta alle i senk. I dag var det sjølve konfirmasjonen i kirka og etterpå samling hos konfirmanten. Bilde av konfirmasjonskortet vart tatt litt kjapt så ikkje det beste, men men. Papiret eg har brukt er fra scrappekjelleren i Haugesund. Ellers er blomstrane fra kreativ hobby, samt stempla. Inni har eg laga ei pengelomme på venstre sida og på høgre laga eg plass til å skrive ein tekst. Diktet fann eg på nettet, usikker på kven som har skrive det.

lørdag 1. mai 2010

Besøk




I går hadde vi besøk av tante Jeanett som såg Theo for første gang. Ein veldig koslig dag, var ute å gikk en flott tur, i det stort sett fine veret, var på kafe og selvfølgelig fikk ho holde prinsen. Då måtte så klart kameraet fram :-)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...