Sider

onsdag 23. juli 2014

Bryllupskort

 
Lenge siden sist eg har scrappa noko, så det var veldig kjekt når nokon lurte på om eg ville lage eit bryllupskort. Laga eit litt langt avlangt kort, ca 30 cm langt og 11 cm bredt. Kortet blir holdt sammen med band fra søstrene grene og sløyfa må opnast for at en skal kunne sjå inni kortet :-)
Papiret er Tilda design og har en fin lillafarge som eg syns passer fint til bryllup.
 
 
 
Litt blomster må en alltid ha, itillegg har eg stansa ut nokon grønne blader :-)

 
Tekststempelet fra Kreativhobby og ringane, kjøpt på Panduro, gir ett fint bryllupspreg syns eg.
Har også pynta med litt perler og sverta dei kvite arka med lilla blekk fra distressink.



Inni har eg laga til ei lita pengelomme, samt stempla med ulike stempel fra Kreativ hobby. 


 
Nærbilde av pengelomma :-)
 

 
Kortet skal være med på "Thats just so cute" sin utfordring, ta ein kikk på sida deira HER, om du vil sjå fleire bidrag eller bidra sjølv. Fristen er 8 august.
 
Ha ein fin kveld :-)

mandag 21. juli 2014

Majas gulpeskjerf

 
En av prinsessas barselvenner vart 1 år og då hadde eg lyst å lage en liten gave, valget falt på siklesmekker, for det trenger alle små 1 åringer som får tenner.
Oppskrifta fann eg i boka "Made by me" sybloggernes beste oppskrfter, og heiter majas gulpeskjerf.
 


Måtte sy to, når eg først var i gang :-)


 
På baksida er det fleece, slik at det tar lang tid før smekkene er gjennomvåte. 



 
Har også slått i trykknapper, slik at det er enkelt å ta på/av.


Ha en fin sommerdag :-)

lørdag 19. juli 2014

Vimpel

Eg har sydd min aller første vimpel, men god og kyndig veiledning og hjelp av ei veninne :-)
Har tenkt lenge at eg ville prøve å sy en vimpel, men har dessverre blitt med tanken, då er det ekstra kjekt når en endelig får gjort det og blir fornøgd med resultatet.
 
 

 
Planen er at vimpelen skal pynte opp rommet til prinsessa, men vil vente med å henge opp til eg får sydd en til prinsensrom også. Viktig å ikkje gjere forskjell.

 


 
Har brukt ulike stoffer fra Tilda design :-)


 
Gleder meg til å sy neste, var så kjekt. Mulig det gode selskapet gjorde syinga ekstra kjekk :-)


Ha en fin kveld :-)

søndag 6. juli 2014

Hårband


"Måtte" berre lage eit hårband til prinsessa :-) 
Kjekt med eit enkelt handarbeid mens ein ser på fotball VM. 


Til hårbandet har eg brukt baby alpaca silk garn, eit heilt fantastisk mjukt og godt garn, perfekt til eit barnehode. Prinsessa var sånn passe fornøgd, var ikkje så lenge ho ville ha det på, men eg fikk no tatt bilde ;-)


Oppskrifta fann eg på dropsdesign sine sider. 



Ha ein fin kveld :-)

fredag 4. juli 2014

En liten juniper


Juniper :-)
For dei som lurer, juniper er navnet på kluten, etter oppskrift av Bittamis :-) 
Har en først begynt på dei oppskriftene så blir en hekta enten en vil eller ei.
Syns fortsatt at det er litt smågalskap å strikke på kjøkkenkluter, men jammen er det ikkje litt kjekt og ;-) Om eg får lov å seie det sjølv, så syns eg dei blir litt fine også. Skal ikkje sjå vekk fra at dei endar opp som ei gave i framtida :-) 


Denne gangen brukte eg garnet Petunia, kjøpt hos Sy med oss i Haugesund, og er meget fornøgd. Kommer til å bruke dette garnet på framtidige klutar. Fantastisk kvalitet som passa perfekt til en kjøkkenklut. 


Brukte pinnar nr 3,5 og ganske nøyaktig ett nøste. 
På bildet under kan du sjå kva som var igjen av nøstet ;-) 


Skulle du falle for fristelsen og har lyst å strikke klutar så finner en oppskriftene gratis på facebook og sida Bittamis Design for strikkelystne. 


Ha en fin sommer :-)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...