Sider

lørdag 30. april 2011

Hem.......

vel, ærlig talt,........eg finne knapt ord, men konkludere med at det må være noko familiært. I går kveld var eg sååå fornøgd, elefantvesten til prinsen vart heilt ferdig. Glada meg sånn til å vise bilde av prinsen med vesten på i dag. Vel, eg sleit og eg dro, lirka og lurte, men ikkje snakk om at eg fikk vesten på. Opningen i halsen var for liten :-(

Er ikkje lenge siden akkurat det samme skjedde, men då var det Theo sin mormor som klarte kunststykket. Berre sjå her.

For all del, er ikkje akkurat verdens undergang, men fins ikkje noko kjedeligare enn å rekke opp igjen. Jaja, blir ikkje gjort i dag, såpass veit eg. I kveld tenkte eg å strikke ferdig monsterbuksa, har endelig fått tak i meir tråd.

God helg til alle sammen.

fredag 29. april 2011

Sommer og sol

I dag kom sommaren til Haugesund, iallefall føles det sånn. Blå himmel, strålande sol og varmt:-) Heilt fantastisk. Måtte de vare veldig leeeeenge :-) Håpe håpe håpe. Vi flytter nemlig inn i huset vårt om 14 dager, kan nesten ikkje vente, og då ser eg fram til mange fine dagar på terassen og i hagen. Syns det er så herlig å vere ute, virke som Theo syns og. 
Ikkje de, veit jo at det fins ikkje dårlig vær bare .....bla bla bla. Greit nok de, men foretrekke sola eg altså.

Theo sin farmor er kjempe flink med handarbeid, og i går fikk han en matrosdress som ho har sydd. Den var så fin, så eg måtte berre ta den på i dag. Denne dressen komme til å bli brukt masse :-) Han fikk hue til også, men den reiv han fint av seg før eg i det heile tatt klarte å få den på :-/ 


Sånn ser dressen ut bak :-)

Siden sommaren har komme måtte han og få seg vår/sommersko :-) Fant disse i dag, og valget var enkelt, dei måtte han få. Syns dei var så fine. Av alle ting så var det Tommy Hilfiger sko. Trudde det var sånn veldig dyrt merke, men for å seie det sånn, ecco sko var dyrare. Eg er iallefall fornøgd, Theo virka fornøgd og då er alt bra. Virka som dei var gode å gå i, lette var dei å ta på og fine var dei. Sist men ikkje minst, dei passa perfekt til matrosdressen :-)
Posted by Picasa

God helg :-)

onsdag 27. april 2011

En elefant kom masjerende....

Tenkte eg ville legge ut en liten sniktitt på påskeprosjektet mitt. Måtte finne på noko siden garnet til allerede på begynte prosjekt var utsolgt, så då såg vesten under dagens lys. Ikkje så gale at det ikkje er godt for noko :-) Er ganske fornøgd, om en får lov å seie det sjølv. Har designa vesten og mønsteret sjølv. No er det kun fire omg rundt halsen som gjenstår. Det får bli i måra.



Ha en fin kveld.

søndag 24. april 2011

Borte bra, men hjemme best :-)


Påsketuren vår er slutt og vi er tilbake i Haugesund. Har hatt en fantastisk påske i Sunnfjord, mine heimtrakter, men jammen var det godt å komme tilbake til Haugesund og.
Mang ein flott skitur i strålande sol vart det. Riktig nok så tenke eg at det blir nye ski før neste skisesong. Ærligtalt, på skia mine så sto det 3D grip, må ha vore skrivefeil. Sikker på at det egentlig skulle stå 3D glipp. Makan til bakglatte ski, og det skal vere smørrefrie.


I tillegg feire vi Theo sin 1 års dag, igjen :-) Alle gode ting er tre :-) Vi feira også Theo sin morfar, som blir 50 år i mai :-) Tanta til Theo, som er konditor, laga gooooode kaker. Nam..
(Kan komme vel med at eg hadde bakglatte ski kanskje, med all den gode maten, så trenge ein trimmen)


Så må eg berre komme med eit lite tips. Når vi er på besøk, ferier osv.... så må vi alltid sitte å halde på Theo under måltider. Ganske tungt og slitsomt. Heilt til eg kom over den geniale stolen de ser over. Baby seat, heiter den og vi kjøpte den på Reflex/Babyhuset. I Haugesund koste den 200 kr, men i Sunnfjord (Førde) må ein ut med 300 kr. Vel verdt pengane spør du meg. Stolen kan ein slå heilt i sammen, så den er enkel å ta med. Kjem til å bli fast følgesvenn med oss iallefall.

fredag 22. april 2011

Påsketur :-)

Blir ikkje så mykje tid til å vere kreativ når det er påske, familiekos komme først, men litt tid på kvelden når prinsen har lagt seg blir det. Då hente eg fram strikketøyet og kose meg. I går teikna eg mønster til en vest til Theo, glede meg til å begynne å strikke på det i kveld.

I dag har vi vore på ein fantastisk skitur rundt Gjøsetstølen, sola skinte og humøret var på topp. Betre kan det berre ikkje bli. Tenkte eg ville dele litt bilder fra turen.

I dag hadde vi lånt pulk som Theo kunne sitte i, veldig mykje betre enn å ha han på skuldrene, men jammen meg var det ganske tungt.


Gjøsetstølen :-)



Familiekos i sola :-) Godt med ein pust i bakken og noko godt fra sekken ;-)



Theo koste seg i pulken :-) Var koslig å vere "hest" også, men innrømme så gjerne at det var vanvittig tungt. Jaja, så kan eg nyte den gode påskematen og snopet med goooood samvittighet.


Storehesten og lisjehesten, finaste fjella eg veit :-)


Håpe alle har ei like fin påske som meg :-)

torsdag 21. april 2011

Påskestrikk


Påskestrikk er viktig, til no har eg storkost meg med å strikke på monsterbuksa, men plutselig var eg tom for lyseblå :-/ Prøvde få tak i meir, men var utsolgt så eg må vente til etter påske. Planen var då å hekle ei hue, men jammen meg var dei utsolgt for fargane eg skulle ha også. Skal ikkje vere enkelt.



Som de ser over er det ikkje mykje igjen. Håpe ho som bestilde buksa blir fornøgd. Eg syns iallefall denne buksa vart mykje finare enn den eg strikka sist. Denne gangen brukte eg drops merino ull, veldig fornøgd med det valget. Kjem definnitivt til å strikke med det garnet igjen.

Vel, til tross for manglande lyseblå til buksa og ull til hua, så er eg ikkje uten strikketøy ;-) Alltid noko på lur. Tenkte eg skulle prøve meg på å teikne mønster til det prosjektet sjølv, så får vi sjå om det blir noko bra. Fortsettelse følger .... :-)

Ha en fin kveld.

onsdag 20. april 2011

Påskekos

Påske = ski, iallefall for min del. Så vart litt skuffa i dag når det duskregna og ingen skitur. Heldigvis så klarna det opp og sola titta fram. Då var eg ikkje sein om å gjere oss klare for tur. Det vart en kjempe fin tur. Theo sin første og langt i fra siste. Under kan de sjå litt bilder fra turen.




Bilde av Storehesten og Lisjehesten, to nydelige fjell. Har sååå lyst å gå på Storehesten en gang, er jo nesten ei skam å ikkje ha vore der, men sånn er det no. Har gått mang ein fjelltur på ulike fjell, men Storehesten har eg ikkje komme meg på enda. Håper på at det ikkje blir for lenge til.  



Obligatorisk med en liten pause og noko godt fra sekken :-) I dette tilfellet bolle til den minste og litt sjokolade til dei to store.



Krysse fingrane for fint ver resten av påska slik at vi kjem oss på fleire flotte skitruar.

God påske !!

Babykort/babycard

Trykk på bildet og du komme til ein koslig utfordringsblogg

*

Freshly Brewed Challenges, a nice and cute callengeblog.


Utfordringen denne gangen var å lage noko skjønt og søtt. Her er mitt bidrag:

*

The callenge is to create something new, that is cute and sweet.  




Inni kortet

*

Inside the card


Ha en fin dag :-)

*

Have a nice day :-)

tirsdag 19. april 2011

Str 2 år sa du???

For ei tid tilbake ville Theo sin mormor/besta, strikke genser til han. Garn vart innkjøpt og ho starta med friskt mot. Str 2 år fann vi ut var perfekt, då kunne han bruke den til høsten og heile vinteren igjennom. Rett og slett den perfekte barnehagegenser. Vel vel vel........


Ups, litt vanskelig å få over hovudet.


Pappa da, den sitter fast.......


Vi prøver igjen, den må jo på, den er jo størrelse 2 år! Vi fikk oss en god latter, men gensaren gikk ikkje over hovudet.


Strikkaren vart noget fustrert og heiv seg over gensaren. Det fikk då vere grenser, og sprette rett og slett av hetta. For gensaren skulle på. 


Jippiiii!!! Det gikk :-) Så då blir det en hettegenser uten hette, men det gjer ingen ting. Trur heller ikkje at vi kan spare den til barnehagestart for gensaren er akkurat passelig. Så då blir det en perfekt påskegenser :-) Kjempe fin var den iallefall:-) Under kan de sjå korleis gensaren ser framafrå.


Vel når enden er god er allting godt :-)

Klikk her så komme de inn til bloggen hennar også :-) Der kan de sjå meir flotte strikke ting ho har laga:-)

Ha en fin kveld.

Scrappeutfordring

Når eg først var i scrappehjørnet igjen måtte eg lage eit kort til sketch saturday sin utfordring.

Klikk på bildet under så kjem du direkte til sida deira.


Viss ikkje så ser de skissa under her.


Å sånn vart resultatet. Laga eit bryllupskort denne gangen. Like veldig godt duse lillafargar, eller rett og slett veldig glad i lilla generelt. Heilt klart favoritt fargen min.


Her brukt papir fra Tilda design og kartong, stempelet 100% kjærlighet er fra Kreativ hobby, men bryllupsstempelet, må eg innrømme at eg dessverre ikkje huske kor eg kjøpte i farten.

søndag 17. april 2011

Papirdokkene...

På utfordringsbloggen papirdokkene skal du la det inspirere av dette bildet:


Super skjønt bilde, så måtte berre prøve meg på denne utfordringa. Her er mitt bidrag:


To bursdagkort, nesten heilt like. Eine har eg allerede brukt :-) Papiret er tilda, ellers har eg brukt stempel fra Kreativ hobby og nokon blomar og perler. Enkelt og greit.

Ha en fin kveld.

lørdag 16. april 2011

Krise.... eller??


Vi kjøpte oss nytt teppe for ikkje så lenge siden, ca en mnd, og i kveld skjedde det som ikkje skal skje. Min kjære mann klarte å velte eit heilt glass med solo ned på teppet :-( (Innrømme at eg trudde Theo skulle få den æren) Vel vel, krise er det første en tenker. Eg derimot sa: hent potetmelet. Så tømde eg potetmel over heile soloflekken. Trikset er å dekke heile flekken med potetemel, viktig at en ikkje prøver å tørke vekk det en har sølt først. Så må en la det tørke til neste dag. Då er det berre å støvsuge alt opp, og teppet er like fint :-) Kjempe lurt :-) Så ha alltid potetmel på lur, så slipper en kjedelige flekkar på teppet.


Ellers så har eg faktisk henta fram scrappesakene mine igjen i dag. Å då ser det sånn ut i staua vår :-( Siden scrapperommet mitt no er barnerom så må scrapping foregå i staua, noko som faktisk gjere at det blir litt lite. Syns det er litt kjedelig å dra fram alt, for så å rydde alt ned igjen etterpå. Tar veldig tid, og lettare når alt står framme. (Så ser stoooort fram til eget hobbyrom i huset. Er faktisk berre en mnd til vi flyttar :-) Jippiii!!!! Vel eg fikk scrappa nokon kort eg måtte ha, så eg er fornøgd. Var tomt for batteri på kameraet så bilder av korta får de få sjå en annen gang.

Då må de ha ei god helg. Takk for alle koslige kommentara. Varmer veldig. Tar gjerne i mot fleire ;-)

fredag 15. april 2011

Trekning :-)

Då har eg eeendelig fått trekt vinnarane av give awayen :-) Så kjekt at så mange hadde lyst å vere med, heile 44 lodd vart det tilsammen. Overlykkelig :-) Skulle trekt for ei stund siden, men ikkje alltid at ting går etter planen. Stakkars lille prinsen min har vore sjuk, heldigvis er han på bedringens vei no. I tillegg har eg styrt på med eksamen, men no er den levert. Pjuh, godt å få den unna. (riktig nok fikk vi en ny heimeeksamen i dag, men det er heldigvis ei lite stund til den skal inn.)

Vel såå til vinnarene.
*
**
***
første premien går til
*
**
***
****
*****
******
********
Trine Aga :-)

gratulerer !!!

*
**
***
****
første trøstepremie gikk til 
*
**
***
****
*****
******
*******
********

Hanne :-)

Gratulerer !!

andre trøste premie gikk til
*
**
***
****
*****
*******
********

Jumbo :-)

Gratulerer!


Skal legge ut bilde av premiane, men fordi eg vil at dei skal vere en overraskelse til dei som får dei, så legger eg dei ut når dei har mottatt.
Og til dei som har vunne, sorry, men pga påskeferie så får dåke ikkje premine før etterpå. Vel, dei som venter på nokon godt.....;-)

Eg treng forresten adressene til dåke som har vunne :-) Fint om dåke kan sende dei til meg på mail.

Til Trine som vant heklahue, fint om du også skriver kva fargar du ønsker. Du kan velge mellom: Kvitt, svart, brunt, lys rosa, gamal rosa, mørk lilla, lys lilla, lys blå, mørk blå, turkis, grå. Skriv kva kombinasjon du ønsker og viss du har sett ei hue på bloggen her du ønsker så berre sei i fra.

Då må dåke alle ha ei kjempe fin helg.

tirsdag 12. april 2011

Hu hei kor da går ...


Tenk at prinsen vår blir 1 år i morgon :-) Heilt utruleg å tenke på, tida har gått så vanvittig fort. Vel dagen skal i allefall feirast og det med heile to selskap. På dagen komme alle barselvennane + mammene og på kvelden blir det familieselskap. Så i dag har eg bakt og bakt og... Ei bløtkake (glutenfri og nøttefri) ei astridskake (gluten og nøttefri) og muffins (også gluten og nøttefri, i tillegg til melkefri). Sånn er det når det er allergia i alle retningar :-) (ok, en liten innrømmelse, muffinsane er toro sine :-/ sånn kan det gå, men dei er veldig gode, lette å lage og det likar vi. Putta oppi litt hakka sjokolade så dei blir ekstra saftige) Resten er 100% heimelaga av meg :-)


Muffinsane :-)
Bløtkaka, med vaniljekrem, banan og sjokolade fyll :-)
Astridskake er dessverre ikkje ferdig pynta, så ingen bilde av den.
Pjuh... skal seie det tar på å vere super mamma ;-) Iallefall når Theo har vore småsjuk, eg er småsjuk (lure på om det kan vere pollensesongen som plage) og eg har heime eksamen som skal vere inne på fredag :-/ Heldigvis er det gruppeoppgave så vi har del arbeidet mellom oss, det hjelper meget på.
Planen for morgondagen er iallefall som følger. Frokost, pynte siste kaka, rydde bittelitt (heldigvis ikkje så mykje) pynte med ballongar og dekke bordet. Så tenkte eg at prinsen min skulle ta seg ein gooood lur i morgon slik at eg får skrive på oppgåva mi. Så er det tid for babysvømming, og deretter går det slag i slag med selskap. Vel vel soving er for pingler er slagordet for tida ;-)

Husk at fristen for å vere med på give awayen min er i morgon. Tipper eg trekke vinnaren på torsdag, ser ikkje ut som det blir tid til det i morgon.

Ha en fin dag.

mandag 11. april 2011

Oppskrift

Fikk spørsmål om eg kunne legge ut oppskrifta på hamburgerbrøda, klart eg kan. Trykk på bildet så blir det større, og oppskrifta enklare å lese. Oppskrifta kan like brukast til rundstykker, brød... osv. Ein kan også lett gjere den finare med å bruke kun fint mjøl eller grovare ved å bruke meir grov mjøl. Berre fantasien som set grenser her :-) Lykke til.

søndag 10. april 2011

Ut på tur

I dag har vi vore på tur til Håvåshytta. Kjempe koslig tur, sammen med oss gikk ei fra barselgruppa med hennas lille prinsesse. Sola skinte og alt var berre herlig :-) Innrømme at turen var litt lengre enn forventa, men frista absolutt til gjentakelse.



Blir litt trøtt av å vere ute i frisk luft, iallefall når ein blir byssa konstant.


Framme med hytta koste vi oss med god niste :-)


Tilbake var det pappen som bar, godt å kunne dele, for var ganske tungt.




Ha en fin kveld.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...