Sider

søndag 31. juli 2011

Sjal

Dette sjalet skulle vore med på pinnekroken sin utfordring, men eg las tydelig at fristen var 31, det eg dessverre ikkje fikk med meg var kl slettet. Fristen var kl 19, jaja, lite å gjere med det. Sjalet er iallefall mjukt og varmt. Garnet er 100 % ull, men huske ikkje merket. Eit enkelt og kjapt sjal å strikke.



Ha ein fin kveld :-)
Posted by Picasa

Til minne



Til minne om alle dei omkomne ved regjeringsbygget og Utøya.
Ei veke har gått, ei underlig veke, prega av sjokk, tårer, sinne, ettertanke, glede, håp....
Trur heile følelsesregisteret her vore brukt. Føle ein enorm glede av å sjå sønnen min sprinte rundt, samtidig som ein føler ein enorm sorg for alle som har mista sine kjære. Ord blir fattige. Likevel så var det ei som sa noko fantastisk: "Hvis en mann kan vise så masse hat, tenk all kjærligheten vi sammen kan gi."
Derfor støtte eg opp under dette og er stolt av Norge som møter hat med kjærlighet.
Posted by Picasa

onsdag 20. juli 2011

Ferie, sommar og sol...

Er tre ting eg ikkje får oppleve denne sommaren :-( jaja, kjem fleire muligheter. Ferien blir brukt til å male både ute og inne. Egentlig var planen å male seg heilt ferdig ute først, så ta inne, men takka vere mangelen på oppholdsvær så stagnerte utemalinga fullstending. Då var det like greit å få gjort litt inne. Smaken er som baken og eg har full respekt for at nokon likar røde hus med grønne lister, men det er ikkje smaken min. Eg likar ting lyst og lett og då følte eg at spesielt grønnfargen skreik mot meg.


Då var det berre å ta malekosten fatt :-) Vi maler lysegrått. Først tenkte eg å male kvitt, men kvitt ville forsterka rødfargen, eg ønske derimot å dempe den noko grått gjer. Seinare, dvs om nokon år, så skal vi male rødfargen også, litt usikker på kva farge vi skal velge, men blir ganske sikkert noko lyst.


Ferdig med første strøk på døra :-)





Syns det vart eit heilt anna inngangsparti og er strålande fornøgd.


Garasjedøra slapp ikkje unna malarkosten den heller :-)



Posted by Picasa

Kjempe fornøgd så langt, så no er det berre å krysse fingrane for litt oppholdsvær slik at vi får malt resten. I kveld blir det derimot innemaling, vi har nemleg bestemt oss for å male gulvet i stua. Bilder kjem, når vi er ferdige :-)

Ha ein fin kveld

tirsdag 19. juli 2011

Høststrikk


Siden prinsen skal begynne i barnehagen til høsten, tenkte eg at det var greit å ha ein god og varm hals. Har delvis brukt eit mønster i fra "strikk til nøstebarn", men har (igjen) gått litt min egen vei. Først av alt har eg brukt ein annan tråd, drops merino 100 % ull. Grunnen til at eg brukte anna garn var rett og slett at eg ikkje hadde nøstebarn sitt garn. Syns det fungerte fint med drops sitt garn også, har også strikka eine sida lengre enn det sto i oppskrifta, fordi eg ville ha lik lengde både bak og framme.

Ser ut som prinsen er godt fornøgd, varm og god skal den vere i allefall :-)





Ha en fin strikkekveld :-)
Posted by Picasa

onsdag 13. juli 2011

Heklahue og smekker

Har fått ferdig ein ufo, begynte på hua i vår, men så stagnerte det litt. Så mens eg venta på å få fatt i heklenål til sjalet eg lure på å lage, men som står i fare for å ende opp som enda en ufo, så fikk eg gjort hua ferdig. Siden hua er heilt grå, måtte eg pynte den litt, med ein liten heklablomst og ein blå knapp. Hua er i 100 ull, Eskimogarn fra Drops, så den blir nok god og varm til vinteren.

Nærbilde av blomsten.

Har i tillegg sydd to smekker til ei lyseblå med kvit fleecstoff bak og....


ei gul med dyremønster. Kvit fleece bak denne smekka også.



Her har det vore nydelig sol heile dagen, og vi har knapt vore inne, så lite handarbeid i dag. Ingen krise, med tanke på kor mange dagar i året ein har handarbeidsvêr ;-)

Ha ein fin kveld :-)
Posted by Picasa

mandag 11. juli 2011

Trekning :-)

Berre ein dag på overskudd denne gangen :-) Plutselig var det blitt 11 juli, fatte ikkje kor dagane blir av.

Premien var boka "Saras nøkkel" av Titiana de Rosnay




Eg er ikkje så avansert av meg så eg trekke på "gamle måten", dsv skrive alle navna på lappar og puttar i ei hue, så ristar ein godt og trekker.

Vinnaren denne gangen er

********************
******************
****************
*************
***********
*********
*******
*****
****
***
**
*
Jlsa - med bloggen Mitt liv

Gratulerer :-)

Fikk mange gode boktips, skal dele dei i morgon, vart for seint i kveld.

søndag 10. juli 2011

Åh..nei...

Huff og huff kva er det eg her starta på :-( Pinnekroken har ein strikke/hekle utfordring gåande, der ein skal lage sjal. Eg har lenge tenkt at eg ville lage meg eit sjal. Syns det er veldig fint og praktisk, og sjølv gjort er vel gjort..... Kanskje, men akkurat no tenke eg; Kvifor i alle daga kan eg ikkje berre kjøpe meg eit??
Akk og ve og sukk....... I det minste lest igjennom oppskrifta før eg bestemde meg for kva sjal eg ville lage. Til no har eg hekla ein og ein halv firkant og eg må ha 55 + 11 halve :-(
Jo da...Blir nok kjempe fint til slutt, sånn viss eg blir ferdig en gang.
Garnet er super mjukt, så mjukt at mannen min lurte på om eg hadde flådd ein katt. (Berre sånn at det er sagt, det har eg ikkje ;-) Det negative er at det er så tynt, har ikkje sett på maken på lengre tider.

Under kan de sjå korleis det skal sjå ut til slutt. Bildet er lånt av Drops design sine sider.


Vel det var dagens klage, andre som har stupt i gang med eit prosjekt for så å angre bittert etterpå??
Skal eg fortsette? Vi får sjå, må tenkte litt.

Ha ein fin kveld

Posted by Picasa

fredag 8. juli 2011

Bryllupskort

 Fikk bestilling på eit bryllupskort og under ser de resultatet. Temafargen i bryllupet var rosa og kortet skulle vere avlangt i tillegg så har Papirdokkene ein scrappebingo gåande og kortet er meldt på der. Orda eg scrappa etter var perler, sommar og blomster.
Kortet er 30 cm langt og 15 cm bredt. Har brukt ark frå Tildadesign. Pynten og stempla huske eg dessverre ikkje i farten kor eg har kjøpt :-/ 

Nærbilde:

 


Inni kortet, her stepla eg deler av ein sangtekst "Det vackraste" av Cecilia Vennersten.



God helg alle sammen.
Posted by Picasa

onsdag 6. juli 2011

Idyll

I dag kom endelig sommaren, og som skikkelig vestlendingar kasta vi oss ut og vart der heile dagen. For vi veit så alt for godt at det er viktig å nytte kvart eit minutt, for ingen veit kor lenge det er til neste solfylte dag. (sjølv om eg håpar av heile meg at det varer heilt september :-)

Hagen blomstrar (og gror litt igjen, skulle luka men..... til helga kanskje??) Blomsten under, sikkert egentlig eit ugras, har funne sin plass på plenen. Måtte skunde meg å ta eit bilde av den før grasklipparen kom å tok den.

Enda ei smekke såg dagens lys i går kveld :-)
Snart på tide med nye stoff og farga ;)

Kaffien smakar alltid best ute i det fri.

Prinsen vår elske å vere ute, så han var storfornøgd i dag. Litt tull og tøys forann kamera er alltid kjekt :-) 
Posted by Picasa

Ha ein fin sommarkveld :-)
Tusen takk for alle fine kommentara, varmer langt inn i hjertet :-) Fortsett gjerne med det ;-)
Velkommen til nye følgarar også :-)

Lilla Lotta

Bloggen moseplassen har ein fotokonkurranse gåande, der Frøken Markblomst 2011 skal kårast. Mitt bidrag er Lilla Lotta. Ane ikkje kva blomst det er, men siste dagane har det poppa opp dusinvis av sånne søte små lilla frøkner over heile plenen vår. Siden eg ikkje veit dens riktige navn, har eg døpt den Lilla Lotta, siden den er liten/lilla og Lotta er eit skjønt navn. Og skjønt navn må ein ha på skjønne blomstra :-)


Viss du veit kva blomst dette er så gi meg eit vink. Har du lyst å bli med på fotokonkurransen eller sjå andre bidrag trykk på bildet under.


Ha ein fin dag :-)
Posted by Picasa

mandag 4. juli 2011

Fleire smekker :-)

Fikk sydd enda to siklesmekker i går :-) Kva ein får gjort når ein mangle heklenål ;-) Samme mønster og stoff som sist. Har ein plan om å bli flinkare å sy og smekkene var ein kjempe fin begynnelse. Skal ikkje sjå vekk ifra at det kjem fleire innlegg om smekker i framtida. Einaste eg lurer litt på er kva eg skal gjere med dei, siden Theo egentlig ikkje trenger smekker lenger?







Fleece bak på disse smekkene også.

Posted by Picasa

søndag 3. juli 2011

Hvor er alle tinga som jeg hadde i går ???? .

Alle har vel hørt sangen "Hvor er boksa mi....osv..." Tenke på den sangen kvar gang eg skal ha tak i strikkepinnar eller heklenåler, for alltid mangle eg akkurat den størrelsen eg trenger.
Har funne heklenåler i dei fleste størrelsane, enkelte str har eg til og med to nåler, men str 3,5 er ikkje å oppdrive. Eg som gleda meg sånn til å starte på neste prosjekt. Under ser de tråden som eg skal bruke, silke mjukt garn fra drops :-)

Nøstene skal brukast til å hekle eit sjal, som skal vere med på pinnekroken sin siste utfordring. Jaja, får bruke kvelden på å gjere ferdig nokon ufoer, kanskje det var meininga at eg ikkje skulle finne nåla eg trengde?? Så får eg kjøpe rette størrelsen i måra. Trykk på logoen/bildet under om du vil vere med eller sjå bidrag på pinnekoken.



Posted by Picasa

Bloggurat

http://bloggurat.net/minblogg/registrere/44f5c4824a32f4601b31afaf4de088051b94461d

fredag 1. juli 2011

Litt tips

Vel eg og symaskina mi har hatt ei trøblete tid saman, så då lure du kanskje på kva tips eg kan komme med. Nokon gode eksempel ville vore: Korleis lage knute på tråden, ødelegge papir, rive hull i stoffet..... vel lista er uendelig. Eg trur eg har klart det meste. Bortsett fra å knekke nåla då, den er faktisk fortsatt heil. Nei da, eg har faktisk tenkt å komme med nokon ordentlige tips, gode tips som mi farmor gav meg. Etter at eg fikk dei tipsa, over tlf (tru det eller ei) har eg og symaskina mi fått eit litt betre forhold.



Hjulet eg peikar på har faktisk ein funksjon. (Du sitte kanskje å ler no, men for en stakkars uvitande så var det god lærdom.) Den regulerer spenninga på tråden, og når du lager vaver, knutar ++ med tråden når du syr, så kan det vere fordi dette hjulet står feil innstilt.
Mi farmor sitt råd var, finn ein prøveklut (legg den dobbelt, er jo stortsett det ein syr) og sy mens du skrur på hjulet. Når maskina syr fint, uten å tulle så har du mest sansynlig truffe. Eg har min på 3, men farmora mi, viss eg huske rett har sin på 4,5, så dette varierer.
Ting vart iallefall mykje lettare her i huset, når eg fikk stilt inn dette hjulet :-)



Så til neste innstilling. No er ikkje alle maskiner like, men eg viser slik du gjere det på mi og håper det kan vere til litt hjelp iallefall.


Fikk spm om eg hadde overlockmaskin, det har eg ikkje, men eg brukte ein søm som ligne. Først stilte eg inn (sjå kor eg peike på bildet under.) slik at eg kom til der det sto stretch på maskina.

Så stilde eg inn (sjå bildet under kor eg peike) ka søm eg ville ha.


Eg tok den (sjå kor eg peike) fordi den ligne mest (syns eg) på sånn overlocksøm. Fungerte supert hos meg.


Så er det berre å sy ivei :-)

Mønsteret til smikka fann eg i denne boka. (sjå under)
Genial bok, så enkle og greie mønster. Denne boka kjem til å bli godt brukt :-)


Ha ein fin kveld. Håper at tipsa kunne vere litt til hjelp.









Posted by Picasa
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...