Sider

fredag 30. september 2011

Strikkasokkar

Eit lite innlegg i hyrten og styrten, for å rekke fristen til pinnekroken. (9 min igjen)

Eg har strikka sokkar, dobbel tråd fritidsgarn. Varrmt, mjukt og godt ullgarn. Sokkane vart dessverre litt for små til meg, men satse på at eg finne nokon som ønskjer sokkane.






Bilda burde vore betre og redigerte litt, men fristen er fryktelig nærme, så då får det berre vere sånn.
Oppskrifta fann eg på dropsdesign.no.

Ha ein fin kveld.

fredag 23. september 2011

Nei takk !!!

Pinnekroken hadde ei strikke/hekle utfordring om toving. Eg bestemde meg for å hekle ei hue til prinsen og tove den. Perfekt til vinteren, varm og god. Tova ull, betre blir det ikkje, eller.....

Vel bildet seier vel alt :-/ Prinsen vart ikkje glad ein plass, jaja, eg trøste meg med at den var litt liten uansett.
Hua blir likevel med på utfordinga :-) Så litt nytte gjere den no.
Ha ein fin kveld.
Posted by Picasa

torsdag 22. september 2011

Var det nokon som sa fri???

Eg "skrøyt" litt av at eg skulle ha fri i to veker no. Siden eg går ein nattevaktsturnus der eg jobbar ei veke, så har eg fri i to. Vel fri og fri får ein seie. Først av alt så holde eg på med studier, siste året av vernepleien og då blir det lite fritid. Akkurat no er eg i full gang med ei oppgåve om tverrfagleg samarbeid og innvandring. Av og til går skrivinga som ein leik, men enkelte gangar, står eg heilt fast. I dag har vore ein slik dag. Då blir alt anna mykje meir intressant. Bretting av kle, klesvask, rydding....osv.. Kjempe kjekt :-)

For å motivere meg til å sitte stille å skrive vidare har eg pynta med GreenGate duken vår, fine blomster fra hagen, levande lys og ikkje minst herlig Amundsenkaffi i heilskjønn GreenGate kopp. Hjelpe faktisk på å ha det koslig rundt seg.


Likevel litt pause innimellom må ein ha, og då lage eg dette "bildet" oppskrift på Kjærlighet.
 
Teksten skreiv eg på pcen, for så å skrive det ut på litt finare papir. (Det komme dessverre litt dårlig fram.) Har tenkt at teksten skal henge på kjøkkenet.
Ha ein fin dag, eg må gjere meg klar til kveldsvakt på jobb. Som sagt, "fri" var vist berre i teorien :-) Sånn kan det gå, heldigvis trives eg på jobb, så det går fint :-)

Posted by Picasa

søndag 18. september 2011

Oppussing av barnerom

Eg jobbar som nattevakt på ein avlastningsbolig, og har ein skikkelig gulltrunus, syns eg sjølv. Eg går ei veke på, så har eg to veker fri, ei veke på, to veker fri.... osv...:-) Når eg er på jobb, den veka, så jobbe eg riktignok 50 timar natt. Så det kan vere slitsomt nok, men frivekene veier definnitivt opp for dette :-) No er eg akkuart ferdig med jobbeveka mi, og planane for frivekene mine er først å fremst å vere student, men og pusse opp barnerommet til prinsen samt staua :-) Gleder meg, så i dag har eg trålt nettet for gode løysningar.

Vil vise litt av det eg vil ha :

1. Eg vil male eit stort tre på veggen hans, litt lignande det du ser under :-)

 Trykk på bilet, så komme du direkte inn der eg har lånt bildet fra.


2. Eg vil ha ei liknande hylle, som på bildet under. Der skal eg ha korger til klossar, bilar, leikar +++

Bildet er lånt fra bloggen til skilpaddentruls. Trykk på bildet så kjem du direkte inn til henne.

Bloggen er virkelig verdt eit besøk, fikk mange gode tips der.



3: Eg vil ha nokon sånne dyr:

elefant       


4: Har kjøpt ei disse/føyse/huske på ikea som skal få komme opp.

EKORRE Hengestol med luftelement, sølvfarget Maks belastning: 100 kg

5: Eg skal sy ei vimpelrekke av tildastoffer.




Har fleire planar også, men dei får vente litt.
Eg gleder meg !!!!!

Nokon som har kommentara evt gode tips??

søndag 11. september 2011

Søndagsstemning

I dag skulle vi bake kake, det gikk veldig bra i starten, heilt til eg skulle ha krem på og oppdaga at kremfløyten ikkje hadde blitt med oss heim fra handling. Jaja, eg hadde heldigvis ei reserveløysing og gjestane syns brownie og is var godt, lykkelig uvitande om kaka dei gikk glipp av.


Theo syns det var kjempe stas å vere med på kakebakinga, iallefall når det innebar smaksprøver :-)


Sånn ser vi ut då.
Etterpå var det litt støvsuging som sto på plakaten, og Theo var meir enn gjerne med å hjalp då og :-) Flinke, flinke prinsen vår.


På slutten her må eg ha med ein liten sniktitt på mitt siste prosjekt, som skal vere med på pinnekroken sin utfordring fra kneet og ned :-) Den som følger med vidare får sjå kva det blir til slutt :-)

Ha ein fin kveld.
Posted by Picasa

Barnehagesekk

I går var vi ute å handla for resten av veka. Vi skriver nemlig menyliste over alle middagane vi skal ha heile veka. Så handle vi inn alt vi trenger. Super greit og veldig enkelt, sleppe lure på kva ein skal ha. For ikkje snakke om å slippe å gå sliten og svolten i butikken. Sjelden ein god ide, lite økonomisk er det også. Dette er noko vi begynte med lenge før Theo kom, men viktigheten av denne rutinen har ikkje blitt mindre.
Det var då vi kom over denne skjønne vossatassar sekken. Perfekt barnehagesekk til prinsen.








Kjempefornøgd. 150 kr på Coop Obs om nokon lurte :-)
Ha ein fin dag.
Posted by Picasa

fredag 9. september 2011

Blogglotteri :-)

Vinn et valgfritt veggord

Bloggen AnnaJohanna har blogglotteri og trekker i morgon ein heldig vinnar som får valgfritt veggord. Trykk på linken under så kjem de direkte til konkurransen. Anbefaler også ein kikk i nettbutikken deira, utruleg mykje fint å finne der :-)

onsdag 7. september 2011

Pellefant

Eg er i Pellefantbransjen for tida, og dyret skal bli litt over 50 cm lang :-/ Den siste delen gikk eg glipp av når eg fann ut at eg skulle lage ein Pellefant. Det heile begynte med at eg hadde lyst å vere med på pinnekroken sin utfordring "leker". I eit Allersblad eg hadde var der oppskrift på ein søt, og på bildet såg det ut som ein liten pellefant. Eg begynte med friskt mot, og nokon garnrester eg hadde. Det tok ikkje lange tida før eg forsto at her var det noko gale, og når eg kikka litt meir nøye i oppskrifta oppdaga eg det. 600 gram garn og litt over 50 cm..... altså ingen liten pellefant. Fristen for innlevering til utfordringen er for lengst over, og eg har fortsatt hovudet, snabel, eit øyre og tre bein igjen å hekle. Jaja, sånn går det når ein ikkje lese oppskriftene. Håpe pellefanten felle i smak hos prinsen iallefall, for ferdig det skal den bli :-)

Ellers har eg handla inn garn til Pinnekroken sin utfordring fra kneet og ned :-) Har funne to forskjellige typar tøfler eg vil lage, og ja, denne gangen har eg lest oppskrifte fra begynnelse til slutt :-)



Takker også for alle stemmene eg fikk på hua, vant dessverre ikkje, men stas å komme til finalen. Vinnaren var ei med bloggen to vrange, og ho hadde strikka ei nydelig jakke. Den kan de kikke på her. Ein verdig vinnar.
Ha ein fin kveld :-)
Posted by Picasa

mandag 5. september 2011

Nye bilar

I dag var vi ein trøtt gjeng, søvn er det dessverre litt mangelvare på her i huset. Vi har lenge tenkt at vi skulle fornye bilparken til prinsen, han er kjempe glad i bilar og dei blir brukt masse. Då tenkte vi det var på tide med litt nytt, og i dag virka som ein god dag å gjere det på. Prinsen sovna i bilen på vei til butikken og etter butikken var han spinnglad for dei nye bilane :-)


Ingen tvil om at bilane falt i smak :-)



Var vist ikkje berre prinsen som likte dei nye bilane ;-)



Ha ein fin kveld.

Posted by Picasa

fredag 2. september 2011

Stemmesanking :-)

Jippiii... eg er ein av finalistane på Pinnekroken sin augustutfordring med hua du ser under.
Har skrive innlegg om den tidligare, det kan du lese her.
Fram til tirsdag kan ein stemme på Pinnekroken, og ja eg innrømme det, eg har lyst på litt stemmer ;-) Trykk her for å stemme.

Ha ein fin kveld.

Posted by Picasa

Monsterbukse i dropsgarn

Då var endelig monsterbuksa i drops merino ullgarn ferdig og levert til sin nye eigar :-) Har skrive om buksa før, sjå her, men då mangla eg litt garn til å få fullført. Er ei stund sidane eg strikka den ferdig, men tok tid før eg fikk manna meg opp til å sy maskesting. Kludra litt med maskestinga først, men gikk til slutt. Fikk tips til å sjå på drops design sine sider for dei har video om korleis sy stinga.
Maskesting teknikkvideo. 




Vart ganske så fornøgd med resultatet. Garnet var veldig godt å strikke med og passforma vart bra. Mønsteret til buksa har eg laga sjølv.  Må nok strikke ei til av denne :-)

Posted by Picasa
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...