Eg er i Pellefantbransjen for tida, og dyret skal bli litt over 50 cm lang :-/ Den siste delen gikk eg glipp av når eg fann ut at eg skulle lage ein Pellefant. Det heile begynte med at eg hadde lyst å vere med på pinnekroken sin utfordring "leker". I eit Allersblad eg hadde var der oppskrift på ein søt, og på bildet såg det ut som ein liten pellefant. Eg begynte med friskt mot, og nokon garnrester eg hadde. Det tok ikkje lange tida før eg forsto at her var det noko gale, og når eg kikka litt meir nøye i oppskrifta oppdaga eg det. 600 gram garn og litt over 50 cm..... altså ingen liten pellefant. Fristen for innlevering til utfordringen er for lengst over, og eg har fortsatt hovudet, snabel, eit øyre og tre bein igjen å hekle. Jaja, sånn går det når ein ikkje lese oppskriftene. Håpe pellefanten felle i smak hos prinsen iallefall, for ferdig det skal den bli :-)
Ellers har eg handla inn garn til Pinnekroken sin utfordring fra kneet og ned :-) Har funne to forskjellige typar tøfler eg vil lage, og ja, denne gangen har eg lest oppskrifte fra begynnelse til slutt :-)
Takker også for alle stemmene eg fikk på hua, vant dessverre ikkje, men stas å komme til finalen. Vinnaren var ei med bloggen to vrange, og ho hadde strikka ei nydelig jakke. Den kan de kikke på her. Ein verdig vinnar.
Ha ein fin kveld :-)
Gledar meg til å sjå pellefanten ferdig.
SvarSlett