Sider

søndag 29. mai 2011

Søndagsmoro


Ein kan ikkje berre lese til eksamen, kan ein vel?? Litt søndagsmoro og familiekvalitetstid er viktig. Første gang vi er på Metro Lekeland i Haugesund, å det var suksess både for liten og stor. Blir ikkje siste gang vi reiser dit, sjølv om det kosta litt og burde ha endra navn til Metro bråkeland. For det det er ikkje til å stikke under ein stol at lydnivået var vanvittig. Uansett ungane kosa seg, og det er viktigast, kan tåle mykje støy då.

 
Vi starta litt forsiktig i babybingen, og ingen tvil om at vi syns det var kjekt å sigle (rutsje).

Så var det tid for å heve nivået litt og vi lurte oss opp i et stort hoppeslott med sklie :-/ Det var så høgt, men artig og. Bildet under er langt i fra det finast eg har sett, men det viser virkelig at vi kosar oss.


Theo likte seg godt i ballbingen også :-)

Vi måtte prøve oss i ei stor siglebane (rutsjebane) også, knall kjekt.

Var virkelig kosleg med litt kvalitetstid midt i eksamensstyret. Berre to dagar igjen no.
Er det fleire som har hatt ei kosleg helg? Legg gjerne igjen ein kommentar om du kan. (Er litt problemer med å kommentere for tida, håpe det ordne seg fort.)
Ha en fin kveld.


Posted by Picasa

lørdag 28. mai 2011

God helg


Tru det eller ei, eg sitte faktisk fortsatt på samme kjøkken stolen som i sta. Har vore meget flink å skrive til eksamen, syns eg sjølv ;-) Hihihi..... Litt sjølv skryt må vere lov :-) men innimellom så må ein ha litt pause. Faktisk begrensa kor lenge en kan holde konsentrasjonen. Så då passe det fint med litt blogging. (Har klart å snike inn bittelitt strikking og, tihi.. det gir motivasjon)
Har tatt eit bilde av strikke korga, dvs ei av dei. Kva det skal bli er ein hemmelighet, men den som følger med skal få vete det til slutt :-)
Å berre så det er sagt, blomstrane i vasen er sjølv plukka fra hagen. O lykke :-)

Fikk ein nydelig bukett med pionar i innflyttingsgave i forgårs :-)
Så måtte snike med eit bilde av ein av dei.


Posted by Picasa

Hageglede :-)


Måtte berre legge ut litt bilder fra hagen vår.  Oppdaga plutselig at eine rododendron blomstre :-) Dessverre står den bak huset, men den skal flyttast. Mykje finare å ha den ved inngangspartiet, heldigvis så er den planta i ei potte så då er den lett å flytte. Syns rododendron er ein fantastisk fin blomst, når den blomstre. Dessverre blomstre den litt kort, syns eg.


Fann også ein annan koslig blomst, har ingen aning på kva blomst det er, men fin er den iallefall :-) Er strengt tatt det viktigaste.



Vi er og så heldige å ha eit druetre i hagen. Dette er det eigarane som hadde huset før oss som har planta. Ser ut til å bli litt druer også. Spennade. Har alltid ønska meg druetre:-)

Vel ha en fin lørdag. Planen min er å sitte foran pcen heile kvelden, eksamen om to daga, så då er det berre å jobbe på:-) Glede meg stort til å bli ferdig. Blir alt for lite tid til handarbeid og blogging for tida.
Posted by Picasa

onsdag 25. mai 2011

Trenge maskesting tips!

Eit lite innlegg i hurten og styrten ;-) På dagen er eg mamma for prinsen min, men når han sove og etter han har lagt seg på kvelden er eg student. Så det blir minimalt med tid til handarbeid og blogging. Ei positiv og negativ nyhet, på mandag så er eg ferdig med eksamena og får meir tid til handarbeid og blogging. Glede meg, samtidig som litt skummelt for føler at eg hadde trengt litt meir tid. Jaja. Skal bli godt å bli ferdig.

Måtte berre legge ut to bilder av Theo og meg på 17 mai. Den flotte strikkabunaden han har på seg har mormora hans laga :-)



(Viss nokon skulle lure på kva bunad eg har så er det Sunnfjordbunaden)

Så lurte eg på om det var nokon ute i bloggverden som kan gi meg tips om korleis sy maskesting. Veit korleis eg skal sy dei, men har problemer med å få det fint?? Gode tips tas imot med takk.

Lurte også på om det er andre som har problemer med å kommentere?? Har prøvd å kommentere hos fleire, men får det ikkje til :-(

Vel ha en fin kveld.

søndag 22. mai 2011

MmmmmBøøøøø!!!!!!

 Eg er riktignok fra bondelandet, men fleire år i by har tydligvis gjort meg til pusling. Ikkje veit eg i går klarte nemlig ei kyr å skremme meg. Å det til gangs.
Eg satt altså på det koslige kjøkkenet vårt :-) Nøyt freden, prinsen sov, det var kaffi i koppen og litt snop i skåla, og skreiv på eksamensoppgavene mine. Plutselig følte eg meg beglodd. Eg kikka opp over pcen og såg rett i auga på ei svær kyr med horn! Iiiik....:-/ Det var like før kaffen gikk i vranga og eg havna på golvet.

Her har du syndaren.
Vel når eg fikk summa meg litt så innsåg eg jo at det kun var ei søt mammaku som var ute å beita med kalvane sine. Pjuh.....


Vel vel, konsentrasjonen var øydelagt, og for å gjennvinne litt balanse måtte eg ta heklenåla fatt. Vips var denne hua ferdig :-) Må berre feste to trådar, så er den på vei til eigaren sin. Nemlig vinnaren av bloggcandyen min. Litt flau over at det tar sånn tid med dei premiane. Eg skulde på eksamen, syndaren til alt :-P MEN... dei kjem altså, så ikkje gi opp håpet.



Då får eg komme meg tilbake til eksamensskrivinga, så bloggast vi ;-)
Ha ei kjempe fin veke alle sammen.
Det har eg nemlig tenkt å ha til tross for eksamensstress :-)
Posted by Picasa

lørdag 21. mai 2011

sniktitt

Litt hektisk her om dagane så blir lite tid til handarbeid og blogging, men komme sterkare tilbake i juni :-) Glede meg. Har en del bloggstoff som ventar, men ikkje her heilt ferdig, samt eit par oppskrifter eg tenkte å legge ut. Den som ventar på nokon godt...bla,bla,bla.. er ikkje det det dei seier?? Hihi eg velge no å tru det iallefall ;-) MEN... eg har eit par nyskjerrige slektningar som så gjerne vil sjå litt bilder fra inne i huset, så det tenkte eg å legge ut. Må berre pressisere at vi er langt i fra ferdige med å pakke ut, men har komme eit lite stykke på veien. Iallefall, her er ein liten titt:


Over ser ein før bildet, og under et mykje kosligare bilde av et litt ryddigare kjøkken.


Har ikkje fått på plass nett alt enda, men er ikkje langt i fra på kjøkkenet. På bildet under kan de også sjå alle kassane eg har pakka ut på kjøkkenet. Herlig å sjå kasse for kasse bli tom :-)



To bilder av staua også.


Det var dagens lille sniktitt, skal komme med litt finare og bedre bilde seinare, men no må eg tilbake til disse (sjå bildet under)


Er halvanna veke til eksamen så best å vere litt flink studinne også :-)
Ha ein fin helg.

torsdag 19. mai 2011

I hus :-)

Då var vi i hus og fått internett igjen. Så då tenkte eg det var på tide å blogge litt igjen. Har fått på plass ein del, men jammen er det ein god jobb igjen å gjere. Lite handarbeid å vise fram, har ikkje hatt tid til å verken strikke, hekle, sy eller scrappe :-/ Jaja, ein dag. Koser meg veldig med å sett ting på plass og lage det koslig rundt oss. Syns huset er heilt fantastisk og nyte dagane. Ganske herlig å bytte ut bilsus med bølgeskvulp :-) Bur fortsatt i byen, ca 5 - 10 min å køyre til sentrum, men skulle ikkje tru det. Har til og med kyr og sauer som går og beiter bak huset :-)



Måtte ta med utsikten fra terassen min og:-) Eit par hus som er litt i veien ;-),  men eg er stor fornøgd. Ein forbedring, har siste 5 åra hatt Haugesunds hovedvei og ein bomstasjon som utsikt. Greit nok for ein periode, men no var eg klar for forandring.


Skal vise litt bilder fra innsida av huset og må berre få litt meir ting på plass først.

tirsdag 17. mai 2011

Hipp hipp hurra!

For 17 mai, håper alle får en strålande dag. Litt hurra for at vi har komme oss i hus også :-) Flytta alt (nesten iallefall) i går og sov vår første natt i huset :-) Heilt fantastisk :-) Vel meir informasjon og bilder får komme seinare, då vi ikkje har internett i huset enda.
Ha en fin dag.

søndag 15. mai 2011

Kaos

Trur lekane og kosedyra til Theo lurer veldig på kva som skjer. Skal vi kastast? Er vi ikkje gode nok lenger? Dei har riktig nok havna i en søppelsekk, men skal heldigvis ikkje på boset. I måra flytter vi til huset vårt og gjett om eg gleder meg.


I fleire dagar har vi endevendt skuffer og skap og pakka det ned i øskjer og sekkar. For eit kaos, men det er verdt det, og no er mesteparten i boks. Pjuh :-)


Over alt står det stabla med øskjer. Fatte ikkje at det er mulig å ha så masse ting.


Strikketøyet og nøstene må vere med og :-)


Vel no skal eg slappe av og nyte siste kvelden i leiligheten, litt rart. Har budd her i 5 år og har mange gode minner. (og nokon dårlige. Ikkje alltid like enkelt å bu i firmannsbolig) Vel no var det på tide med noko større, begynte å bli trangt. Skal og bli fantastisk å ha egen hage :-)

Ha en fin kveld.

Pakke i posten

Har vore noko rart med blogger i det siste, og ser at siste innlegget mitt har forsvunne. Legger det derfor inn på ny. Fikk som sagt to pakkar i posten og inni der låg to bøker eg har ønska meg lenge :-)



Glede meg veldig til å strikke fra disse, sjølv om det ikkje blir heilt enda. Vi flytter i morgon :-) Glede meg vanvittig, men litt stress og. Skal legge ut litt bilder av flytteprosessen seinare, men no skal eg ha meg ein liten formiddagskvil mens prinsen sover. Han fann nemlig ut at han hadde lyst å stå opp kl 4 i natt. Kan seie at vi ikkje var heilt enige her, heldigvis sovna han igjen, men det tok si tid. Så kjenner at eg er ganske trøtt i dag.

Ha en fin dag:-)

onsdag 11. mai 2011

Sommarhue

Det nærme seg sommar og då er det påtide å legge vekk vinterhuene. Theo trengde ei lett og god sommerhue, hadde tenkt å kjøpe ei på en butikk eg liker veldig godt, Polarn o pyret. Slik vart det ikkje, for når eg var i butikken såg eg ei heklahue dei hadde og tenkte umiddelbart, sånn vil eg lage. Er jo kjekkast med ting en har laga sjølv ;-) Garnet er mandarin petit, tynt bommulsgarn. Perfekt for ei sommarhue. Resultatet ser de under.




Denne gangen var eg så lur, syns eg sjølv i allefall, at eg feste alle tråane samtidig som eg hekla. Dvs berre en tråd å feste på slutten. Skal gjere dette neste gang og, var heilt supert. Iallefall når ein ikkje like å feste trådar.


Måtte berre legge ut et lite bilde av kveldsen min :-) Hadde så lyst på nokon godt, og kva er vel betre enn litt frukt. Falt i smak hos mannen min og :-)

Ha en fin kveld.

tirsdag 10. mai 2011

Mai du skjønne travle

Siden sønnen min la seg i 7 tida, har eg faktisk vore flink studinne og skrive på eksamensoppgavene mine. Føler eg har fått gjort ein del, og er ganske fornøgd med meg sjølv, men no var det på tide med ein liten pause. Då er litt blogging på sin plass. (Best å ikkje gå for langt fra pcen, kan vere hardt å komme tilbake ;-)

Iallefall, her er eit bryllupskort eg har laga, det skal få vere med på Sketch Saturday sin utfordring. Der skulle en følge ei skisse, den kan du sjå her.
Slik vart resultatet:

Innsida av kortet. Har stempla ein tekst på eine sida, den andre har eg latt stå open for ein personleg helsing.



Papir: Tilda design
Stempel: Kreativ hobby
Størrelse: 15 * 15

Vel då er det vel best å komme seg tilbake til eksamensskriving. I år har virkelig alt samla seg i mai, både eg og mannen min holde på med deltidsstudier og har eksamen i mai, så skal vi flytte, ingen god kombinasjon. Så gleder meg litt til mai er over, samtidig som det er litt trist å ønske ein av årets finaste mnd slutt :-/ Uansett skal bli godt å komme i havn, både med eksamen og flytting.

Ha en fin kveld.

Bursdagskort

Ein av Theo`s barselvenner vart 1 år i dag. Hurra for han, og då måtte vi lage eit lite kort. Under ser de resultatet :




Har fulgt skissa til 365 Cards og er derfor med på utfordringa der :-) Ta ein titt her om du også har lyst til de.  Kortet er også med på Scrappekammeret sin utfordring "Lag noe til en gutt". Den utfordringen finner du her.
Litt tidsnød for tida, gjorde at kortet vart ganske enkelt, men av og til er de greit og. 
Ellers er det berre ei veke til vi flytter i huset vårt. Gleder meg utruleg, eit heilt hobbyrom venter :-) Det skal bli fantastisk.

Ha en fin dag.

søndag 8. mai 2011

Formiddagstur

 
Med nesten skyfri himmel og nydelig sol, måtte vi ut på en liten formiddagstur. Pakka litt niste i korga, og labba avgårde til en barnehage i nærheten. I bunnen av korga har eg lagt to kjøleelement, så lagt et kjøkkenhandkle oppå, då holde mat og drikke seg kjølig.

 

Nye uteleikar har vi kjøpt så dei måtte vere med :-)

 

Mat smake definnitvt best når ein er ute :-)



Ingen tvil om at Theo likte å disse (eller føysa som dei seier her i Haugesund).

 

Skyggebilde av Theo :-)

 

I barnehagen vi var i hadde dei eit nydelig tre som blomstra, måtte berre ta bilde av det :-)

 

 
Håper alle har hatt en like fin søndagsformiddag som oss. No har prinsen sova, tar på å vere ute, så då er det litt rydde tid, før vi skal hente Theo sin pappa på flyplassen.

Takk for at du titter innom, legg gjerne igjen ein kommentar :-)
Posted by Picasa
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...