Sider

torsdag 22. mars 2012

Strikka genser

Mulig det er noko i lufta eller noko som går, iallefall her kommer nok ein sauekreasjon.
Likte så godt mønsteret på denne gensaren, at eg måtte berre strikke den. Har strikka den i str 1 år, og skal bli gave til ei lita prinsesse. Har gjort litt forandringa på mønsteret. Der skulle ein ha svart inni blomsten, eg valgte gult. Syns gensaren vart litt "lettare" då. Itillegg har eg valgt vekk mesteparten av mønsteret på armane. Små fingra og mange tråar, er ein dårlig kombinasjon syns eg.

Oppskrifta er i frå bladet familien, men skal du prøve deg, vær forberedt på ekstremt med feil i oppskrifta. Verste eg har opplevd nokon gong.

Gensaren er strikka i Viking alpaca sport. Litt usikker på kva som var orginalgarnet i oppskrifta. Viking sitt garn fungerte iallefall utmerka.






Ha ein fin og kreativ kveld.

onsdag 21. mars 2012

Babyplanking


Planking er vist nok en trend i tiden, eller kanskje trenden allerede er over? Litt usikker egentlig, syns nemlig det heile virka som ein litt snodig og fjasete trend :-)
Ein liten prins, med litt lopper, syns dette måtte testast og under kan de sjå babyplanking mens ein teiknar :-)




Ha ein fin kveld, og husk å meld deg på give awayen min :-)
Posted by Picasa

torsdag 15. mars 2012

Bursdags give away



Hipp hipp hurra for meg som fyller 30 år i dag :-)

Føles litt underlig å skrive tallet og sjå det svart på kvitt, men det går seg vel til. Har vel ikkje det store valget ;-) Ein perfekt dag, med koslig besøk har det vært.

For å feire dagen tenkte eg å ha ein liten give away.
Reglene er enkle:

1 lodd for kommentar
1 lodd for følger
1 lodd for å linke fra bloggen din (bruk bildet under) eller facebook.

Husk å skrive kor mange lodd du tar i kommentaren, du kan få tre lodd tilsammen. Er du følgar frå før så gjelder det såklart som 1 lodd, men husk å skrive det :-)
(Du kan bli med om du ikkje har blogg også, men då må du legge igjen epost adresse.

Vinnaren blir trekt 1 april, og premien er boka til Arne & Carlos, Påske hele året :-)





Ha ein fin dag :-)



onsdag 14. mars 2012

Nøstebarn voksejakke

Eg har strikka ei veksejakke. Lage ei tidligare til prinsen min, sjå her, og enda opp med ein god del rester. Av dei laga eg ei ny jakke i str 0 -1 år. Tenkte den skulle gå til ei veninne som har fått ein liten prins. Håpe den felle i smak. Eg er iallefall veldig fornøgd med den til prinsen min.
Har brukt totrådsgarn fra nøstebarn.


Sist eg strikka jakka, så hadde eg lyseblått som hovedfarge og mørkeblå striper. Eg satt derfor igjen med bittelitt lyseblått og veldig masse mørkeblått. Derfor vart den uten striper, men syns det friska opp med den lyseblå kanten rundt. Den har eg hekla på.
 Øverst er det ein bamseknapp kjøpt hos stoff og stil.


Sidan dette var eit restegarnprosjekt så melder eg meg på Pinnekroken sin konkurranse, den store garnslankingen.

Ha ein fin kveld.

lørdag 10. mars 2012

Lørdagsøyeblikk

En liten prins med stooor interesse for duppedingser, (det har han ikkje fra sin mamma, for å seie det fint) har gjort at mammen i huset en dag så seg nødt til å legge fotokameraet på ein lur plass. Viss du ser på bildene og ikkje minst kvaliteten, så kan en være litt i tvil om kor lur den plassen er :-/

Flott at prinsen ikkje får tak i det, men eg skulle gjerne hatt det.
Krysse fingrane for at det dukke opp igjen snart.


Iallefall litt bilder av ein liten leseprins, djupt konsentrert :-)




Viss du lurte på om prinsen måtte ta til takke med ei avis i mangel av bøker, kan blidet avkrefte det. Han har ein haug, og elske å hive dei ut av bokhylla, spesielt viss mammen akkurat har rydda dei på plass.


Ein haug eller ikkje, to nye bøker vart det på mammutsalgets siste dag :-)

Å litt til mammen også då, leselysten har han nok arva fra meg :-)



Ha ei fin helg :-)
Posted by Picasa

tirsdag 6. mars 2012

Reise




Øyebikk har ny fotokonkurranse "Reise".
Her er mitt bidrag:



Bildet er tatt i NewYork, Manhatten, like ved Ground Zero.




Trykk på linken over, så kan du sjå fleire bidrag til konkurransen :-)

torsdag 1. mars 2012

Sauekostyme

Ei stolt mamma kunne i går ikle prinsen det strikka sauekostymet. Prinsen på sin side, syns mammen berre var rar og syns ingen ting om kostymet. 


Heldigvis hadde mammen planen klar og bestakk prinsen med x-antall tuttar, ein kos.
Det fungerte :-)


Prinsen var likevel noko skeptisk og lurte fælt på om han faktisk måtte gå i barnehagen i kun strømpebukse. Gang på gang sa han; mamma bossa og kikka undrande på meg.

(Er det nokon som ser meg, her eg springe bukselaus??)








Eg er veldig fornøgd med kostymet, var relativt fort og greit å strikke. Einaste er at eg ikkje er så glad i tykke pinnar, og her skulle ein bruke nr 15.

Har du lyst å strikke kostymet finn du oppskrifta gratis her.

Sidan eg ikkje hadde tilgang til garnet som sto i oppskrifta brukte eg Drops Design sitt garn Polar. Det fungerte veldig godt. 


Posted by Picasa
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...