Sider

mandag 27. desember 2010

God jul og godt nytt år !

Prinsen vår er et ynda foto objekt. Har fleire tusen bilder, allerede;-) Surfe ofte på nettet for å finne inspirasjon til korleis eg kan ta gode bilder. Kom over nokon bilder der ein unge låg i ein koffert, og fikk lyst til å prøve noko lignande. Theos farfar hadde en gamal koffert liggande og den var perfekt. Bestemde meg fort for at bildet under var det beste til julekort:-)
Til vanlig ville eg ha scrappa julekorta mine, men i år tenkte eg å gjere det litt enkelt for meg sjølv ved å sette bildet inn i eit ferdig kort på ein nettfotobutikk. Slik gikk det ikkje. Årsaken er enkel, uansett kva kort eg tok og uansett kva eg gjorde så kutta dei ein del av bildet mitt. Noko eg ikkje liker, iallefall når eg har klipt til bildet akkurat slik eg vil ha det. Så då var det berre å hente fram scrappeutstyret og sette i gang. I etterkant er eg veldig glad for at eg gjorde det, syns resultatet vart fint og mykje kjekkare å gi ut noko heimelaga, syns eg.



Heile 24 stk vart det, dessverre mangle eg tre kort, men pga forkjølelse, falsk krupp osv.. som har komme rekande før jul rakk eg ikkje lage dei tre siste. Dei får bli nyttårskort :-) Under ser de litt av haugen. For å spare tid vart dei ganske så like, nokon små nyanseforskjellar på dei berre.



Nærbilde av eitt av korta.
Nærbilde av noko av pynten.






Då må alle fortsatt ha GOD JUL OG GODT NYTT ÅR!!!






















søndag 26. desember 2010

Tovapute

Eit putetrekk eg strikka og tova i julegave til min søster. Ho har svart og turkis som fargar i leiligheten og viste ho ønska seg ei sånn pute. Syns kanskje at den tova vel mykje, men det var det strengt tatt lite å gjere med. Sydde den sammen nede og satte i glidelås oppe. Overraska kor greit det gikk å sette i glidelås, lenge siden sist, men hadde en tlf med min flinke farmor som friska opp korleis.





onsdag 22. desember 2010

Strikka hals

På fredag var Theo og eg ute å gikk en liten tur, det var ganske kaldt og på veien gikk vi forbi en strikkebutikk. Eller rettare sagt, eg klarte ikkje gå forbi. Enda derfor opp med å kjøpe nokon nøster med babylama ull. Utruleg mjukt og godt garn. Hadde så lyst å strikke meg en hals av det garnet, og under ser de resultatet. Med pinna nr 10 var det gjort på et blunk :-) Har fortsatt litt igjen av garnet og det trur eg skal bli ei hue. Kjekt å ha hue og hals i samme farge og stil :-)




Ha en fin kveld:-)

tirsdag 21. desember 2010

Julekrans

Vi fikk en julekrans, som bar litt preg av mange års bruk, eg fann difor ut at eg ville oppdattere den litt. En ser det ikkje så godt på bildet, men en del av pynten hadde falt av og det som var igjen var ganske slitt og litt utdattert. Men sjølve kransen, var perfekt. Var lite som skulle til for å fornye den. Litt pynt og limpistol, var alt som skulle til.


Før:


Etter:





No henge kransen ny og fin på døra vår og ønsker alle besøkande god jul :-)







mandag 20. desember 2010

Et stykk liftgardin ferdig :-)

Då var eg eeeendelig ferdig med første liftgardin. Har fått den hengt opp og alt :-) Ganske så fornøgd me resultatet. Gardina gjorde også at vindauge ser større ut, noko som igjen gjere at stua ser litt større ut også. Fikk super energi til å lage neste, men det må dessverre vente til i måra kveld. Må gjere ferdig julekorta i kveld.



Et stykk fornøgd meg, som syr siste del på første gardin :-)

Før bilde:

Etter:







tirsdag 14. desember 2010

Theo prinsen :-)

Nok en merkedag:-) I dag reiste prinsen vår seg opp, gjett om han var stolt. (Skal no seiast at det var fleire stolte ;-) Han har reist seg opp to ganga tidligare, men då datt han på baken med ein gang. I dag vart han ståande, samtidig som han "rydda" litt i vaskemaskina vår :-).



søndag 12. desember 2010

Julekortlaging


Eg hadde faktisk tenkt å bestille julekort i år, siden eg skulle sende ut en liten haug, men uansett kor eg leita vart eg ikkje fornøgd. Dermed så vart det julekort laging i år og. Siden eg ikkje har fått sendt ut, eller laga alle enda, så kan eg ikkje vise heilt korleis dei ser ut, men en liten sniktitt av scrappematerialet. Har gjort dei enklast mulig, ellers ville det ta alt for lang tid, og er ganske godt fornøgd med resultatet.

lørdag 4. desember 2010

Et stykk liftgardin nesten ferdig

I dag har eg fått sydd masse og eine gardina er nesten ferdig. Har fått sydd alle sømmane, men må sy på hempene som skal løfte gardina sammen med ein tråd. Vanskelig å forklare med skal vise bilde når eg kjem så langt. Kanskje i måra??

Det har vore ein veldig lærerik prosess til no, har sydd gardiner en gang før, men det var vanlige gardiner. Sa egentlig etter det at eg ALDRI meir skulle sy gardiner :-) Aldri sei aldri ;-) Grunnen til at eg ville sy liftgardinene i utgangspunktet var fordi eg syns det var vanvittig dyrt viss vi skulle få dei sydd. No når eg har sydd nokon kveldar forstår eg faktisk kvifor det blir så dyrt. Dei må sikkert ikkje sitte på gulvet, men likevel, det tar tid og det er litt jobb med det. Angrer likevel ikkje på at eg syr dei sjølv, for som sagt det har vore meget lærerikt og eg har faktisk fått enda meir lyst til å sy litt meir. Sjølv om det nok ikkje blir liftgardiner med det første :-)


Her kan de sjå kveldens arbeid.



Takk for at du tittar innom bloggen min:-) Legg gjerne igjen ein kommentar;-) God helg.





fredag 3. desember 2010

Liftgardiner

Vel vel, det går framover :-) Har fått sydd en god del i kveld, føle meg litt gåen i rygg og kne etter kveldens økt. Årsak? vel sjå bildene. Arbeidsstilingen er fortsatt ikkje så god, men det går. Første gardin begynne å ta form og det ser ut som det kan bli bra. Håpe det, blir litt skuffa viss ikkje. Hadde blitt så glad viss første gardin vart ferdig i løpet av morgondagen. Trur faktisk det kan vere realistisk.



onsdag 1. desember 2010

Theo prinsen

Måtte ta nokon nye bilder av prinsen min i dag, syns han var så fin i dressen som farmor hans har sydd. Han syns som vanlig at det var kjempe artig å bli tatt bilde av og smilte bredt :-) Satt han oppå gitarkassa og trur du ikkje han røyse seg, uten å ha noko å halde i. Heldigvis sto pappen rett bak og "fanga" han, for sjølv om han har styrke nok så klare han ikkje holde balansen enda.







Prøvde også å ta eit bilde av tenna hans, har fått to nye siste to dagane, framtennene oppe. Var ikkje så lett, for han hadde veldig lyst å ta kameraet når eg kom så nærme, men ser du godt etter, så ser du fire små tenner:-)







Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...