Sider

lørdag 28. januar 2012

Strikkagenser


For ei tid tilbake oppdaga eg denne nydelige gensaren fra Viking design. Bestilte garn fra butikken Volda Mode og no er gensaren ferdig. Dvs min versjon av gensaren. For gensaren var kun i str 6/8 eller 10/12 år, eg ville ha den i 3/4. Derfor bestemte eg meg for å minske ned gensaren til rett størrelse. Det gikk overraskande greit, sjølv om eg ikkje har prøvd det før.


Så kom eg til mønsteret, og som de ser vart ikkje de heilt som orginalen. Føst var det planen, eg klarte då (ved hjelp av min mann) og rekne ned mønsteret slik at det passa størrelsen eg ville ha. Så fornøgd begynte eg å strikke, men då viste det seg at det vart dei lange tråane på baksida. Lange baktrådar og små ungar = trøbbel.
Kunne såklart ha tatt tråden med meg, slik det sto i oppskrifta, men syns ikkje det vart fint.
Så fann ut at eg måtte lage min egen versjon av mønstet. Plukka og satt sammen diverse mønster frå same oppskriftsbok, pluss eg teikna noko sjølv. Resultatet ser det over og under. Er egentlig veldig fornøgd.


Må seie eg bekymra meg litt for å skulle strikke, den berømte raglandsfellinga, hørt at det er skummelt. Der tok eg feil, var kjempe enkelt og greit. Det skal eg definnitivt gjere meir.
Når eg strikka denne gensaren var det mykje eg gjorde for første gang:
Minske ned mønster.
Tilpasse mønster slik at det skulle passe.
Raglandsfelling
Er også første gang eg har strikka ein barnegenser.

Så når alle nye ting er 4, melder eg meg på Pinnekroken sin konkurranse, prøv noko nytt.

Måtte prøve gensaren på prinsen, og den var akkurat passe for stor, så satse på at den holde til neste høst :-)







Ha ein fin kveld :-)



Posted by Picasa

mandag 23. januar 2012

Pom-pon

Sist torsdag var eg på strikkekafe i den nye strikke/sy butikken i Haugesund, .
Utruleg kosleg, dit skal eg igjen :-)
Riktig nok er det jo litt farlig å sitte å strikke og kose seg, midt i eit mekka av nydelige nøster og anna kjekt.
Eg kom iallefall over disse Pom-pon makarane, fra Viking. Eg lagar gjerne huer, men duskar blir det sjelden. Fram til no, for dette var genialt. Kjapt, enkelt og veldig fint resultat.
(Berre så det er sagt, eg er ikkje sponsa, syns berre dette var så genialt at eg måtte dele det. )



Settet til 80 kr, inneholder 4 ulike rundingar til å lage duskar med.
Dele dei i to, surre rundt tråd.

Sette dei saman til ein ring.




Klippe opp.



Å på 1 2 3 har du fine duskar, som kun trenge litt enkel stussing før dei er klare til bruk. Dei få gangane eg har brukt papp, har eg aldri klart å få duskane så tjukke og jamne.





Eg er rett og slett super fornøgd.
Kan anbefalast på det varmaste.



Posted by Picasa

Fram og tilbake...

Bakoverstrikking, trenge eg seie noko meir :-(
Heldigvis var det berre 12 omganga, men det holde i massevis for min del.
Blir alltid litt gretten av å måtte rekke opp.

 

Måtte og slenge med nokon bilder av prinsen. Han syns det er fantastisk kjekt å hoppe i sofaen, sist søndag hadde vi besøk og muffins (sukker), det gjorde ikkje hoppegleden mindre :-)

Ha en fin kveld :-)



Posted by Picasa

mandag 9. januar 2012

Den heilage Knut

Det viste seg at det var fleire årsakar til at han Knut, altså Den heilage Knut Lavand, ikkje kom 13 dag jul. (trykk på linken så kan du lese meir om Knut)

Ein av dei var at eg har tatt feil av datoen. Om det er eg som har høyrt feil, eller om dei som har sagt uttrykket til meg har trudd feil er uvisst, men ein liten forklaring på korleis forvekslinga kan ha skjedd kan de lese under.

Ein eg kjenner, som veit mykje meir om helgenar enn meg, skreiv dette:

"Den heilage Knut Lavand har minnedag 7. januar. Tidlegare hadde han minnedag 13. januar, altså tjuande dag jul. Dette vart til uttrykket «tjuande dag Knut». Det kan sjølvsagt også ha vorte blanda saman med «trettande dag jul» til «trettande dag Knut», sidan både 6. og 13. januar har tradisjonar for å vere dagen der jula er slutt.

Han kunne også fortelje meg at Knut heldt seg i områda, som i dag er delt mellom Danmark og Tyskland, og er gravlagd på Sjælland. (Noko som ville gjort at han lettare kunne komme hit til Haugesund enn til Sunnfjord.)

Den siste delen av informasjonen, om at han var gravlagd på Sjælland, gjere at eg egentlig er glad han ikkje kom.

Ellers var det kjempe artig å faktisk lære bakgrunnen til utsagnet, eg har egentlig alltid tenkt at det var noko dei heime fann på:-)

Ellers så har eg starta å strikke på ein gensar til Theo, litt spent på om eg får det til. Oppskrifta er nemlig 6/8 år eller 10/12 år. Eg ville ha sånn  3/4 år, så eg må sjølv prøve meg fram og minske ned. Foreløbig går det fint, men litt meir spent når eg skal starte på mønsteret. Uansett skal eg fortelje korleis det går :-)






Ha ein fin kveld, og takk for alle koslige kommentara på bloggen min :-)

Ugleri


I dag har eg endelig fått dekorert litt på rommet til prinsen. Var virkelig på tide, for veggane var veldig tomme og kvite. Det er to, muligens tre årsaker til at det har tatt tid. Først av alt, det var 1 million hull i veggande og dei måtte sparklast og malast. Takmalingen var også ganske falma og måtte ha seg eit strøk maling det også.
Heldigvis, for meg, vart dette gjort mens Theo og eg hadde oss ein liten ferie til Sunnfjord :-)
Når veggane var tørka og klare for bilder og pynt, vart vi litt usikre på kva vi skulle henge opp. Greit å tenke seg litt om slik at ein ikkje får ein million nye hull i veggen.
Grunn tre, er rett og slett lommeboka. Den har stort sett litt den skulle ha sagt. 

Her ein dag såg eg nokon skjønne ugler på Panduro hobby, og fann ut at dei ville bli perfekte på Theo sitt rom.  
"Vinduet" er laga av tape fra Søstrene Greene :-)


Super fornøgd, syns det vart veldig koslig.


Uglene og tapen var veldig enkel å lime på veggen, og veldig enkel å fjerne. Så vil påstå at dette var ein "snill" måte å dekorere veggen på.
Uglene koste rundt 60 kr og tapen 1,50 kr, ein pris sjølv lommeboka likte.


Ha ein fin kveld :-)

PS: Seinare i kveld skal eg forklare kvifor "Knut" ikkje kom på besøk 13 dag jul ;-)
No er det tid for nyhetene og strikking.


lørdag 7. januar 2012

Kor vart Knut av???

 Gjennom heile barndommen så høyrde eg at Trettende dag Knut, kaste jula ut.
Vel i går var det trettende dag jul og eg såg ingen ting til han der Knut? Har han gløymt oss? Eller syns han det vart for langt å reise fra Sunnfjord til Haugesund?

Uansett, no var vi klar for å kaste ut jula, med eller uten Knut.
Juletreet og pynten vart pakka ned og stua på loftet. (Ja du leste rett, vi pakka ned treet og. Då vi er fleire i huset med fisefine allerginaser så blir det sånn.)

Å ja, juletreduken er såklart heimelaga :-) Den laga eg sammen med min bestemor og bestefar, når eg var sånn ca 9 -10 år.

Vel det nye slagordet her i familien får då bli:
Fjortende dag Lasse, hive jula i ein kasse ;-)
Posted by Picasa

Strikka jakke

Endelig fikk eg prøvd jakka på prinsen. Litt i største laget, men siden det var meininga er eg veldig fornøgd. Prinsen blir ikkje 2 før i april og jakka er i str 3 til 5 år, men med oppbrett på armane er jakka absolutt brukande.







Ha ein fin kveld, her skal deler av den gå til strikking :-)
Posted by Picasa

onsdag 4. januar 2012

Ferdig !!

Ville garantert blitt finare bilder om eg tok dei på dagtid og med prinsen inni.
Hadde eg tid å vente på det?? Nope, er nemlig så glad for å vere ferdig og bittelitt stolt. (sikkert ikkje lov å seie høgt, men eg gjere det likevel ;-)

Syns det vart fin fasong, og kjempe fornøgd med fargevalget. Jakke er i str 3 til 5 år, så den bør vere stor nok leeenge.


Planen var å bruke nokon fine knappar fra Snella & Petronella, med bilar på, men dei var for store for knappehullet. Så då falt valget på eit par sauar eg hadde liggande. Sauen er merkelappen for nøstestrikk, så passa egentlig meget bra.


Valgte vekk hette, men hekla ein kant rundt alle kantar.


Glede meg masse til å prøve jakka, på prinsen, i måra.


Ha ein fin kveld.

mandag 2. januar 2012

Veksejakke

Kva er vel betre enn å starte året med å bli ferdig med veksejakka til prinsen, eller dvs ferdig med strikkedelen. Må sy den sammen, sy på knappar og hekle ein kant rundt alle kantar. I følge oppskrifta skal de vere hette på jakka, men eg er egentlig ikkje så glad i hetter på klea til prinsen, føler dei er mest i veien, så då blir jakka hettefri.




Jakka er strikka i ein del, veldig greit, sjølv om det ein liten periode var litt forvirrande å finn opp og ned på jakka.



Mønster til jakka finne du i boka Strikk til nøstebarn, eg har også brukt ubehandla ull fra nøstebarn.
Kjempe fornøgd med begge deler :-)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...