Sider

mandag 9. januar 2012

Ugleri


I dag har eg endelig fått dekorert litt på rommet til prinsen. Var virkelig på tide, for veggane var veldig tomme og kvite. Det er to, muligens tre årsaker til at det har tatt tid. Først av alt, det var 1 million hull i veggande og dei måtte sparklast og malast. Takmalingen var også ganske falma og måtte ha seg eit strøk maling det også.
Heldigvis, for meg, vart dette gjort mens Theo og eg hadde oss ein liten ferie til Sunnfjord :-)
Når veggane var tørka og klare for bilder og pynt, vart vi litt usikre på kva vi skulle henge opp. Greit å tenke seg litt om slik at ein ikkje får ein million nye hull i veggen.
Grunn tre, er rett og slett lommeboka. Den har stort sett litt den skulle ha sagt. 

Her ein dag såg eg nokon skjønne ugler på Panduro hobby, og fann ut at dei ville bli perfekte på Theo sitt rom.  
"Vinduet" er laga av tape fra Søstrene Greene :-)


Super fornøgd, syns det vart veldig koslig.


Uglene og tapen var veldig enkel å lime på veggen, og veldig enkel å fjerne. Så vil påstå at dette var ein "snill" måte å dekorere veggen på.
Uglene koste rundt 60 kr og tapen 1,50 kr, ein pris sjølv lommeboka likte.


Ha ein fin kveld :-)

PS: Seinare i kveld skal eg forklare kvifor "Knut" ikkje kom på besøk 13 dag jul ;-)
No er det tid for nyhetene og strikking.


4 kommentarer:

  1. Det ble kjempestilig, likte uglene veldig godt!

    SvarSlett
  2. Rett og slett heilt perfekt, utruleg så mykje fint ein kan finne berre ein snusar litt rundt.

    SvarSlett
  3. Så flott ett "ugle-vindu"!
    Og så koster det nesten ingen ting, og ikke lager det hull i veggen heller!
    Kreativ du :)
    ......Og jeg tror jeg vet hvorfor Knut ikke kom til deg 13.dag jul ;)

    Ha en fin kveld!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...