Sider

mandag 20. januar 2014

Strikka babysmikke

Her en kveld surfa eg rundt på pinterest og kom over ei fantastisk fin babysmikke, som eg berre måtte prøve å strikke.
Å sjølv om ein sikkert ikkje skal skryte over eget resultat, så må eg berre seie at eg er veldig fornøgd med resultatet. Babysmikka vart perfekt til prinsessa.
 
Likte absolutt alt ved den, og spesielt den kanten rundt (som faktisk er strikka) gav smikka eit pynta resultat. Har brukt garnet Drops merino extra fine (ull), og pinne nr 3,5. Garnet var faktisk ein liten rest eg hadde etter at eg strikka kjolen som prinsessa har på seg på bildene :-)
 
 
Såg ut som prinsessa er fornøgd også.
Oppskrifta på babysmikka fann eg på bloggen til Anitas kreative side :-)
 
Oppskrifta var veldig enkel å følge og smikka var rask å strikke. Kommer garantert til å strikke fleire av disse.

 
I oppskrifta så sto det at ein kunne sy i knapp, men i latskapens navn enda eg opp med trykknapp :-)

 
Ha ein fin kveld :-)

fredag 17. januar 2014

Rangler i lange baner :-)

Plutselig så var rangle nr 4 ferdig, denne gangen med ein annan type tråd. Petunia, 100% bommul fra Rauma ullvarefabrikk. Garnet var litt tjukkare enn marndarin petit, så istedet for dobbeltråd så gikk eg ned ein halv heklenålstørrelse (til nr 3) og brukte enkel tråd.
Veldig fornøgd med garnet egentlig, men trur kanskje at rangla hadde blitt enda betre med dobbeltråd og heklenål 4.  Så det blir nok ikkje siste blogginlegget om hekla blomsterrangler :-)
 
 
 
Prinsessa, som i dag er 6 mnd allerede, godkjende rangla med en gang :-)

 
Absolutt brukande til å klø gommar med :-)

 
Ein bør alltid ta bilder i dagslys og uten blits, men det er alt anna enn enkelt til tider, så då får det heller gå at bildene lyger litt når det kommer til fargegjengivelse.

 
Også denne rangla er fylt med vatt og har ei lita bjelle inni :-)
 
Ha ei fin og kreativ helg.

lørdag 11. januar 2014

Reprise blomsterrangler

Måtte berre lage to rangler til, denne gangen i blåtoner.
 
Det er ikkje til å stikke under en stol at eg er meget prikete og vil at alt skal bli perfekt. Den andre rangla eg laga, sjå her, vart eg fornøgd med, men perfeksjonisten i meg såg kor eg kunne forbetre ranglene enda meir.
 
Eg hekla tydligvis litt lausare enn ho som laga oppskrifta, noko som gjorde at eg kunne sjå fyllet gjennom tråden. Derfor bestemte eg meg for å prøve på nytt med dobbel tråd. Då vart eg fornøgd. Rangla vart fast og fin, og virker som den har god holdbarhet. Kunne ikkje sjå fyllet og rangla vart hakket større. 
 
 
Har brukt dobbel tråd med bommulsgarn, mandarin petit, frå sandnes garn, og heklenål nr 3,5.
 



 
Prinsessa vår klør veldig i gommane sine for tida og det virker som ho synes at rangla er det perfekte kløredskap :-) Så eg må nok lage ei til til ho med dobbeltråd, disse to ranglene skal nemlig få andre eigara med kløande gommer  :-)


 
Ha ein fin kveld. 

onsdag 8. januar 2014

Hekla blomsterrangle

 Fann ei oppskrift på nettet på ei hekla blomsterrangle, og fikk så lyst å prøve den. Resultatet ser de på bildene under. Likte godt fargane, passformen og oppskrifta var enkel å følge, men eg trur at eg hekla litt lausare enn den som laga oppskrifta. Så kunne tenkt meg å prøve igjen, men då med ein tynnare heklekrok.
 
 
Inni rangla har eg putta ei lita bjelle, kjøpt på stoff og stil, ellers er rangla fylt med vatt.
Det kvite og rosa garnet er mandarin petit, mens det mintgrønne er søstrene grene sitt.
 
 
 
Rangla falt i smak hos prinsessa med en gang, virka som den var veldig god til å bite i og klø gommane med. Så når ho er fornøgd så er eg forngød :-)
 
Har du lyst å prøve å hekle rangla finn du oppskrifta på bloggen til Torills Verden.
 
Ha ein fin kveld :-)



søndag 5. januar 2014

Nytt år, nye muligheter

Nytt år, nye muligheter og i den anledning så måtte eg forandre litt på bloggen. Følte det var påtide med litt forandring, ikkje berre var eg litt lei av det gamle designet, men eg syns også at det tok vekk litt av fokuset til bildene. Har derfor valgt eit veldig enkelt design, litt usikker på om eg er fornøgd, så kan komme fleire forandringa, vi får sjå. Tar gjerne mot tilbakemeldinga og tips.
 
 
Nyttårsbordet vårt.
Enkelt pynta med litt papirstjerner og dekorasjonen prinsen laga i barnehagen :-)


 
Ha ein fin dag.

lørdag 4. januar 2014

Strikkasokker fra i fjor

 Nok eit innlegg som skulle vært publisert i fjor, men kom aldri så langt.
Heile tre par sokker og det av ei som hater å strikke sokker, eller iallefall har hata det. For det som er med sokker er at når du endelig er ferdig med en, så må du strikke en til nøyaktig lik :-( Mykje kjekkare med litt variasjon :-) I tillegg så hadde eg fått det for meg at hel var veeeeldig vanskelig å strikke, noko det faktisk ikkje var.
 Så litt usikker på kva som skjedde i tida etter at Tilde kom til verden, men iallefall fikk eg sokkedilla over meg og den resulterte i tre par med sokker :-)
 
 
Tilde har fått eit par med ullsokker, 100 % merino ull fra drops. Kjempe fornøgd, sitter godt på foten (bortsett fra når ho får det over seg at ho skal dra av alle sokker) og er veldig mjuke og varme. Såpass mjuke at eg av og til har dei på først, så strømpebukse, for då får ho dei ikkje av seg ;-)
 
 
 
Dei blå/brune/grå sokkane er strikka i Fabel fra Drops, 75 % ull og 25 % polyamid (noko som gjere dei meir slitesterke), med pinne nr 2,5. Foten på sokkane er ca 13 cm, noko som tilsvarer ca str 22 i sko.
 

 
Siste paret er strikka i sånn typisk sokkegarn, husker ikkje merket. Eg hadde mange sånne par når eg var barn, men syns desse er mjukare enn eg kan huske at mine sokkar var. Fargen er også ein god del finare i virkligheten, men blitsen ødela litt.
Foten på sokkane er ca 16 cm noko som tilsvarer ca str 27 i sko.
 

onsdag 1. januar 2014

Rester fra fjoråret :-)

GODT NYTT ÅR !!
Denne hua skulle egentlig ha vært blogga om i 2013, men tida strakk ikkje til. Veldig fornøgd med passformen på hua, men ikkje størrelsen. Prinsessa er snart 6 mnd og hua passer perfekt til ho, om mulig kunne den vært litt større. Fint det, viss det hadde vært meininga, men hua skulle egentlig ha vært til en gutt på halvanna år :-( Så enten er det noko rart med oppskrifta, eller så er det no alvorlig gale med strikkefastheten min.
 
 
Passformen på hua gjere at øyrene blir godt dekt til :-)

 
Tittei :-)

 
Hua er strikka i 100% ull fra gjesdal, med pinne nr 2,5.
Uuups såg plutselig at eg skulle bytta fra pinnestørrelse 2,5 til  3 på hua etter brotet, mulig det forklarer litt kvifor den vart så liten ;-) Jaja, får strikke ei til då :-)


 
Oppskrifta fann eg her: Ravelry
 

 
Ha eit fint strikkeår.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...