Sider

lørdag 11. januar 2014

Reprise blomsterrangler

Måtte berre lage to rangler til, denne gangen i blåtoner.
 
Det er ikkje til å stikke under en stol at eg er meget prikete og vil at alt skal bli perfekt. Den andre rangla eg laga, sjå her, vart eg fornøgd med, men perfeksjonisten i meg såg kor eg kunne forbetre ranglene enda meir.
 
Eg hekla tydligvis litt lausare enn ho som laga oppskrifta, noko som gjorde at eg kunne sjå fyllet gjennom tråden. Derfor bestemte eg meg for å prøve på nytt med dobbel tråd. Då vart eg fornøgd. Rangla vart fast og fin, og virker som den har god holdbarhet. Kunne ikkje sjå fyllet og rangla vart hakket større. 
 
 
Har brukt dobbel tråd med bommulsgarn, mandarin petit, frå sandnes garn, og heklenål nr 3,5.
 



 
Prinsessa vår klør veldig i gommane sine for tida og det virker som ho synes at rangla er det perfekte kløredskap :-) Så eg må nok lage ei til til ho med dobbeltråd, disse to ranglene skal nemlig få andre eigara med kløande gommer  :-)


 
Ha ein fin kveld. 

1 kommentar:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...