Sider

tirsdag 30. november 2010

forts. gardiner



Det går sakte, men sikkert framover med gardinene. Tar litt tid når ein kun har tid til å sy etter at prinsen har lagt seg. Han legge seg 19.00, og etter det skal alt skje, iallafall det eg ikkje har fått gjort når han kvile på dagen.


Å berre for å ha sagt det, dei som syns eg hadde dårlig sybord sist :-) må snu seg vekk no :-) Denne gangen sitte eg faktisk på gulvet :-) Ikkje den beste arbeidsstillinga, men det går. Sånn er det når leiligheten er for liten til å ha et eget hobbyrom, men berre vent til vi får hus........ :-) Eg har planane klare.

mandag 29. november 2010

Julekalender :-)


Det nærme seg stort første desember og eg tenkte det var på tide å lage klar julekalenderen. Hadde så lyst på en litt annerledes julekalender, var på ein butikk som heiter inmari, og der fann eg utgangspunktet.
Like veldig godt vintagestil, så derfor vart kalenderen pynta deretter, ganske fornøgd med resultatet. Har kun fått opp fire lappar, men tar det litt etter litt. Planen er at det skal vere ein familiekalender, der det ikkje er så masse pakkar, meir ting å gjere sammen. Theo er fortsatt litt liten til å forstå det med kalender, men syns det er koslig å starte ein tradisjon.

søndag 28. november 2010

Et steg vidare :-)

I dag fikk eg tatt fram symaskina og no er første søm sydd. Jippi, går iallefall framover her, om ikkje så fort. Hadde vore kjekt å fått opp dei gardinene snart. Dei blir nok ikkje like fine som om butikken hadde sydd dei, men satse på at dei blir fine nok. Superspent på resultatet iallefall :-) Gardinene vi har hengande er så stygge så det skal bli en fryd å bli kvitt dei.

Måtte prøve å sy litt på ein prøveklut.



Litt alvorlig her ja :-) Gikk fint å sy første søm, så håpe eg resten går fint. Fortsettelse følger :-)

fredag 26. november 2010

forts. operasjon gardiner




I dag tok eg mot til meg og fortsatte litt på operasjon gardiner. Så no er gardinene klipt. Tenke å begynne å sy i måra, håpe det går fint. Kanskje, kanskje kan det bli nye gardiner på søndag?? Det hadde vore kjekt.

tirsdag 23. november 2010

strikka votter 2


Enda eit par strikka votter til Theo. Samme type garn som sist og oppskrifta er min egen. På bildet ser dei svarte ut, men er mørkeblå. Denne gangen laga eg dei litt smalare og lengre. Satte også inn eit silkeband til pynt. Fortsatt har eg ikkje brukt opp eine av dei to nøsta eg kjøpte, og må innrømme at eg var innom butikken igjen og kjøpte eit nøste til i samme farge + eit i rosa. Tenkte at eg skulle strikke ei hue og sokkar til Theo, og det rosa lurte eg på å strikke nokon gaver av. Vi får sjå kva eg får tid til.

søndag 21. november 2010

Strikka votter




Theo og eg er på ein liten tur til Sunnfjord, mine heimtrakter. Her nyter vi late dager og koser oss stort. Eg hadde jo store plana om ikkje å starte noko nytt strikke/helke prosjekt før eg hadde gjort ferdig dei påbegynte, samt slanke garnhaugen min, men ..... Slik vart det ikkje. Var ein tur i Førde og der kom eg over salg på merino silk garn. Mjukt, godt og varmt. Kjøpte to nøster, og har alt strikka eit par votter til Theo. Brukte ikkje eit halvt nøste ein gang, så tenke strikke iallefall ett par til mens vi er heime. Strikka uten tommel, siden det er så vanskelig å få på med tommel. Fargen vart litt feil på bildene, men men. Oppskrifta er mi eiga.
Takk for at du titter innom bloggen min :-) Legg gjerne igjen en liten kommentar.

tirsdag 16. november 2010

Konkurranse

Fotograf Trine Bjervig har konkurranse på bloggen sin, premien er gratis fotografering + alle filene og en print på 20*30 cm. Verdi på heile 12000 kr.
For å delta i konkurransen kan du gå inn her

http://bjervig.blogspot.com/

På sida hennar finne du konkurranse reglar og alt.

søndag 14. november 2010

Foto av prinsen

I dag har vi tatt nye bilder av prinsen vår. Litt med tanke på jul og julekort, men når vi først var i gang tok vi litt andre også. Theo`s farfar var snill å låne oss litt rekvisitta og Theo var gjerne fotomodell.






























lørdag 13. november 2010

Tova votter


Her er eit par votter eg har strikka og tova. Burde hatt før bilder, men har dessverre berre av resultatet. Er inne i en prøve og feile med toving periode :-) Vottane er eg sånn passe fornøgd med. Dei tova fint, men syns dei vart litt harde. Likevel trur eg dei skal vere gode og varme for små hender. Trur str vart ca 1 år.

fredag 5. november 2010

Tutorial dåpskort

Her er tutorial på barnevogn dåpskort.




Dette trenger du: Mønsterpapir (med mønster på begge sidene), stanseverktøy, distress ink, tape, limpistol, perler og sløyfe.


Vogna er ca 8,5 cm høg (m/hjul) og 7,5 cm brei.





Til ei vogn må du stanse ut to rundingar. Eg huske ikkje kva dette stanseverktøyet heiter, men du får to rundingar på cm.




Klipp ut som vist på bildet over. Ein har då sjølve vogna.





Til hjul, brukte eg ein 5 kroning som mal. Går såklart fortare om ein har eit stanseverktøy som lagar så små rundingar, men har ein ikkje det, fungerer som sagt ein 5 kr perfekt. Treng 4 rundingar til kvar vogn.




Så sverta eg rundt alle delene med distress ink (brun).





Her har eg skjært ut ryggen til vogna. Den er 18 cm lang og 4 cm høg. På langs har eg prega 1 cm inn og på kortsida har eg prega ein halv cm inn.




Klipp begge endane som vist på bildet over. På den lille flippen på sidene har eg tatt dobbeltsidig tape.




Fest sammen som vist på bildene over.




Ta dobbeltsidig tape begge langsidene.




Klipp opp på langsidene som vist på bildet over og på nærbildet under. Dette for at det er lettare å forme ryggen når den skal festast til vogna.



På bildet over kan du sjå korleis eg har festa ryggen til vogna, dvs den store rundingen. Fest så på den andre rundingen. Til slutt tar du og festar to sjå rundingar (hjula) på kvar side. Sjå bilde under.



Du har då eit stk vogn du kan fylle med det du ønsker. På bilde under kan du sjå vogna i bruk som bordkort. Eg har hatt oppi bomull (dyne) og langt ein sjokoladebit oppi.




Lykke til .

Viss noko er uklart er det berre å spørre enten i kommentarfeltet under eller på mailen min.









mandag 1. november 2010

Høst

Vel vel dagen i går vart langt i fra slik eg hadde tenkt. Skulle ha siste dag på praksisplassen min og på kvelden skulle eg på teater å sjå Sound of music. Glede meg utruleg. I staden var eg så "heldig" å få tilbringe dagen i senga :-( med 40 i feber og vondt over alt. Viste seg å vere brystbetennelse, noko som er noko av det vondaste eg har vore med på. Fortsatt er formen så som så, men har komme meg litt. Var til legen i går og heldigvis har medisinane vore til hjelp. Formen er stigande. Så mens eg venter på betre tider ;-) har eg brukt tida på å lese, når en har lite energi er lesing en fin hobby.



Boka heiter Saras nøkkel og er utruleg bra skrive, når ein først begynner å lese på den må ein berre lese og lese for å finne ut korleis det går med hovedpersonane vidare. Så boka er virkelig å anbefale. Likevel er det greit å vite at dette ikkje er nokon kose roman. Historien er oppdikta, men handle om jødeutrydningen i frankrike, og en har heile tida i baktankane at dette like godt kunne vore ei sann historie. Historia er meget sterk og eg trur aldri eg komme til å gløyme boka, tiltider hadde eg ikkje lyst å lese meir for historia vart nesten for sterk, samtidig som eg berre måtte vite korleis det gikk.

Så til noko litt kosligare, på lørdag, før eg vart slått ut med feber å greier, var eg på Kolnesutstillingen. En utstilling der ein kan kjøpe ulike handlaga ting. Der kjøpte eg denne telys tingen, syns den var så fin og passa godt inn hos oss. Telys er så koslig no om høsten. Litt usikker på korleis den er laga, men er to "papirbilder" som er festa sammen med tråd, sette eit glass inni med telyset oppi. Syns dei to små var så søte på bildet.



Måtte også ta bilde av telysa eg fikk i avslutningsgave av veiledaren min, vart så glad. Telys er som sagt veldig koslig og eg bruker masse av det heile høsten. Det beste med høsten er jo å sitte inne med masse telys, en kopp varm kakao/kaffi/te, når det blåse, regne og er mørkt ute.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...