Sider

mandag 29. august 2011

Tilbake :-)

 Det har vore kjedelig stille på bloggen min i det siste, men det har definnitivt ikkje mangla på ting som skjer. Prinsen har begynt i barnehage, litt merkelig. Savne han veldig og skulle gjerne vore meir heime med han. Likevel kjenne eg at det er godt å jobbe litt igjen. Har egentlig permisjon til 1 september, men har tatt litt ekstravakter og nyte å vere tilbake. Einaste skåret i gleden er at eg ikkje får vere heime med prinsen. Sånn er det, det bur ein Ole Brumm i oss alle; ja takk begge deler. Synd det ikkje alltid er like enkelt å få til.

Prinsen har også begynt å ete sjølv, har gjort det litt før også, men no er det alvor. Ingen får hjelpe :-)

Han er veldig flink syns eg, men "litt" gris blir det.

Gode klemmar er viktig.


Er også i full gang med å strikke ei voksejakke til han, etter oppskrift frå Nøstebarn. Den blir strikka i eitt stykke, så ser litt merkelig ut no, men satse på den blir bra til slutt.



Ellers tusen takk for alle dei fine kommentarane på Moods of Haugesund vesten, skal legge ut oppskrift ein dag, men må berre finne notatane igjen :-/ Må skaffe meg ei lita notatbok.

Posted by Picasa

tirsdag 16. august 2011

Moods of Haugesund

Strikkavest inspirert av Moods of Norway, men oppskrifta på vesten har eg laga sjølv og traktoren har eg teikna på eit ruteark. Har brukt dobbel tråd Drops 100% pure alpaca, så vesten skal vere god og varm til vinteren.



Litt tullebilder måtte med også:-)




Vesten skal også vere med på Pinnekroken sin utfordring sjøliv/uteliv. Vesten er strikka i marineblått og passar godt til ein tur i skogen/uteliv.



Ha ein fin kveld, eg har plana om å slappe litt av og begynne på neste strikke/hekleprosjekt :-)

Posted by Picasa

mandag 15. august 2011

Theo og paparazzimammaen

I dag var det første barnehage dag for store, lille prinsen vår. Med på slepet var pappaen og paparazzimammaen. Bilder er viktig :-)

Litt forsiktig i begynnelsen,.....

men det tok ikkje lange tida før han var varm i trøya...


å kikka forundra rundt på alt det nye..


litt godt var det å ha pappa og mamma i nærheten...


til slutt litt mat i magen :-)



Ein velykka første barnehage dag, så velykka at prinsen ikkje ville vere med oss heim igjen. Det love godt, for må innrømme at eg har kvidd meg litt til denne dagen. Stoler hundre prosent på barnehagen og prinsen vår er veldig sosial så trudde han ville trives, men syns det er veldig trist å ikkje skulle vere sammen med han heile dagane. Det har liksom vore oss to i 16 mnd no (minus når Thomas hadde pappaperm), då er det litt vanskelig å slippe taket. Jammen bra barnehagen har tre tilvenningsdagar, eg trenge det ;-)

Posted by Picasa

søndag 14. august 2011

Søndagsmorgen idyll

I går vandra to nydelige Green gate koppa og dukar inn i huse vårt, og gjett om denne mammaen vart glad då :-) Har sikla vel og lenge på disse humørspredande produkta. Det ose av kos, glede, idyll og ro fra dei. Så då måtte eg berre bake scones til frokost, og nyte dei med ein rykande fersk te.





Posted by Picasa

onsdag 10. august 2011

Baksida av mammamedaljen


Det fins veldig få baksider med den mammamedaljen, men ein liten ein fins det har eg funne ut i kveld. Som skrive før, skal prinsen vår begynne i barnehagen på mandag, og då må alle klea hans merkast. Noko som igjen betyr timesvis med strykejernet :-/ Fysj eg hate stryking :-(

Jaja, det går framover, har fått ferdig ein liten haug, samt ein haug som er bretta sammen og lagt på plass. Dessverre er det ein god haug igjen, men repriser av Gray`s anatomy hjelpe på.


Å kva gjer ein vel ikkje for sånne sjarmtroll :-)

Ha ein fin kveld.

Frøken Rose 2011

"Mitt lille land"

Et lite sted, en håndfull fred slengt ut blant vidder og fjord.

Nokon prøvde å øydelegge den freden 22 juli, men Norge viste seg fra sin beste side og svarte med meir demokrati og kjærlighet, samt eit hav av roser som symbol for håp, framtid og ikkje minst savn.

Bloggen Moseplassen har ei Frøken Rose 2011 utfordring, der målet er å dele gleden med roser. Ønskjer du å delta eller sjå fleire rosebilder trykk her, så kjem du direkte til utfordringen.  

Eg har valgt å kalle rosebildet mitt for: "Mitt lille land" etter sangen Mitt lille land skriven av Ole Paus. Mange har framført sangen oppigjennom, men for dei fleste er det nok Maria Mena sin versjon som har satt djupast spor.

Rosebuketten på bildet fikk eg av min mann tidligare i år, ein nydelig bukett som eg satte stor pris på. Er veldig glad i roser, både fordi dei er nydlelige å sjå til, men også fordi allerginasa mi tåler å ha disse blomatrane i hus. Dessverre veit eg ikkje kva sort roser det er, men kanskje nokon der ute i bloggverden veit? Har også ein plan om å lære meir om stell og rosehold, slik at hagen min kan blomstre av nydelige rosebusker i framtida :-)
Posted by Picasa

tirsdag 9. august 2011

Maritim hue

Den snille hønemor mammaen har strikka god og varm barnehagehue til prinsen. Glad og fornøgd, ja for når sant skal seiast så vart eg litt fornøgd, satte eg den på prinsens hovud, men trur du han ville ha den på? Nei, sjarmøren forvandla seg til ein uforskamma prins vil ikkje. Sånn kan det gå, jaja denne mammaen veit råd, her må det lagast band til å knytte under haka ;-) Ha, så de så. For hue må ein ha når ein blir barnehageprins om ei lita veke. Sjølv om det er lov å håpe at det blir laaangt på høst før vi trenge ta den i bruk. 

Hua skal vere med på pinnekroken sin utfordring. Fargane er forskjellige nyansar av blå, og har sydd på ein liten båt, for å gjere den enda litt meir maritim.


Hua er delvis strikka etter ei oppskrift av nøstebarn (fanamønsterhua deira), men hadde ikkje nøstebarngarn, så derfor brukte eg drops merino ekstra fine (måtte bruke opp nokon restar). Sidan garnet ikkje var rett, måtte eg "fikse" litt på oppskrifta. Båten er derimot min egen, teikna for hand på rutepapir og sydd på for hand :-)



Ha ein strikkefin aften :-)

Posted by Picasa

tirsdag 2. august 2011

I dyreparken



I år har vi kost oss heime i ferien og kun tatt nokon dagsturar her og der. Bl.a har vi vore i dyreparken på Karmøy. Har høyrt mykje positivt om den, og må virkelig seie meg enig. Ein kjempe fin dyrepark med mange forskjellige dyr. Vi koste oss stort.



Påfugl :-)


Alpakka.







Fysj, nokon litt mindre koslige dyr. Heldigvis var dei trygt inne i bur.




Innom kafeen måtte vi og, pølser og brus :-)


Lemurar hadde dei også, litt artig fordi vi drive å spøke med at Theo er i slekt med dei. Årsaken er den at Theo sove så utruleg lett, våkne av den minste lille lyd. Kvar kveld så er vi likevel innom å sjekke at han har det fint før vi legge oss, og då sprette han opp akkurat som en lemur.










Ha en fin kveld helsing mammaen til en liten Lemur ;-)
Posted by Picasa

mandag 1. august 2011

Tur til Preikestolen

 Dagstur til Preikestolen :-)
Ein fantastisk tur, anbefalast til alle. Tar ca 2 tima å gå opp, litt kortare ned :-)



Vanvittig høgt ned, 604 m for å vere nøyaktig.




Mat smake ekstra godt ute :-)








Seletøy på minsten er absolutt nødvendig.





Nydelig natur.


Slitsomt å "gå" heilt til Preikestolen og tilbake ;-)


Posted by Picasa
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...