Sider

mandag 27. februar 2012

Buksestoff i lange baner


Stoff og stil har salg og blandt salgsvarene var stoff til buksa over. Eg forelska meg heilt i buksa og bestemde meg fort for å sy ei sånn til prinsen, men kor mykje stoff trenge ein for å sy ei bukse i str 104??

Usikker som eg var tenkte eg, 3 meter?? Holdt det??

Æh....for å seie det fint, det holde i masse vis og enda litt til :-)



Altså, stoffet var 3 meter langt og 2 meter bredt :-/


Eg kan rett og slett ikkje anna enn å le. Det gjorde mannen min og, mens han små frekt lurte på om det var Pittbull Terje eg hadde tenkt bukse til.

Han må berre passe seg, ellers så kan det bli bukse på han og ;-)

Jaja, sånn er det, har lært litt ja.

Ellers er eg super fornøgd med pakken fra stoff og stil, fikk masse kjekt tilbehør. Nokon knappar til ei jakke eg har strikka. Bjeller til ein slange eg skal sy, nokon fine strykemerker og anna kjekt :-)



søndag 26. februar 2012

Vår

I dag fikk eg skikkelig vårfølelse, og då måtte vi ta lunsjen ute. Passe vårfriskt og veldig koslig.

Prinsen syns det var kjempe stas å ete egg ute :-)



Litt muffins og kaffi smakte godt det og :-)

Itillegg vart det strikke litt, eg fann nemlig enda eit sånt nøste. Eg var sååå fornøgd når eg hadde strikka opp det andre nøste, til ei lenge planlagt hua. Overraskelsen var derfor veldig stor når eg oppdaga at eg faktisk hadde enda eit nøste av akkurat samme sort. Jaja, kjekt å ha eit skjerf så matche ;-)

Posted by Picasa

fredag 24. februar 2012

Breeekande fornøgd

Det er fredag, mannen har bursdag, vi har ete masse gode kaker og hatt hyggelig besøk. All grunn til å vere fornøgd.

I tillegg er sauakostymet til prinsen ferdig. Skulle hatt action bilde av prinsen, men tida strakk ikkje til i dag, så det får bli en annen dag. Strikkemammaen var likevel såååå fornøgd at ho like godt hoppa i kostymet sjølv. Om det er hovudet mitt som er lite, prinsen sitt som er stort eller??? Hua satt iallefall greit på oss begge ?

Bæææææ ;-)






Ha ei breeeekande fin helg.
Posted by Picasa

tirsdag 21. februar 2012

Ny kunst

Sjølv om det nærme seg eit heilt år siden vi flytta inn i huset, er enkelte veggar fortsatt litt tomme. Eg har derfor kjøpt inn nokon lerret som prinsen skal få male på. Første lerret vart brukt i dag og prinsen svingte malerkosten med stor iver. Litt fingermaling vart det også :-)








Ha ein kreativ kveld :-)
Posted by Picasa

Strikkemammaen i huset berre måtte.....

Et stykk sauekostyme, snart ferdig :-)

Når eg fann oppskrifta så berre måtte eg prøve å strikke det kostymet. Ivrig viste eg det til mannen min som kom med denne kommentaren: Ærlig talt, mååå du vere sånn super mamma. Det er jo så mykje enklare å kjøpe ett.

Dessverre klødde det for masse i strikkefingrane til denne mammaen til at eg kunne sjå vekk fra oppskrifta og kjøpe kostyme.

Kjempe fornøgd med at eg har klart å strikke det, oppskrifta var nemlig på engelsk og det her eg aldri prøvd på før. Heldigvis så var det mange flinke rundt om som kunne hjelpe meg, når eg sto fast. Glede meg til å få sydd det sammen og prøvd det på prinsen. Er veldig spent på om han vil ha det på seg. (mammen krysse fingra og tær, det var faktisk litt jobb med det :-/ )


 Ikkje nok med at oppskrifta var på engelsk, ein skulle bruke pinnar nr 15 også. Først tenkte eg, jippi tjukke pinnar = fort gjort. Dessverre oppdaga eg (etter runde 1), at så tjukke pinnar = kjempe tungt og må strikke seint, med mange pauser for ikkje å få senebetennelse = det tok tid :-(
(for ikkje snakke om at eg strikka halve vesten, for å oppdage at eg hadde strikka feil å måtte rekke oppigjen alt = ting tar dobbelt så lang tid)

Mannen i huset hadde berre en ting å seie; ka va det eg sa, det hadde vore såååå mykje enklare å kjøpe ett.
Må vel seie meg enig, irriterande nok, men det er mykje kosligare med heimelaga. Iallefall når ein er ferdig.


Nærbilde av dei strikka ulldottane :-)


Ha ein fin kveld

lørdag 18. februar 2012

Strikkkahue


Trur det var i august i fjor at eg kjøpte eit nøste med raggi garn fra Järbo. Syns det var så fine fargar i det og hadde lyst å strikke ei hue, men dessverre har det blitt liggande. Så kom Pinnekroken med ei ny utfordring "Den stor garnslankingen", og eg var i gang med ei hue til meg sjølv. Mønsteret kom av seg sjølv, siden garnet er fleirfarga.


Hua er allerede tatt i bruk :-)



 

Har du lyst å strikke ei sånn hue så trenger du eit nøste med Raggi garn fra Järbo 100 gram.
Eg brukte pinne nr 4.
La opp 108 masker og strikka 6 omg med to r og to vr.
Så er det berre å strikke r masker til arbeidet er 19 cm
Fell 8 masker jamt fordelt.
Ein omg r masker
Strikk 9 masker r to sammen, repiter omg ut.
Ein omg r masker
Strikk 8 masker r to sammen, repiter omg ut.
Ein omg r masker.
Fortsett sånn med ei rettmaske mindre mellom kvar felling.
Ta tråden gjennom alle maskene og snurp sammen.

Lykke til :-)

Posted by Picasa

søndag 5. februar 2012

just another magic sunday


søndagskos i bilder :-)


På lørdag kjøpte vi nokon store korger, mannen seier eg kan ha garn i dei. Eg er den første til å innrømme at garnlageret er stort, men ikkje så stort. (trur eg)


Prinsen syns dei var perfekte til å leike i.


Tittei


I det siste har det komme fleire nye ord hos prinsen, og idag gikk han til kjøkkenskapet, peika på mjølpakken og sa; bolla. Då måtte vi rett og slett lage bollar :-)


Klare sjøl :-)


Bakemester Theopus


Strålande fornøgd



og meget ivrig


for så å avslutte dagen med eit koslig besøk av oldeforeldrene i Haugesund og ete så masse boller ein berre orker.




Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...