Sider

tirsdag 29. januar 2013

Mine første strikkasokker :-)

 
Eg har strikka mitt aller første sokkepar :-)
Har lenge tenkt at eg burde lære meg å strikke sokkar, men syns det er så demotiverande å skulle strikke to heilt like :-/
Så for ca 4 -5 år sidan, så kjøpte eg eit nøste med Viking frøya strømpegarn 80% ull og 20% nylon. I den tru at berre fargane var motiverande nok, så fikk eg lyst å strikke sokkar. Lysten kom ikkje før på søndag, og to dagar seinare var sokkane ferdige. Det gikk fort, var egentlig ikkje så vanskelig og resultatet vart fult brukande, så det kan vere at min motstand mot å strikke sokkar er borte :-)
(iallefall så lenge vi snakker barnesokkar)
 
 
Sokkane vart litt i minste laget for prinsen vår, men men...
Eg er fornøgd likevel, finner sikkert alltid nokon som trenger et par sokkar i str 18 mnd.

 
Sokkane er strikka på pinner nr 3,5 og oppskrifta er fra dropsdesign.no


Måtte berre avslutte med et lite tåbilde, rett og slett fordi eg vart ganske så fornøgd med den tåfellinga :-)

 
Ha ein fin strikkekveld.

fredag 25. januar 2013

Restegarn tøfler

 
Endelig litt fart på strikkepinnane igjen, det var på tide, etter en lang pause. Då var det kjekt å begynne med noko lite. Pinnekorken har utfordring denne mnd, som heiter restegarn og premien var så fristande at eg berre måtte finne strikkeformen igjen.
 
Valget falt då på et par tøfler i str 0-3 mnd, og garnet er rester etter en kjole eg strikka i høst.
 
 
Rillestrikkede DROPS tøfler med heklekant i ”Baby Merino”.


 
Rundt kanten er det hekla ein picot kant.

 
Restegarnberget er dessverre ganske stort, så eg burde strikka mykje meir fra det, men dette var iallefall en liten start.
Tøflene har ingen eigar enda, men alltid kjekt med litt småstrikk i gavekassen :-)
 
Ha ein fin kveld.
 





tirsdag 1. januar 2013

Godt nytt år !!

 

Godt nytt år!!

Håper alle har hatt ei kjempe fin jul og ei flott nyttårsfeiring. Her i huset koste vi oss med god mat og hyggelig familiebesøk.
 
 
 
 
 
Til dei som lurte på om bloggen var nedlagt, nei, berre formen som ikkje har vært heilt der den skulle være. Då er dessverre bloggen noko av det som blir nedprioritert. Forhåpentligvis er formen stigande no, så då satse eg på litt oppdatteringar framover.
 
 Så i stedet for blogging har mykje av tida blitt brukt til sofasliting.
 
 
Til slutt må eg berre hive med blide av den flotte lille prinsen vår, på vei til nissefest i barnehagen.



Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...