Sider

torsdag 21. april 2011

Påskestrikk


Påskestrikk er viktig, til no har eg storkost meg med å strikke på monsterbuksa, men plutselig var eg tom for lyseblå :-/ Prøvde få tak i meir, men var utsolgt så eg må vente til etter påske. Planen var då å hekle ei hue, men jammen meg var dei utsolgt for fargane eg skulle ha også. Skal ikkje vere enkelt.



Som de ser over er det ikkje mykje igjen. Håpe ho som bestilde buksa blir fornøgd. Eg syns iallefall denne buksa vart mykje finare enn den eg strikka sist. Denne gangen brukte eg drops merino ull, veldig fornøgd med det valget. Kjem definnitivt til å strikke med det garnet igjen.

Vel, til tross for manglande lyseblå til buksa og ull til hua, så er eg ikkje uten strikketøy ;-) Alltid noko på lur. Tenkte eg skulle prøve meg på å teikne mønster til det prosjektet sjølv, så får vi sjå om det blir noko bra. Fortsettelse følger .... :-)

Ha en fin kveld.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...