I dag kom endelig sommaren, og som skikkelig vestlendingar kasta vi oss ut og vart der heile dagen. For vi veit så alt for godt at det er viktig å nytte kvart eit minutt, for ingen veit kor lenge det er til neste solfylte dag. (sjølv om eg håpar av heile meg at det varer heilt september :-)
Hagen blomstrar (og gror litt igjen, skulle luka men..... til helga kanskje??) Blomsten under, sikkert egentlig eit ugras, har funne sin plass på plenen. Måtte skunde meg å ta eit bilde av den før grasklipparen kom å tok den.
Enda ei smekke såg dagens lys i går kveld :-)
Snart på tide med nye stoff og farga ;)
Kaffien smakar alltid best ute i det fri.
Prinsen vår elske å vere ute, så han var storfornøgd i dag. Litt tull og tøys forann kamera er alltid kjekt :-)
Ha ein fin sommarkveld :-)
Tusen takk for alle fine kommentara, varmer langt inn i hjertet :-) Fortsett gjerne med det ;-)
Velkommen til nye følgarar også :-)
Eg trur vi kalla den smørblomst, men ikkje sikker.
SvarSlettTror jeg er enig med mor, men der var en enda finere "smørblomst" Som jeg håper ikke gressklipperen tok. Og at kaffen smaker best ute er jeg helt enig i. Jeg har også vært ute i hele dag, nesten. Klem farmor.
SvarSlett