Sider

fredag 1. juli 2011

Litt tips

Vel eg og symaskina mi har hatt ei trøblete tid saman, så då lure du kanskje på kva tips eg kan komme med. Nokon gode eksempel ville vore: Korleis lage knute på tråden, ødelegge papir, rive hull i stoffet..... vel lista er uendelig. Eg trur eg har klart det meste. Bortsett fra å knekke nåla då, den er faktisk fortsatt heil. Nei da, eg har faktisk tenkt å komme med nokon ordentlige tips, gode tips som mi farmor gav meg. Etter at eg fikk dei tipsa, over tlf (tru det eller ei) har eg og symaskina mi fått eit litt betre forhold.



Hjulet eg peikar på har faktisk ein funksjon. (Du sitte kanskje å ler no, men for en stakkars uvitande så var det god lærdom.) Den regulerer spenninga på tråden, og når du lager vaver, knutar ++ med tråden når du syr, så kan det vere fordi dette hjulet står feil innstilt.
Mi farmor sitt råd var, finn ein prøveklut (legg den dobbelt, er jo stortsett det ein syr) og sy mens du skrur på hjulet. Når maskina syr fint, uten å tulle så har du mest sansynlig truffe. Eg har min på 3, men farmora mi, viss eg huske rett har sin på 4,5, så dette varierer.
Ting vart iallefall mykje lettare her i huset, når eg fikk stilt inn dette hjulet :-)



Så til neste innstilling. No er ikkje alle maskiner like, men eg viser slik du gjere det på mi og håper det kan vere til litt hjelp iallefall.


Fikk spm om eg hadde overlockmaskin, det har eg ikkje, men eg brukte ein søm som ligne. Først stilte eg inn (sjå kor eg peike på bildet under.) slik at eg kom til der det sto stretch på maskina.

Så stilde eg inn (sjå bildet under kor eg peike) ka søm eg ville ha.


Eg tok den (sjå kor eg peike) fordi den ligne mest (syns eg) på sånn overlocksøm. Fungerte supert hos meg.


Så er det berre å sy ivei :-)

Mønsteret til smikka fann eg i denne boka. (sjå under)
Genial bok, så enkle og greie mønster. Denne boka kjem til å bli godt brukt :-)


Ha ein fin kveld. Håper at tipsa kunne vere litt til hjelp.









Posted by Picasa

3 kommentarer:

  1. gode tips regner eg med, sjølv om eg verken har symaskin eller prøvd meg so masse på det :P

    SvarSlett
  2. Tusen takk for gode tips! Jeg er helt i startgropa innen symaskinbruk, derfor var dette helt supert for meg - og jeg ler ikke, for symaskinproblemer er alvorlige greier!!

    SvarSlett
  3. Jeg har ønsket meg symaskin lenge, sydde mye rart med mammas gammle da jeg enda bodde der.
    Men nå synes jeg det hele er litt skummelt så blir utrolig glad for gode tips. ;)
    Bare det å få tredd inn tråden rett kan være en utfording..haha

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...