Sider

lørdag 29. januar 2011

Stempling på lys

Ei fantastisk god veninne av meg vart i går uteksaminert som psykolog og eg fikk lov å vere med på banketten der ho fikk utlevert vitnemålet sitt. Gjett om eg var stolt av ho, syns ho er såå flink. I den anledning syns eg ho fortjente ei gave, dvs det vart litt div gaver. Litt heimelaga og litt kjøpt. Her er bilde av ein av dei heimelaga gavene, iallefall litt heimelaga. Kjøpte eit kvitt lys som eg stempla sjølv:-)


Stempla to stempel på rispapir, begge stempla er fra Kreativ hobby. Klipte rispapiret til passe størrelse.


Så henta eg fram varmluftspistolen min og smelta rispapiret fast til lyset. Trikset er å gjere lyset så varmt at rispapiret smelte inni, samtidig så du ikkje må få lyset så varmt at det begynne å renne. Greit å ikkje svi fingrane og for det blir ganske så varmt :-) Gikk relativt bra syns eg :-)









Vart eit personlig lys, dette komme eg til å gjere fleire ganga. Har tidligare prøvd å gjere det same med bilder, men skrivaren min er dessverre for dårlig til at bildene blir bra :-( Så det får bli når eg får ny skrivar ein gang.






2 kommentarer:

  1. såg veldig bra ut, kjekt med personlege lys =)

    SvarSlett
  2. Slett ikkje dumt, vart veldig fint.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...