Sider

onsdag 28. mai 2014

Hekla blomstereng


Døgnet skulle hatt nokon ekstra timar og dei timane skulle eg brukt på to ting, soving og handarbeid :-)
Akkurat for tida så held eg på med litt for mange forskjellige prosjekt og ingen av dei er ferdige. 
Så trur eg må ta meg litt i sammen og få fullført nokon. Har nemlig ei heil liste over andre ting eg har lyst å strikke og hekle. 


Siste lille (store) prosjektet har vært disse hekla blomstene. Nokon lurte på om eg kunne hekle eit babyteppe til dei, eg var litt i tvil siden det såg ut som masse jobb, men lova å prøve oppskrifta. Det viste seg at det var mykje meir jobb enn eg trudde til og med, så det blir ikkje noko babyteppe av disse blomstene. 
For at jobben eg allerede har gjort ikkje skal være til inga nytte, tenker eg å hekle litt til så kan Tilde få det som dukketeppe en gang. (Vi får sjå når det blir ferdig ;-)


Blomstene er hekla med bommulsgarn, og oppskrifta er forsåvidt enkel å forstå og huske, men tar likevel tid. Planen for i morgon, viss eg får tid, er å gjere ferdig et strikka panneband. Veldig lite som mangler før det er ferdig. 
Ha en fin kveld. 

2 kommentarer:

  1. Alt tar sin tid om det er vanskelig eller ei. Disse hekla blomstene kan du jo også bruke til dekor. Nydelige!

    God onsdag fra Ingunn

    SvarSlett
  2. Vart fine blomstrar og ville nok blitt eit flott teppe om du hadde klart å lage nok blomster.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...