Prinsen vår syns turn er heilt fantastisk og gleder seg til turnleik kvar torsdag. I dag var det tid for årets juleforestilling og partiet hans skulle kle seg ut inspirert av filmen "den lille havfruen." Dette har eg vist i ca to veker, har og vist at eg då ville kle han opp som krabbe. Likevel ender eg opp med å lage kostymet dagen før :-/
Selvgjort er velgjort heiter det, så derfor bestemte eg meg for å lage deler av kostymet sjølv. (Ikkje at eg hadde så mykje valg heller, ein lørdagskveld.) Fann ein gammal genser, teikna malar på matpapir og klipte i vei.
Akkurat her i prosessen, kikkar min mann på meg og seier så fint; "du skal ikkje begynne å lage det sjølv?" Så skeptisk.
(Mulig pga mitt litt trøblete forhold til symaskina og at klokka nærma seg 22 på kvelden.)
Vart litt skeptisk sjøv også då, med tanke på at eg ikkje er så veldig god med symaskina, klokka var nesten legge tid og eg var ganske så forkjøla. Likevel fann eg ut at eg hadde lite valg, prinsen min måtte jo ha eit kostyme.
Så eg berre bestemte meg for at dette måtte eg få til, sydde sammen hua og limte på augene som består av kvite filtrundingar og beveglige auger fra søstrene grene.
Resultatet ser de under og eg må berre seie at til å ikkje kunne sy så er eg meget fornøg, hua vart mykje betre enn eg frykta.
Resten av kostymet var ein raud ullstilongs og ein raud gensar, enkelt og greit. Det viktigaste er at prinsen vart fornøgd og då er eg fornøgd.
Mammahjertet smelta jo litt når han så fint seier til meg; "mamma du er så flink".
Han storkoste seg på forestillingen sammen med sin pappa :-)
Ha ein fin kveld.
Ja det var ikke bare mammahjertet som ble stolt, det ble jeg jammen også, av en så kreativ mamma. Du er kjempeflink, og det ble den flotte krabben, En slik krabbe kan selv jeg like. Ikke rart han sa du var flink.
SvarSlettFor ein flott krabbegutt og flink mamma.
SvarSlettVeldig fint og kreativt!
SvarSlett