Sider

mandag 2. desember 2013

DIY hekla julegave og brente mandler

 
Ammetåka ligg tjukt her i huset for tida, blir nesten litt imponert over alt eg klarer å gløyme for tida. Eg har vist ei god stund at eg skulle på julebord med klubbveninnene mine søndag, og der skulle vi ha pakkeleiken. Så koslig og eg hadde ein plan for kva gaven skulle være, men dette forsvann heilt fra mitt minne og dukka oppigjen lørdag kveld etter butikkane si stengetid :-(
Så irriterande, men veldig lite å gjere med, utenom å finne på noko lurt eg kunne lage sjølv.
 
Heldigvis har eg masse garn, og etter litt jakt på nettet kom eg over ei oppskrift på dropsdesign sine sider. Sjå her om du vil prøve deg på den samme.
Fann fram heklenål nr 3 og nokon tima seinare så var "blomsten" under klar.
 
 
Litt knotete oppskrift i starten, men når ein først kom inni det var den kjekk å hekle. Kommer til å hekle fleire av disse :-)

 
Så fant eg fram eit lite "syltetøyglass" eg hadde liggande (kjøpt på clas olson).

 
Fann fram eit juleband eg har kjøpt på søstrene grene.
Eg er veldig glad i handarbeid og hobbyting, så heldigvis har eg litt liggande ;-) Noko som kjem godt med i krisetider.

 
Så fann eg fram mandlar, sukker og vann og vips så hadde eg brente mandler :-)
Veldig godt og passa fint oppi glasset.
Oppskrifta eg brukte på dei var:
250 gram mandler
1 dl vann
1 dl sukker
 
Dette var meir enn nok til å putte i glasset, samt litt å ha her heime også :-)
Synd å lage noko godt og ikkje kunne smake på sjølv.

 
La ved ein julete som eg tilfeldigvis hadde kjøpt inn på julemarkedet tidligare på dagen, den er fra Amundsen spesial. I tillegg bretta eg ei lita julestjerne, berre for pynten si skuld og vips så var gaven klar :-)

 
Vart ganske så fornøgd med gaven tilslutt og kommer nok til å lage litt meir av denne typen gaver i framtida.

3 kommentarer:

  1. Jammen er du snartenkt! Jeg hadde stresset byen rundt etter søndagsåpne butikker :P Kjempefin gave. Blomsten ble flott!

    SvarSlett
  2. Ja har i grunn samme kommentar som tante Britt, og jeg er sikker på at denne gaven ble sett minst like stor pris på som en kjøpt gave. Nydelig.

    SvarSlett
  3. Skal sei du er kretiv, blei ei flott gave.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...