Eg har strikka mitt aller første sokkepar :-)
Har lenge tenkt at eg burde lære meg å strikke sokkar, men syns det er så demotiverande å skulle strikke to heilt like :-/
Så for ca 4 -5 år sidan, så kjøpte eg eit nøste med Viking frøya strømpegarn 80% ull og 20% nylon. I den tru at berre fargane var motiverande nok, så fikk eg lyst å strikke sokkar. Lysten kom ikkje før på søndag, og to dagar seinare var sokkane ferdige. Det gikk fort, var egentlig ikkje så vanskelig og resultatet vart fult brukande, så det kan vere at min motstand mot å strikke sokkar er borte :-)
(iallefall så lenge vi snakker barnesokkar)
Sokkane vart litt i minste laget for prinsen vår, men men...
Eg er fornøgd likevel, finner sikkert alltid nokon som trenger et par sokkar i str 18 mnd.
Sokkane er strikka på pinner nr 3,5 og oppskrifta er fra dropsdesign.no
Måtte berre avslutte med et lite tåbilde, rett og slett fordi eg vart ganske så fornøgd med den tåfellinga :-)
Ha ein fin strikkekveld.